Hopp til hovedinnholdet

Meir myr enn antatt

9d blautmyr_såttåhaugen vangrøftdalen_os_120705_ynr_cropped

Blautmyr en den myrtypen det er minst av i landet, han utgjer kring tre prosent av samla myrareal. Dette er djup myr med dårleg bereevne, og avgrensa artsutval. Opne parti og vasspyttar er vanleg. Foto: Yngve Rekdal.

Myra er ein stor svamp, metervis av torv med dødt planteliv, og eit univers av levande skapningar. Myra er karbonlager, flaumdempar, rasteplass for trekkfuglar og samstundes under sterkt ytre press.

Ferske tal viser at myrarealet i Noreg er langt større enn tidlegare anslått. Dette framgår av Arealrekneskap for utmark, eit ti-årig kartleggingsprosjekt som vart avslutta i 2015. Undersøkinga viser at åpen myr dekker nærare ni prosent av samla areal. Tidlegare estimat har anslått omkring fem prosent.

- Fram til i dag har vi hatt dårleg kunnskap om myrareala i Noreg, fortel Anders Bryn, NIBIO-forskar og førsteamanuensis ved Naturhistorisk Museum, Universitetet i Oslo.

 

Datafangst bit for bit

Den nye statistikken for myrareal er framkomen som eit resultat av meir enn 1000 kvadratkilometer store representative flater som er gått opp i terrenget landet rundt. Tidlegare estimat har i stor grad vore baserte på flyfoto der myr kan vere vanskeleg å oppdage.

Etter å ha tråkka landet felt for felt, kan dei no med større tryggleik seie meir om utbreiinga av myr.

- Manglande fokus på myr som økosystem er nok ein del av forklaringa på kvifor arealestimata for myr har vore usikre fram til i dag, seier Bryn, og held fram:

- Sjølv om vi no har betre estimat over areal med myr, bør kartlegginga bli styrka framover. Systematisk kartlegging av natur er nødvendig for å harmonisera verdivurderingar, rødlistearbeid, bevaringsmål og ressursutnytting.

9c grasmyr4_hanksjøen nord kjurrudalen_os_090807_ynr_cropped.jpg
Snaut to tredelar av myrarealet i Noreg er grasmyr. Plantene her er i kontakt med jordvatnet, og desse myrene kan bli veldig artsrike når dei ligg på kalkgrunn. Foto: Yngve Rekdal.

Haldning i endring

Gjennom tidene har torv frå myr kome til nytte på ulike vis. Torv og myrmosar er blitt brukte til brensel, isolasjon, damebind og sårkompress. I moderne tid har både landbruket og andre næringar grøfta og tørrlagt myra for å ta henne i bruk til nydyrking, skogsdrift eller som tomteareal.

Dei siste åra har synet på myra endra karakter. Ein er blitt klar over kor viktig ho er for biomangfaldet, og ikkje minst - for å binde karbon. Torvmosane i myr er best i verda på nettopp dette. Tre prosent av verdas areal er dekka av torvmark. Her blir det i sum lagra to-tre gonger så mykje karbon som i verdas tropiske regnskogar.

Ei av dei tydelege stemmene for myr i samfunnsdebatten, er Sabima, Samarbeidsrådet for biologisk mangfold.

- Det er positivt med sikrare kunnskap om kor mykje myr vi har, kor ho finst og ikkje minst – i kva forfatning myra er i, kommenterer Anne Breistein, assisterande generalsekretær i Sabima.
 

- Trygge tal gir grunnlag for betre forvaltning, og det treng vi verkeleg for myr, seier ho.

Breistein er nøye med å presisere at vi ikkje må ta dei nye tala til inntekt for at det ikkje er så nøye om vi tar litt av myra.

- Sånn er det ikkje, seier ho.

- Vi veit no berre betre kor det er myr – og når vi øydelegg noko som faktisk er myr. Tar vi ut torv eller grøfter ei myr, blir den fine balansen mellom karbonbinding og karbonutslepp øydelagt. Biologisk mangfold går tapt, vi får store klimagassutslepp og auka fare for flaum, forklarer Breistein.

Dette er bakgrunnen for at Sabima, Framtiden i våre hender og Avfall Norge har gått saman om eit brev til Klima- og miljødepartementet der dei ber regjeringa laga ein plan for utfasing av torv.

kysttorvmose Sphagnum austinii_Kristian Hassel_NTNU.jpg
Krekling og kysttorvmose Sphagnum austinii. Torvmosen er naturens konserveringsmiddel, tidlegare brukt mellom anna til vinterlagring av rotgrønnsaker. Fordi han er steril og held godt på fukt, vart mosen under første verdskrig brukt til sårkompress i mangel av bomull. Foto: Kristin Hassel, NTNU Vitenskapsmuseet.

