Skadedyr er eit aukande problem i åkerbønner og erter
Produksjonen av belgvekstar som åkerbønner og erter har auka i Noreg. Men det har også omfanget av skadelege insekt - med øydeleggande konsekvensar for avlingane.
Det er stigande etterspurnad etter norskproduserte proteinvekstar til både mat og fôr, noko som har resultert i auka produksjon av åkerbønner og erter dei siste åra.
Samstundes som produksjonen har ekspandert, har omfanget av plantehelseutfordringar også tatt seg opp, mellom anna avlingstap grunna insekt, seier Gunda Thöming, forskar ved NIBIO.
Enorm auking
– For ti år sidan hadde eg to til tre spørsmål om skadelege insekt i løpet av sesongen. No får eg førespurnadar to til tre gongar om dagen, fortel Thöming.
Noko av bakgrunnen er at det blir færre og færre sprøytemiddel (insekticider) tilgjengeleg kvart år. Dessutan gjev klimaendringane betre tilhøve for skadedyra.
– Varmare ver gjer det enklare for insekta å formeire seg. Dette er noko vi observerer generelt i mange kulturar.
Ho seier Noreg ligg litt etter når det gjeld kunnskap om dyrking av proteinvekstar, men ute i Europa vert det mellom anna forska på kva slags alternative metodar som fungerer mot skadedyra.
– Som ein del av et større forskingsprosjekt har vi no byrja å teste ut ulike alternativ til sprøytemiddel under norske forhold, fortel Thöming.
Gamle kjenningar og nykomarar
Det største problemet for dyrkarane av både åkerbønner og erter er ertesnutebilla (Sitona lineatus). Den vaksne billa et blad og legg egg i jorda. Der vandrar larvane rundt i rotsystem og gneg på røter og nitrogenfikserande knollar, noko som kan redusere avlinga.
– Denne billa har vore her heile tida, men no har ho blitt eit stort problem. Lokalt har det vore så store angrep at heile planter veltar på grunn av gnaging i rotsystemet. Ein kan sprøyte mot dei vaksne billene, men finn ein vaksne vil det allereie vere egg i jorda.
Ei anna utfordring utfordringa i åkerbønner er frøbilla (Bruchus rufimanus) som enno ikkje har norsk namn.
– Denne billa har hatt ei eksplosjonsarta utvikling i Sverige der ho har gjort stor skade, og vi har hatt ein del førespurnader her heime om øydelagde frø dei siste åra.
– I erter er sommarfuglen erteviklar også ei utfordring, fortel forskaren.
Gode tiltak
– Vi må bruke friskt frø. Og vi veit er at det er viktig med god gjennomtenkt arealplanlegging og vekstskifte. Ikkje plant år etter år på same stad, eller dyrk åkerbønner og erter saman. Det finst modellar for god arealplanlegging og risikovurdering av skadedyrangrep som kan hjelpe, påpeikar Thöming.
– Det er også viktig å unngå samantreff med skadedyr og følsamt planteutviklingsstadium. Difor er det lurt å dyrke åkerbønner litt seinare og djupare enn det som er vanleg i dag. Då klarer ikkje så mange larvar å kome ned og gjere skade. Dette kan vere vanskeleg grunna kort vekstsesong, og difor testar vi no ut ein tidleg sort. Så langt er resultata lovande, opplyser NIBIO-forskaren.
KONTAKTPERSON
Gunda Thöming
Forsker
-
Divisjon for bioteknologi og plantehelse
(+47) 920 11 307 gunda.thoeming@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg H7
Fakta om proteinvekstar
Studiar viser at norske forbrukarar i aukande grad etterspør plantebaserte produkt i kosthaldet. I dag importerer vi også store mengder planteprotein til kraftfôr. Det er et sterkt ønske om at delen av importert fôr i husdyrproduksjonane skal ned.
Ved maksimal utnytting av potensialet er det mogleg å produsere rundt 20 000 tonn protein årleg frå belgvekstar i Noreg ifølgje NIBIO. For å utnytte potensialet trengst det tilpassa sortar og dyrkingsteknikk.
KONTAKTPERSON
Gunda Thöming
Forsker
-
Divisjon for bioteknologi og plantehelse
(+47) 920 11 307 gunda.thoeming@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg H7
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.