Godt samarbeid med Kina gjennom 10 år
Trass den politiske isfronten mellom Kina og Noreg dei siste åra, har NIBIO klart å bli ein viktig samarbeidspartnar for Kina på matsikkerheit.
Etter seks år utan politisk kontakt har Noreg og Kina no inngått ein avtale om å etablere eit normalt politisk og diplomatisk samarbeid igjen. For forskingsmiljøa er relasjonen svært viktig. Kina er ein avgjerande samarbeidspartner for å oppnå gode resultat på område som klimatiltak og matsikkerheit.
Til trass for den mangeårige politiske isfronten, har NIBIO i ti år bygd opp nettverk og samarbeid med ei rekkje institusjonar i Kina, og er i dag ein viktig samarbeidspartnar for kinesarane på matsikkerheit, miljøvenleg og berekraftig landbruk.
Nils Vagstad, administrerande direktør i NIBIO, trur instituttet har fått solid omdømme og posisjon i Kina takka vere eit langsiktig og systematisk arbeid trass i eit vanskeleg politisk utgangspunkt. Eit anna viktig moment har vore at samarbeidet er sett som nyttig for begge partar.
– Gjennom satsing på bilateralt forskingssamarbeid kan ein finne gode nasjonale og lokale løysingar der ein kan trekkje vekslar på andre si erfaring. Noreg og NIBIO har lang erfaring innan matproduksjon, miljø og berekraft, og er difor ein interessant samarbeidspartnar for kinesiske forskingsinstitutt, seier Nils Vagstad.
I fjor inngjekk NIBIO eit nytt femårig forskingssamarbeid med Heilongjiang Academy of Agricultural Sciences (HAAS), som har ei framståande rolle for den nasjonale mattryggleiken i Kina. Instituttet er også en aktiv medspelar i arbeidet som no blir gjort på berekraftig landbruk og matsikkerheit sentralt i Kina, gjennom samarbeidet med det viktige fagmiljøet ved CAAS i Beijing. I august 2017 signerte CAASs visepresident Wan Jianmin og NIBIOs direktør ein intensjonsavtale for å fremje bilateralt samarbeid til nytte for begge land og organisasjonar.
KONTAKTPERSON
Formål
Samarbeid om forsking på matproduksjon og matryggleik
Samarbeid: Heilongjiang Academy of Agricultural Sciences (HAAS), Chinese Academy of Agricultural Science (CAAS)
Finansiering: Norwegian Ministry of Foreign Affarirs via Den kongelige norske ambassaden i Beijing, EU-Kina H2020 Flagskipprogram, Ministry of Science and Technology (MOST) i Kina og NIBIOs grunnbevilgning.