Hopp til hovedinnholdet

Vårt biologiske sikkerheitsnett forvitrar

Pollinatorer til 6.1

For at planter skal produsere frukt eller frø må dei bli befrukta. Vel ein tredel av verdas ­­planteproduksjon til mat treng hjelp av pollinatorar. Humle er ein av dei. Ein fersk internasjonal studie fortel at inntil 40 prosent av verdas insektartar kan forsvinne i løpet av dei neste tiåra. Foto. Dag Ragnar Blystad.

Situasjonen er alvorleg for det biologiske mangfaldet som all matproduksjon er avhengig av.

Mindre mangfald betyr auka sårbarheit. Dette blir forsterka av at den globale matproduksjonen er tufta på stadig færre plantesortar og husdyrrasar.

- Til saman rokkar desse faktorane ved sjølve grunnlaget for matsikkerheit, seier generalsekretær i FNs mat og landbruksorganisasjon FAO, José Graziano da Silva, i ei pressemelding.

Han uttaler seg i samband med at FAO-rapporten The State of the World’s Biodiversity for Food and Agriculture nyleg vart lagt fram i Roma.

Statusrapporten om verdas biologiske mangfald og matproduksjon er den første i sitt slag. Han er blitt til gjennom kunnskap innhenta frå 91 medlemsland og 27 internasjonale organisasjonar, i tillegg til innspel frå 175 fagfolk verda rundt.

Jose Graziano da Silva_red_Foto FAO_Alessandra Benedetti
Generalsekretær i FAO, Jose Graziano da Silva. Foto: ©FAO/Alessandra Benedetti.

Viser at alt liv heng saman

Allereie i 2015 leverte Norsk genressurssenter sitt bidrag til FAO-rapporten som no ligg føre.

- Noko av det viktigaste med den samla rapporten er at han så klart viser korleis alt livet på jorda heng saman, og kor lite vi veit om statusen for mikroorganismane som all matproduksjon er avhengig av, seier Nina Sæther. Ho er leiar av genressurssenteret og ansvarleg for det norske bidraget til FAOrapporten.

Hittil har ein vurdert status og truslar mot husdyr-, skog-, akvakultur- og planteproduksjon kvar for seg. Når desse produksjonane no er samla i ein felles rapport, kjem felles utfordringar fram.

Dei ulike produksjonane er gjensidig avhengig av kvarandre. Dessutan er dei avhengige av det assosierte biologiske mangfaldet, ‘limet’ som held saman alt levande, og som myriadar av mikroorganismar er ein viktig del av. Det er mikrolivet som held jorda dyrkbar, reinsar vatn og vernar husdyr og avlingar mot smitte og utøy.

Andre deler av det assosierte biologiske mangfaldet er pollinatorar, kantvegetasjon, sopp, ville bær, ville fuglar og dyr.

- Vi treng mangfaldet for å vere førebudd i møte med det ukjende. Vi veit ikkje kva utfordringar som ventar oss, legg til Sæther til.

Nina S i FAO møte 2015_Foto ©FAO
Leiar av Norsk Genressurssenter, Nina Sæther. Foto: ©FAO.

Mangfald = berekraft

Folkeauke, urbanisering, arealendringar, forureining og intensivt jordbruk er mellom dei viktigaste årsakene til tap av biologisk mangfald. Generalsekretær da Silva uttrykker det slik:

- Biologisk mangfald er avgjerande for å sikre global matforsyning, ernæring og levebrød, og for å sikre at menneske og samfunn er robuste. Mindre mangfald betyr auka risiko for smitte og sjukdomar.

. Vi må utnytte krafta i det biologiske mangfaldet til å møte aukande klimautfordringar og produsere mat utan å skade miljøet, seier han.

Da Silva peikar på at det no er veksande interesse for matproduksjon på nye måtar, der  miljøvennlege dyrkingsmetodar og biologisk mangfald står sentralt.

- Biologisk mangfald kjem oftare opp på den politiske agendaen internasjonalt. Denne politiske merksemda må gjerast om til handling, poengterer generalsekretæren.

Framleis er det mykje vi ikkje veit om biologisk mangfald, men treng meir kunnskap om. Særleg gjeld det mikroorganismar og virvellause dyr.

