Verdas jorddag handlar om erosjon
I dag markerer vi FAO og FNs internasjonale jorddag. Tema for årets dag er erosjon av jord, ei stor utfordring globalt og lokalt. Tap av matjord er ein risiko for matforsyninga verda rundt.
Jorda er sjølve eksistensgrunnlaget vårt. Derfor har ho fått sin eigen årlege dag i FN-regi. Allereie i 1935 sa president Roosevelt det slik da USA vedtok si Soil Conservation Act:
- The history of every nation is eventually written in the way in which it cares for its soil.
Den amerikanske jordlova kom for å hegne om matjorda etter at den store tørkekatastrofen The Dust Bowl hadde ramma nasjonen hardt, og ført til mykje tap av jord. Utsegna gjeld enno.
Hardt pressa ressurs
Framleis forsvinn mykje jord kvar dag verda rundt som følgje av utvikling og utbygging. Noko jord går ut av produksjon og gror igjen, mens anna blir nedbygd og lagt under asfalt og betong. Den ressursen naturen har brukt tusenvis av år på å lage, kan vere vekke i løpet av ein byggeperiode.
- Jord går og tapt på grunn av måten vi driv jordbruk på, vind og vèr som herjer eller av andre årsaker - erosjon for eksempel. Jorda løyser seg med vatn og renn vekk, eller ho fér med vinden.
- Erosjon betyr at jord og partiklar flyttar seg frå ein plass til ein annan, ofte til ein stad der verken jord eller næring kjem til nytte.
Slik forklarer jordkartleggjar Siri Svendgård-Stokke kvifor det å motverka erosjon er sentralt innan jordvern. Det handlar om å ta vare på jorda, og bevara eit næringsrikt jordsmonn der det finst.
Jordbruksareala gir ikkje berre mat til oss. Jorda er og ein svamp som held på nedbør og ho er middel for transport av næringsstoff til dyr, tre og plantar generelt.
Alt frå mikroorganismar til meitemarkar og jordrotter lever i jord. Dei og mykje anna levande er avhengige av eit sunt jordsmonn for å leve.
Mange trua plante- og dyreartar er ein del av den biologiske veven som eit levande jordbrukslandskap er.
Erosjon på agendaen
Jobben til Siri er mellom anna å undersøke jordbruksareal i eit område for å dokumentere eigenskapane til jorda og kva slags jord som finst kor.
Kartlegginga blir brukt til å lage kart for ulike føremål, eksempelvis for å dokumentere kva for areal som er mest utsette for erosjon. Topografi, jordstruktur og jordas evne til å halde på væte spelar inn i vurderinga, i tillegg til verdata.
Vurdering av erosjonsrisiko er nødvendig for å kunne førebyggja jordtap. Når jord eroderer, vil jordsmonn og næring forflytta seg til stader dei ikkje naturleg høyrer til. Siri forklarer:
- For bonden fører det til tap av avlings- og inntektspotensial. For naturen kan utilsikta opphoping av næringsstoff gi miljøforureining – som i vassdrag, innsjøar og havet.
- Fosfor på feil stad er eit godt døme på kva vi snakkar om. Matproduksjon utan fosfor er umogleg, medan ‘overdosar’ av fosfor som slepp ut i naturen er både skadegjerar og ressurs på avvegar, seier ho.
På 1970 og 80-talet førte utslepp av store mengder næringsstoff i Mjøsa til voldsom algevekst og nær økologisk kollaps. Algekatastrofen i Nordsjøen i 1988 er og ein del av det store bildet. Oppbløming av ei spesiell alge var årsak til massedød av både oppdrettsfisk og villfisk.
I begge tilfelle var årsaka mellom anna utslepp av næringsstoff frå jordbruk og kloakk. Erosjon fekk stor merksemd.
- Tiltak for å redusere erosjon og avrenning frå jordbruksareal kom for alvor inn i norsk agronomi og jordbrukspolitikk etter desse hendingane, fortel Siri Svendgård-Stokke.
Trong meir kunnskap om jord
Fleire hendingar som dei omtalt ovanfor skapte behov for å identifisere areal med stor risiko for erosjon og avrenning. Det vart starten på jordkartlegginga i NIBIO, ei teneste som stadig blir meir etterspurd.
Kunnskap om jordsmonn blir viktigare og viktigare med endring av klima og meir nedbør, vind og vèr.
- Jo meir nedbør, jo meir aukar faren for erosjon. Areal som ikkje har vore erosjonsutsett tidlegare, kan bli det når nedbørsmengda aukar, fortel Siri.
- Open åker kontra stubb eller grasareal har svært ulik evne til å halde på vatn. Plantedekket beskytter jorda mot krafta i regndropane, og røter er med på å binde både væte og næringsstoff. Tiltak retta mot å unngå høstpløying er derfor kome inn for å redusere erosjon.
Livsviktig hinne rundt kloden
Vår framtidige evne til å skaffe nok mat til alle handlar om matjord og landareal. Matsikkerheit er ei side av same sak. Å beskytte jorda mot erosjon er livsviktig.
- Matjorda, eller jordsmonnet, er den tynne hinna av dyrkbart materiale som dekker landarealet. Nokre stader finst det rikeleg, andre stader er førekomstane mindre, forklarer jordkartleggjaren.
- Jordsmonnet er blitt til av mineral og nedbrotne plantar, luft og vatn, og kan ha svært ulike eigenskapar frå stad til stad.
Klima, topografi, berggrunn, plantar, dyr og menneskeleg aktivitet gir eigenskapane som avgjer kva plantar som trivst, kva produksjonar jorda passar for og korleis drifta bør vere.
Omsorg for jorda
Anten ein driv jordbruk eller planlegging og forvalting av jordbruksareal, er det nødvendig å kjenne til eigenskapane.
- Godt jordbruk tar utgangspunkt i naturgitte tilhøve for matproduksjon. Drift som ikkje tar nok omsyn til naturlege føresetnadar, vil over tid svekke jordsmonnet sin dyrkingsevne, seier Siri Svendgård-Stokke.
- Av same grunn blir omsyn til erosjonsrisiko berre viktigare og viktigare med endra klima og auka nedbørsmengder. Når risikoen tilseier det, må tiltak settast inn.
Ho meiner vi som samfunn må ha omsorg for jorda:
- Den beste jorda for matproduksjon i Noreg har brukt lang tid på å opparbeide seg dei gode eigenskapane. Det må vi ha i mente både når det gjeld skjøtsel, forvaltning og avgjerder der bruk av jord skal handsamast.
KONTAKTPERSON
KONTAKTPERSON
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.