Hopp til hovedinnholdet

På sporet av fôret

12-56-På sporet_osv_20180726-9152_nedlagt-jord_Kalvika_Sørfold_Nordland__kl-1527_Foto Oskar P

Foto: Oskar Puschmann

Kan jord ute av bruk bli ein del av vår nasjonale matberedskap? Årets tørkesommar viste at vi treng oversikt over grasareal som ikkje blir nytta. Fagfolk i NIBIO tok på seg oppgåva med å finne det ut.

Dei fann at rundt ni prosent av all dyrka mark i Noreg, eller 800 000 dekar, er slikt areal. Jorda er ute av bruk, men kan likevel utgjere eit nasjonalt reservelager for gras.

Tørkesommar og fôrkrise sette klima på dagsorden. Media var prega av brunsvidde jorder og dyr som mangla gras. Areal som ikkje hadde vore i bruk på årevis kom til ny nytte.  

Dette var situasjonen som sette to NIBIO talknusarar på sporet av fôret. Samfunnsgeograf Henrik Forsberg Mathiesen fortel:

– Vi må førebu oss på det uventa. Om ikkje det er tørke, så kan mykje regn eller andre klimaendringar gi behov for alternative område å hauste mat av når krisa rammar. Da treng vi og å vite kor slike areal finst, og kor store dei er, seier han.

Svaret låg i å kople data for dyrka mark frå det nasjonale arealressurskartet AR5 med eigedomsdata frå Statens kartverk og registeret for bøndene sine årlege søknader om produksjonstilskot.

– Når bøndene søkjer, må dei oppgi kor areala som dei søkjer tilskot for er, og kor store dei er. Dermed får vi eit bilete av areal i drift, forklarer Mathiesen.

Samla jordbruksareal minus summen av arealet bøndene søkjer tilskot = areal ute av drift.

Bør bli nasjonalt ansvar

Frå ulike hald blir det tatt til orde for eit nasjonalt ansvar for å lage denne oversikta på fast basis. Fagleg koordinator i NIBIO, Geir Harald Strand, er open for tanken:

– Statistikk som den vi utarbeidde, kan hjelpe lokal landbruksforvaltning og bønder med å finne ledige areal for auka produksjon, seier Strand.

Som ein del av matberedskapen det vere aktuelt å hauste desse areala sjølv om det ikkje blir drive aktivt jordbruk der.

Statisikken kan og inngå i politikkutforming og val av verkemiddel for å møte framtidige fôrkriser.

 

Føremål

Sette saman og bruke ulike datakjelder for å gi oversikt over areal med graspotensial

Finansiering: Landbruks- og matdepartementet