Kvalitet skal bane veg for norsk ull
Ull er ein del av den norske folkesjela, men norske strikkegenserar vert ikkje produsert i Noreg. No forskast det på korleis kvaliteten på norsk ull kan sikrast for å bidra til at vi på sikt kan utnytte meir av vår egen ull og få ein meir bærekraftig tekstilindustri.
Å bruke lokalprodusert mat er ‘in’. I tekstilmarknaden har ‘onshoring’, etablering av tekstilnæring i eige land, tatt seg opp i USA og Storbritannia. Internasjonalt er ‘slow fashion’ – kortreiste og bærekraftige klesplagg av god kvalitet – ein aukande trend.
NIBIO arbeider med å sikre kvaliteten på norsk ull, mellom anna ved å fremje kunnskap om variasjon i ullkvalitet og gjennom avlstiltak. Arbeidet er ein del av det tverrfaglege prosjektet Krus, som har som mål å få fram kvaliteten i norsk ull og betre marknaden, marknadsføringa og verdien av norskprodusert ull.
– Noreg har råvarer i verdsklasse og ein tekstilindustri med stort potensiale, meiner Tone Skårdal Tobiasson, redaktør for NICE fashion (Nordic Initiative Clean & Ethical fashion) og medarbeidar i Krus-prosjektet.
Målet med dette prosjektet er å få til det same med tekstil som det vi har sett med kortreist, lokal mat. Produktet blir ofte dyrare, men betalingsviljen for eit slikt produkt er gjerne høgare.
Det er i dag lite fokus på ulla i Noreg - berre 20 prosent blir vidareforedla i Noreg.
– Dei fleste norske sauabønder har hovudinntekta si frå kjøtproduksjon, seier Lise Grøva, forskar ved NIBIO.
Norsk ull og kvalitetane ved dei ulike rasane, spelar ei vesentleg rolle for norsk tekstiltradisjon. Det er ei særleg utfordring med eldre sauerasar fordi kvaliteten på enkelte av ullsortane går ned.
– Det må ei endring til. Ull er eit fantastisk produkt som kan brukast til mykje og det er viktig at det blir lønsamt for bonden å ha fokus på ullkvalitet, seier Grøva.
KONTAKTPERSON
Lise Grøva
Forsker
-
Divisjon for skog og utmark
(+47) 909 54 835 lise.grova@nibio.no Kontorsted: Tingvoll
Føremål
Bruk av norsk ull kan bidra til ein meir berekraftig mote og tekstilindustri. Det er viktig med auka medvit kring dette i Noreg.
Samarbeid: SIFO, NICE fashion, Norsk sau og geit, Fagsenteret for ull/Animalia
Finansiering: Norges Forskningsråd
KONTAKTPERSON
Lise Grøva
Forsker
-
Divisjon for skog og utmark
(+47) 909 54 835 lise.grova@nibio.no Kontorsted: Tingvoll