Kan kua redde rovdyrutsette utmarksbeite?
I nokre delar av landet blir utmarksbasert sauehald opplevd som uforsvarleg på grunn av rovdyr. Spørsmålet om alternative næringsvegar tvingar seg fram.
Økonomien i sauehaldet svingar, både som følgje av ny-investeringar og at mykje lammekjøt tidvis hopar seg opp på lager. Prisen fell. For enkelte pregar også rovdyr kvardagen, med tap av dyr og menneskeleg påkjenning som ein del av kostnadane.
Samtidig importerer vi nær 20 prosent av samla forbruk av storfekjøt her til lands. Kan ein tenke seg at kjøtfeproduksjon løyser to oppgåver samtidig? Korleis blir økonomien for ein sauebonde om han vel å begynne med kjøtfe, altså ammeku?
Bakgrunnen for å vurdere eit slikt alternativ er at store dyr er mindre utsette for rovdyrangrep, og at begge driftsformer handlar om bruk av beitedyr.
– Nokre gonger blir rovdyrtapa så store at det kan vere aktuelt å vurdere nye måtar å nytta utmarksbeita på, seier driftsøkonom Ole Kristian Stornes ved NIBIO.
Han har rekna på desse spørsmåla i samband med rapporten om «Rovviltbestandens betydning for landbruk og matproduksjon basert på norske ressurser» som kom i 2016. Den gongen gav ammekuproduksjon i alle scenario langt svakare økonomisk resultatet enn sau.
Det siste året har prisen på lammekjøt gått ned, og for storfe gått opp. Vesentlege føresetnader for inntektsgrunnlaget i kalkylane er dermed endra. Driftsøkonom Stornes forklarer:
– Framleis er det bedriftsøkonomisk mest lønsamt å halde fram med sau, men forskjellane er mindre. Om ein og ser til tala for tidsbruk i dei to produksjonane, og vurderer alternativ bruk av frigitt tid ved ammekuproduksjon, endrar biletet seg meir i favør av ammekuproduksjon, seier han.
For mindre bruk er det mindre frigitt tid og tala er meir usikre. Truleg vil det for mindre besetningar vere uaktuelt å leggje om frå sau til ammeku.
KONTAKTPERSON
Føremål
Vurdere og samanlikne økonomien i sauehald og ammekuproduksjon med utgangspunkt i same ressurs-/fôrgrunnlag
Finansiering: Landbruks- og matdepartementet
KONTAKTPERSON