Nyttesopp som bodyguard i jordbærplanter
Forskarar har funne ein nyttesopp som fungerer som ein bodyguard i jordbærplanter.
Forskarar tilknytt NIBIO, København Universitet og landbruksfakultetet ved São Paulo University (ESALQ-USP) i Brasil har utført ei rekke forsøk på jordbær og bruk av nyttesopp, der dei utviklar innovative metodar, teknikkar og verkemiddel for integrert plantevern (IPV) som kan auke bærekraftig matvareproduksjon.
Ved å dyppe røtene til jordbærplanter i ei løysing med utvalde isolat av nyttesoppene Metarhizium robertsii og Beauveria bassiana, viste det seg at plantane blei meir motstandsdyktige mot angrep av skadegjerarar og antakeleg også sjukdom. Dessutan veks plantane betre. Forsøka blei gjort i laboratoriet, i veksthus og i felt.
Desse nyttesoppane tilhøyrar ei gruppe kalla putesoppar.
- Fram til no har ein tenkt på desse soppane primært som jordlevande. Gjennom nyare forsking har vi funne ut at soppen også kan leve endofytisk – dvs. at den lever inne i planta utan å skada ho. Det ser til og med ut til at desse putesoppane fungerer som plantas «bodyguard», seier Ingeborg Klingen, forskingsleiar for avdeling skadedyr og ugras i skog-, jord-, og hagebruk ved NIBIO.
I kontrollerte forsøk med bønner i Danmark viste det seg at soppene hindrar angrep av skadegjerarar som spinnmidd og auka bønneplantas vekst.
Ein fekk tilsvarande resultat når ein testa soppane på jordbær i veksthus og felt i Brasil.
Forskarane dyppa røtene til to ulike sortar jordbær i løysingar med nyttesopp. Det var svært gode resultat med den eine jordbærsorten. Biomassen på avlinga blei betydeleg større og det var ein reduksjon i talet på veksthusspinnmidd. Med den andre sorten såg ein mindre forskjell.
Dei brasilianske forskarane samarbeider tett med plantevernmiddelprodusentar i Brasil og skal teste nyttesoppløysinga på ulike planteskadegjerarar i ulike plantekulturar.
KONTAKTPERSON
Formål
Å utvikla innovative metodar, teknikkar og verkemiddel for integrert plantevern (IPV) som kan auke bærekraftig matvareproduksjon.
Samarbeid: København Universitet og landbruksfakultetet ved São Paulo University (ESALQ-USP) i Brasil som ein del av SMARTCROP-prosjektet
Finansiering: Norges forskingsråd