Hopp til hovedinnholdet

Rekreasjon overtar for produksjon på stølen

30-52-IMG_6484_Lykkjestølane

Foto: Kari Stensgaard

Seterbruket i Noreg har vore svært omfattande, og skapt eit landskap med store biologiske og kulturelle verdiar. Men seterlandskapet er i endring. Korleis framstår setermiljøa i dag? Er setrane i bruk? Blir verdiane tatt vare på?

Eit sju-årig prosjekt med mål om å svara på desse spørsmåla gjennomførte sin siste sesong sommaren 2015. 1700 setrar er besøkt, og informasjon om bygningar og setervoll, tilstand og dagens bruk er registrert.   

For dei fleste nordmenn står setra eller stølen for noko positivt. Likevel er bruken av seterområda sterkt endra over tid. Svært mange stølar er nedlagde. Hytter overtar for seterhus, rekreasjon overtar for produksjon. På dagens aktive stølar er drifta modernisert. Mange opnar for besøk og ønskjer turistar velkomne.

– Produksjonshusa forsvinn, fjøs og løer blir borte, fortel prosjektansvarleg Kari Stensgaard. Slik mister setrane gradvis historisk og pedagogisk innhald. Dei blir vanskelegare å forstå for ettertida, og vi får eit kulturelt tap, seier ho.

Kring1850 var det i Noreg 50 000 gardsbruk som hadde ein eller fleire stølar.

Eit knippe funn og fakta

  • På vel ein fjerdedel av dei rundt 1700 registrerte setrane er det ikkje lenger teikn til bruk
  • Kun 4-5 prosent av dei 1700 setrane er i aktiv drift med mjølkeproduksjon
  • Godt over halvparten blir brukte som fritidsbustader
  • På ein tredel blir det slått eller beita
  • Knapt 1 prosent driv turisme i form av servering, formidling eller overnattingstilbod
  • Alle som driv aktiv stølsdrift har bilveg heilt fram, ein besøksstøl har ikkje veg
  • Ein tredel er tilknytta straumnett

Prosjektet er ein del av overvåkingsprogrammet 3Q der tilstand, endringar og utviklings-tendensar i jordbrukslandskapet blir registrert.

 

Føremål

Å bidra til oversikt, og at seterlandskapet og seterdrift får auka merksemd som del av den nasjonale kulturarven.

Samarbeid: Riksantikvaren

Finansiering: Landbruks- og matdepartementet