Nesten femti prosent meir myr i Noreg enn tidlegare antatt
Ny statistikk for vegetasjonen i Noreg viser at nær ni prosent av landarealet er myr. Det er nesten femti prosent meir enn tidlegare kartdata har lagt til grunn.
Gjennom å undersøke eit representativt utval flater frå heile landet, har ein no nye tal for kva slags vegetasjon som finst i Noreg, kor i landet han er og kor mykje vi har. Eit av dei sentrale funna er større myrareal.
- Når det viser seg at myrarealet er mykje høgare enn ein har lagt til grunn fram til no, får det konsekvensar mellom anna for utrekninga av kor mykje karbon som er lagra i myr, fortel Anders Bryn, forskar ved NIBIO og førsteamanuensis ved Naturhistorisk museum, UiO.
Saman med fleire NIBIO-kollegaer har Bryn kartlagt vegetasjonen i Noreg. Fire av desse står no bak ein vitskapleg artikkel som nyleg vart publisert i det internasjonale fagtidsskriftet Norwegian Journal of Geography.
8,9 prosent myr, ikkje 5,8 prosent
Her er ein kortfatta oversikt over nokre av funna som omhandlar myr:
Myrarealet i Noreg er 8,9 prosent, ikkje 5,8 slik dagens kartdata viser
- Det totale myrarealet utgjer heile 28 800 km2
- Ny statistikk visar at det er 10 000 km2 meir myr i Noreg enn det dei vanlege karta viser
Dei nye faktaa spelar inn på mellom anna
- utrekningar av kor mykje karbon som er lagra i myr
- kvar beitekapasiteten i utmarka er
- kor god flaumdempinga kan vere ved auka nedbørsmengder
- vurdering av kor vanleg eller uvanleg ulike vegetasjonstypar er i landet.
Første arealrepresentative statistikk
Ei utvalskartlegging er som ei spørjeundersøking der ein vel ut eit representativt sett av flater som er tilstrekkeleg til å representere landet samla. Desse blir så kartlagt gjennom feltarbeid.
- For første gong har vi no såkalla arealrepresentativ statistikk over vegetasjonen i heile Noreg. Det vil seie at vi kan presentere tal for heile landet – utan at heile landet er kartlagt, fortel Anders Bryn, forskar ved NIBIO og førsteamanuensis ved Naturhistorisk museum, UiO.
Kunnskapen om utmarka har til no vore mangelfull. Informasjonen har vore prega av grove kart med få kategoriar som fangar opp natur og utmarksressursar.
- Detaljerte kart finst, men dei dataene har ikkje blitt systematisk kartlagt. Det har vore litt tilfeldig kva kunnskap vi har hatt. Vi har mangla systematiske undersøkingar for heile landet, seier Bryn.
Nyttig ny kunnskap om natur
Naturen i Noreg er gjennom den omtalte utvalskartlegginga undersøkt og sortert i heile 54 typar. Fordi vegetasjonen reflekterer økologi, klima og berggrunn der han finst, kan data frå undersøkinga brukast til mange ulike føremål. Bryn nemner døme frå arealbruk, natur- og ressursforvaltning:
- Eit aktuelt tema er positiv bruk av naturen vurdert mot slitasje, og korleis best mogleg ta vare på biologisk mangfald for eksempel.
- Data som desse kan vere nyttige ved alt frå traséval for utmarksløp og sykkelritt, til planlegging av hyttefelt, forklarer forskaren.
Andre eksempel er beitebruk og beiteverdi for husdyr, forvaltning av skogressursar, nydyrking og vegbygging. Dei nye dataa vil og vere viktige som referanseverdi for dagens status før utbygging, overvaking av gjengroing og klimaendringar.
KONTAKTPERSON
Anders Bryn
Forsker
-
Divisjon for kart og statistikk
(+47) 930 39 782 anders.bryn@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg O43
KONTAKTPERSON
Anders Bryn
Forsker
-
Divisjon for kart og statistikk
(+47) 930 39 782 anders.bryn@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg O43
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.
Publikasjoner
Abstract
The Norwegian area frame survey of land cover and outfield land resources (AR18X18), completed in 2014, provided unbiased statistics of land cover in Norway. The article reports the new statistics, discusses implications of the data set, and provides potential value in terms of research, management, and monitoring. A gridded sampling design for 1081 primary statistical units of 0.9 km2 at 18 km intervals was implemented in the survey. The plots were mapped in situ, aided by aerial photos, and all areas were coded following a vegetation type system. The results provide new insights into the cover and distribution of vegetation and land cover types. The statistic for mire and wetlands, which previously covered 5.8%, has since been corrected to 8.9%. The survey results can be used for environmental and agricultural management, and the data can be stratified for regional analyses. The survey data can also serve as training data for remote sensing and distribution modelling. Finally, the survey data can be used to calibrate vegetation perturbations in climate change research that focuses on atmospheric–vegetation feedback. The survey documented novel land cover statistics and revealed that the national cover of wetlands had previously been underestimated.