Hopp til hovedinnholdet

Vatnar vekk spinnmidden

DSC_0300

I prosjektet RobustRubus ønsker forskarane å forlenge sesongen for produksjon av bringebær og bjørnebær i Noreg. Foto: Siri Elise Dybdal

Skadedyr er ein av fleire utfordringar i produksjonen av bringebær. No har forskarar ved NIBIO erfart at vatning kan redusere presset frå spinnmidd.

Veksthusspinnmidden er eit lite edderkoppdyr som kan angripe svært mange planter. Den er spesielt problematisk i jordbær, men også i bringebær kan han by på store utfordringar. Både nymfene og dei vaksne individa syg på blada. Dette kan føre til visning, misvekst og bladfall.

– Dersom du vil bli kvitt spinnmidd på bringebær i dag, må du anten ty til nyttedyr som rovmidd eller kjemiske plantevernmiddel, forklarer forskar Nina Trandem.

– Færre og færre kjemiske middel er tilgjengelege for bærprodusentane, og korkje dei eller nyttedyra gjev alltid godt nok resultat. Då treng vi gode alternative metodar, utdjupar ho.

Sjefsingeniør Vinh Hong Le (t.v), forsker Nina Trandem (midten) og professor Arne Stensvand (t.h) diskuterer resultata frå forsøket. Foto: Silje Kvist Simonsen
Sjefsingeniør Vinh Hong Le (t.v), forsker Nina Trandem (midten) og professor Arne Stensvand (t.h) diskuterer resultata frå forsøket. Foto: Silje Kvist Simonsen

 

Tatt av vinden

NIBIO har sett i gong eit forsøk for å undersøke om vatning kan redusere spinnmidd på bringebær dyrka i tunnel. I tunnelen er det laga til fleire små kammer med tre bringebærplanter i. Frå taket over kvart kammer heng ei sprinklardyse, som til bestemte tidspunkt dusjar plantene med vatn. Utanfor kammera står det også klynger på tre og tre bringebærplantar. Dette er kontrollplantene, som ikkje blir dusja.

– Oppsettet med kammer ser nokså enkelt ut, men det har kravd litt arbeid å lage dei, seier sjefsingeniør Vinh Hong Le. Han har hatt arbeidet med å designe og lage kammera.

– Dei skal oppfylle fleire krav. Dei må hindre at kontrollplantene blir dusja, men likevel være enkle å kome inn i slik at det skal vere mogleg å gjere registreringar på alle plantene.

Alt i alt må kammera vere lette og enkle å handtera. Men dei må ikkje vere for lette…

– Forsøket blir gjort i ein tunnel som er open i begge ender, og me fekk erfare at vinden lett fekk tak i kammera, ler Vinh Hong Le.

– Den første prototypen eg laga blei tatt av vinden og enda opp 200 meter lenger bort! Så no er dei godt forankra i bakken, forsikrar sjefsingeniøren.

Forskar Nina Trandem viser studenten Clément Follut korleis han skal gå fram for å finne koloniar av veksthusspinnmidd på undersida av blada. Foto: Silje Kvist Simonsen
Forskar Nina Trandem viser studenten Clément Follut korleis han skal gå fram for å finne koloniar av veksthusspinnmidd på undersida av blada. Foto: Silje Kvist Simonsen

 

Gode forhold for kontroll av spinnmidd

Etter kvart kom alt på plass: både kammer, friske planter, og spinnmidd til å smitta plantene med. Den franske studenten, Clément Follut, har hatt ansvar for å registrere angrep av spinnmidd på plantene gjennom sommaren.

– Eg har registrert symptom på spinnmidd, og talt  koloniar på dei ulike plantene. Spinnmidden lever i hovudsak på undersida av blada, kor ein kan finne både egg, larver og vaksne. Dei vaksne spinn etter kvart eit karakteristisk nett, men dei er svært små og vanskelege å sjå utan lupe, forklarer han.

No er forsøket avslutta, og resultata er lovande.

– Me har sett ein nedgang i spinnmidd på 40 – 50 % i dei plantene som har blitt dusja jamleg med litt vatn, i forhold til dei som ikkje har blitt dusja, opplyser Trandem.

– Effekten er på nivå med effekten av å sprøyte ein gong med middmiddel, om me tel midd eit par veker etter sprøytinga. Me har sett den same effekten i liknande forsøk med jordbær. Spinnmidden trivst rett og slett ikkje i det fuktige miljøet. Rovmidden derimot, som er ein av spinnmidden sine naturlege fiendar, trivst i eit litt fuktig miljø. Dermed kan denne behandlinga også gi gode forhold for biologisk kontroll.

Trandem understrekar at behandlinga ikkje fjernar middane, men gjer at mengda midd held seg låg slik at det vert liten skade på plantene. Ho påpek også at vatninga berre må utførast i periodar med varmt vêr.

– Det er viktig at vatnet kan fordampe raskt, viss ikkje kan behandlinga gi gode forhold for soppsjukdommar, som til dømes gråskimmel.

Bringebær. Foto: Silje Kvist Simonsen
Bringebær. Foto: Silje Kvist Simonsen

 

Undersøker effekten av vatn i ulike former

Dette er ikkje den einaste måten vatn kan brukast for å redusere smitte av skadeorganismar. I prosjektet RobustRubus undersøker dei også effekten av vatn i dampform, i ein såkalla plantesauna. Plantesaunaen er utvikla og eigd av det norsk-nederlandske firmaet Moleda AS.

Professor Arne Stensvand forskar på soppsjukdommar i frukt og bær, og har undersøkt korleis ein plantesauna kan redusere smitte av soppsjukdommar og skadedyr. I plantesaunaen blir plantene eksponerte for vassdamp på opp mot 44˚C i ein til fire timar.

– Me har hatt svært god effekt av plantesaunaen på fleire sjukdommar og skadedyr i jordbær. I bringebær ser me svært god effekt av plantesaunaen mot svart rotråte, og vi skal no også prøva han mot raud rotråte, seier Stensvand.

– Når det gjeld spinnmidden får me derimot halde oss til dusjar med kaldt vatn. Midden er nemleg glad i varme, og har ingen problem med å vere i plantesaunaen!

11-12.jpg

 

Robustrubus

Prosjektet «En optimalisert og klimatilpassa produksjon av bringebær og bjørnebær i en forlenget sesong» har som mål å forlenge sesongen for produksjon av bringebær og bjørnebær i Noreg. Prosjektet tek føre seg dyrkingsteknikkar, økonomi, klimaregulering og fysiske planteverntiltak. Eit av måla til prosjektet er å minimum halvere bruken av plantevernmiddel i forhold til dagens bruk.

Prosjektet er leia av seniorforskar Anita Sønsteby i NIBIO.

Spinnmidden er svært små og vanskelege å sjå utan lupe. I midten av biletet er ein spinnmidd-koloni, i det karakteristiske spinnet som midden lagar. Foto: Clément Follut
Spinnmidden er svært små og vanskelege å sjå utan lupe. I midten av biletet er to egg og ein spinnmidd-nymfe. Foto: Clément Follut
Veksthusspinnmidd (Tetranychus urticae). Foto: Erling Fløistad
Veksthusspinnmidd (Tetranychus urticae). Foto: Erling Fløistad

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.