Torv er ei det beste

Dei alvorlege konsekvensane av torvuttak har og fått merksemd via all torva som er i handelen til hagebruk. Rundt 85 prosent av hagejorda som blir seld på norske hagesenter er torv frå myr, og mykje av denne er tatt ut i Noreg.

- Frå avfallsbransjen si side, flaggar vi inn kompostbasert jord som eit alternativ til torv, fortel Jens Måge, prosjektleiar for biologisk avfallsbehandling i Avfall Norge, bransjeorganisasjon for kommunar og renovasjonsselskap.

- Torvmosen er i seg sjølv svært næringsfattig, og må tilførast gjødsel for å brukast som vekstmedium, seier han, og legg til:

- Kompost av matavfall og anna organisk materiale er både miljøvenleg og gir god ressursutnytting, i tråd med den sirkulære økonomien som er målet for alt vi held på med.

Også anna organisk materiale som slam og hogtsavfall er eigna til produksjon av alternativ som kan erstatte torv. Hageaktørane arbeider no for å få fleire slike erstatningsprodukt ut på marknaden.

 

Framtidig ressursutnytting

Myr er eit karbonlager på linje med olje og gass, bygd opp av tusenvis av år med dødt plantemateriale som ikkje er brote ned fordi myra stenger oksygenet ute. Mikroorganismane som vanlegvis bryt ned alt som dør, klarer ikkje leve i dette fuktige, kjølige miljøet. Dermed blir ikkje karbonet brote ned, eller sleppt ut som karbondioksyd, men lagra i myra.

Lag på lag med torvmosar, opptil fem-seks meter djupe, utgjer det vi kjenner som myr når vi trør rundt i utmarka.

- Fordi denne torvopphopinga har skjedd gjennom så lang tid, er det utfordrande å restaurere myr på ein slik måte at ho tar vare på evnen til å halda på karbonet, seier Anders Bryn. 

- Høgare temperaturar og endra nedbørsfrekvens kan i seg sjølv føre til auka mengder karbon- og metanutslepp i atmosfæra, og såleis fremme den negative klimautviklinga. Spesielt alvorleg for klimaet er frigjerning av metan frå frosne myrer i høgfjellet og Nord-Noreg.

Bryn meiner difor forslaget frå grøn skattekommisjon er eit lite steg, men i riktig retning. I forslaget ber dei om å innføre CO2-avgift på klimagassutslepp frå omdisponering av myr.

- Myrområda i nord er avgjerande for velfungerande økosystem og dei godene vi får som bonus, tilføyer Bryn. Gratis flaumdempar er i seg sjølv grunn god nok til å verne myra.

- Så kan fagfolk som oss halde fram med vidare kartlegging og dokumentasjon for å bidra til betre forståing av myras øko- og klimasystemtenester.

Fakta

  • Det er om lag 28 300 km2 myr i Noreg, noko som utgjer 9 % av landarealet.
  • Trøndelag er den store myrregionen: 
  • 18 % av Sør-Trøndelag og 17 % av Nord-Trøndelag er myr.
  • Minst myr er det i dei fire fylka rundt Oslofjorden: Her er det kun 1 % myr.
  • I Finnmark dekker myrene 12 %, i Troms 5 % og i Hordaland 3 % av landarealet.
  • Ingen planteslekter er viktigare for karbonbalansen på jorda enn torvmosene. Dei dekker 3 % av verdas areal, men lagrar to-tre gonger meir karbon enn alle verdas regnskogar.  
  • 550 milliardar tonn karbon er lagra i torv.
  • Torvmosen kan halda på 25 - 40 gonger si eiga tørrvekt med vatn – mykje meir enn dei naturlege svampane.
  • I norske våtmarker lever 47 av Europas 50 torvmosar.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.

Publikasjoner

Abstract

Myr er ein viktig naturtype med eit særeige artsmangfald. Myrene er viktige for omregulering, og dei utgjer eit stort karbonlager. I Noreg er myrarealet 28 300 km2 og utgjer 9 % av landarealet. Dette viser tal frå prosjektet «Arealrekneskap for ut- mark» som no er presentert for heile landet. I tillegg til myr kjem 9 400 km2 anna forsumpa areal i form av sumpskog, som er 3 % av landarealet. Samla forsumpa areal utgjer da 12 %.