Ny kunnskap om dyrkbar myr
Ein kartbasert metode gir betre kunnskap om dyrkbart areal i Noreg, og kor mykje av dette som er myr.
I analysen er ulike datakjelder kopla saman for å vise ressursgrunnlaget til landets gardsbruk.
Basert på det nye datasettet kan ein vise dyrka og dyrkbart areal og ulike jordtypar fordelt på fylke, kommunar eller den enkelte landbrukseigedom.
- Samansettinga av dyrkbar mark er nødvendig kunnskap når klimakonsekvensane av å nydyrke blir diskutert. For enkelte kan myr vere det einaste arealet tilgjengeleg for nydyrking, for andre er myr av mindre betydning, kommenterer Geir Harald Strand som har leia arbeidet.
- Det er store skilnader mellom ulike delar av landet. Variasjon kan det og vere mellom gardsbruk lokalt.
Det nyskapte kartet gir forvaltning og grunneigarar eit verktøy for vurderingar knytt til nydyrking. Til dømes er informasjon om eigedomstilhøve og naturvernområde tatt omsyn til. Om jorda er i drift som eige- eller leigeareal er og sjekka ut.
Rapporten Arealstatistikk: Dyrkbar myr viser at Noreg har 12,8 millionar dekar dyrkbar jord. Av dette utgjer myr vel ein tredel, eller 37 prosent. Dyrka areal er rundt ni millionar dekar.
Modell med rom for alternativ
Strand presiserer at ulike føresetnader kan gi ulike resultat når data vert analyserte:
- Fordelen ved eit dokumentert, nasjonalt datasett i botnen, er at det er relativt enkelt å gjere nye berekningar. Resultata er transparente og enkle å samanlikne. Dette er eit døme på god informasjonsberedskap som gir grunnlag for eit faktabasert ordskifte, legg Strand til.
Datasettet inneheld 22 millionar polygon, eit uttrykk for kor mange delområde som er handsama. Ny teknologi gjer det mogleg å få ny kunnskap ved å kople saman store datamengder.
KONTAKTPERSON
Geir-Harald Strand
Forskningsleder
-
Divisjon for kart og statistikk
(+47) 415 01 640 geir.harald.strand@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg O43
Formål
Å utarbeide dokumentasjon til nytte ved vurdering av nydyrking lokalt, regionalt og nasjonalt
Finansiering: Landbruks- og matdepartementet
KONTAKTPERSON
Geir-Harald Strand
Forskningsleder
-
Divisjon for kart og statistikk
(+47) 415 01 640 geir.harald.strand@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg O43