Mykje meir myr i Noreg enn tidlegare antatt
Nye tal for vegetasjonen i Noreg viser at nær ni prosent av landarealet er myr. Det er nesten femti prosent meir enn tidlegare kartdata har lagt til grunn.
Den ferske statistikken gir eit samla bilde av norsk vegetasjon, kvar han er og kor mykje som finst. Eit sentralt funn er 8,9 prosent myr, og ikkje 5,8 slik dagens kartdata viser.
– Eit mykje høgare myrareal enn vi til no har lagt til grunn, får mellom anna konsekvensar for utrekninga av karbon lagra i myr, fortel Anders Bryn, forskar ved NIBIO og førsteamanuensis ved Naturhistorisk museum, UiO.
Saman med fleire NIBIO-kollegaer har Bryn kartlagt vegetasjonen i Noreg.
Første arealrepresentative statistikk
Ei utvalskartlegging består av eit sett flater som skal representere landet samla. Flatene blir undersøkt gjennom feltarbeid.
– For første gong har vi arealrepresentativ statistikk for vegetasjonen i Noreg. Slik kan vi presentere tal for heile landet – utan at heile landet er kartlagt, seier Bryn.
Kunnskapen om utmarka har til no vore mangelfull. Informasjonen har vore prega av grove kart med få kategoriar for natur og utmarksressursar. No er norsk natur undersøkt og sortert i heile 54 typar.
– Detaljerte kart finst, men kunnskapen vi har hatt, har vore litt tilfeldig – av mangel på systematiske undersøkingar, seier Bryn.
Nyttig ny kunnskap om natur
Fordi vegetasjonen reflekterer økologi, klima og berggrunn der han finst, kan undersøkinga brukast til ulike føremål innan arealbruk, natur- og ressursforvaltning. Anders Bryn utdjuper:
– Eit aktuelt tema er positiv bruk av naturen vurdert mot slitasje, og best mogleg å ta vare på biologisk mangfald. Våre data kan vere nyttige ved alt frå traséval for utmarksløp og sykkelritt, til planlegging av hyttefelt.
Andre føremål er beitebruk og beiteverdi for husdyr, skogforvaltning, nydyrking og vegbygging. Eller som referanseverdiar før utbygging, overvaking av gjengroing og klimaendringar.
KONTAKTPERSON
Anders Bryn
Forsker
-
Divisjon for kart og statistikk
(+47) 930 39 782 anders.bryn@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg O43
Føremål
Å gi representativ statistikk over utmarkas arealressursar i Noreg og fordelinga av dei, med særleg vekt på beiteressursane.
Finansiering: Landbruks- og matdepartementet
KONTAKTPERSON
Anders Bryn
Forsker
-
Divisjon for kart og statistikk
(+47) 930 39 782 anders.bryn@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg O43