Hopp til hovedinnholdet

Meir skadedyr i åkerbøner og erter

25-37-Ertesnutebille_aakerbonner

Foto: Gunda Thöming

Produksjonen av belgvekstar som åkerbønner og erter har auka i Noreg. Men det har også omfanget av skadelege insekt - med øydeleggande konsekvensar for avlingane.

Det er stigande etterspurnad etter norskproduserte proteinvekstar til både mat og fôr, noko som har resultert i auka produksjon av åkerbønner og erter dei siste åra.

Samstundes som produksjonen har ekspandert, har mellom anna avlingstap grunna insektskader auka.  For ti år sidan fekk forskaren to til tre spørsmål om skadedyr i proteinvekster insekt i løpet av sesongen, no kjem det to til tre om dagen.

Noko av bakgrunnen er at klimaendringar gjev betre tilhøve for skadedyra, men samstundes det blir færre og færre sprøytemiddel (insekticider) tilgjengeleg kvart år. Noreg ligg litt etter når det gjeld kunnskap om dyrking av proteinvekstar, men ute i Europa vert det mellom anna forska på kva slags alternative metodar som fungerer mot skadedyra. Som ein del av et større forskingsprosjekt har vi no byrja å teste ut ulike alternativ til sprøytemiddel under norske forhold.

Det største problemet for dyrkarane av både åkerbønner og erter er ertesnutebilla (Sitona lineatus). Den vaksne billa et blad og legg egg i jorda. Der gneg larvane på røter og nitrogenfikserande knollar, noko som kan redusere avlinga. Denne billa har vore her heile tida, men no har ho blitt eit stort problem. Lokalt har det vore så store angrep at heile planter veltar på grunn av gnaging i rotsystemet. Ein kan sprøyte mot dei vaksne billene, men finn ein vaksne vil det allereie vere egg i jorda.

Ikkje plant år etter år på same stad, eller dyrk åkerbønner og erter saman. Det er også til dømes lurt å så åkerbønner litt seinare og djupare enn det som er vanleg i dag, men dette kan vere vanskeleg grunna kort vekstsesong, og difor testar vi no ut ein tidleg sort. Så langt er resultata lovande.

 

Formål

Vurdering av risiko fra plantetoksiner for human helse