Meitemark til tabell 1
Mange kjenner meitemarken og veit at han er viktig for jorda. Like kjend er ikkje mykje anna smått liv som held jorda sunn. Saman med andre virvellause dyr, sopp og bakteriar er desse ressursane avgjerande for plantevekst, jordstruktur og karbonlagring. Foto: Reidun Pommeresche.

Kven skal ta ansvar for mikrolivet?

Den norske biomangfald-rapporten fekk tittelen Bevaring gjennom bruk er bedre enn bare bevaring. Nina Sæther ser mange likheitstrekk mellom vår nasjonale rapport og den globale:

- Mellom anna vektla også vi i vår rapport behovet for tettare oppfølging av ‘det vesle livet,’ mikroorganismar og virvellause dyr, seier ho.

- Bakteriar, sopp og virus; insekt og virvellause dyr i jord – dei er heilt nødvendige i alle økosystem. Men vi veit lite om statusen til desse ressursane, kven dei er, kva dei står for og korleis samspelet er mellom ulike artar.

Det finst i dag ingen genbank eller strategiar for å ha ein sikringskopi av desse ressursane.

Eit av forslaga til oppfølging i den nasjonale mangfaldsrapporten er å utpeike ein institusjon som kan ta ansvaret for bevaring av artane i det assosierte biologiske mangfaldet.

- Skal ein sikre desse artane for framtida, er det naudsynt at nokon får tildelt ansvar og ressursar til å ta tak i desse viktige oppgåvene.
 

Global trussel: mengda av matjord minkar

- ‘Land use change’ er arealendringar der jorda blir brukt til andre føremål enn grøn produksjon. Typisk handlar dette om vegar, bygningar og byutvikling. Arealbruksendringar er ein alvorleg trussel mot det biologiske mangfaldet globalt, kommenterer genressursleiaren.

Sæther forklarer at arealendringar også handlar om at jordbruksland endrar karakter, til dømes når einingane blir større og kantsoner og bekkefar blir fjerna. Med slike endringar forsvinn leveområde for mykje av det assosierte biologiske mangfaldet. 

- På bakgrunn av slike faktorar er jordvern viktig for alle i verda. Vern av matjord er ikkje berre noko vi i Noreg med våre tre prosent dyrka areal skal vere opptatt av, avsluttar Nina Sæther.

2-12-15.jpg
RAPPORTAR

FAO-rapporten The State of the World’s Biodiversity for Food and Agriculture – forklarer biologisk mangfald knytt til matproduksjon og landbruk, og korleis mangfald er ein styrke for å møte klimaendringar. Faktorane som påverkar biologisk mangfald er grundig skildra, saman med status, utvikling og tiltak som må til for å sikre mangfaldet.

Den norske mangfaldsrapporten, Bevaring gjennom bruk er bedre enn bare bevaring, vart levert i engelsk versjon til FAO i 2015 som innspel til den globale statusrapporten lagt fram i 2019. Norsk versjon kom i 2016.

Fakta

  • 9 planteartar står for 2/3 av verdas planteproduksjon
    • Av verdas rundt 6 000 ulike matplanter, er færre enn 200 blant dei som bidrar vesentleg til samla global produksjon
  • 1/3 av verdas planteavlingar til mat treng pollinatorar – det vil seie insekt eller dyr som flytter pollenkorn (blomsterstøv) frå hannblomar til hoblomar
  • 40 artar står for verdas samla husdyrproduksjon – det vil seie dyr som gir mjølk, egg, kjøt, lær og pels
  • Av 7 745 ulike husdyrrasar i verda, er 26 prosent trua av utrydding
  • 1/3 av verdas fiskestammer er overbeskatta. Halvdelen er nær trua av utrydding.
  • 1/4 av pollinerande insekt i Noreg er oppført på den norske rødlista – det vil seie at dei står i fare for å bli utrydda

Assosiert biologisk mangfold

Assosiert biologisk mangfold er arter som har betydning for de såkalte regulerende og/eller støttende økosystemfunksjonene, f.eks. gjennom pollinering, plantekontroll, skadegjørere for dyr og planter, jorddanning og sunnhet, vannforsyning og kvalitet, osv. inkludert blant annet mikroorganismer, virvelløse dyr, virveldyr inkludert amfibier, reptiler og ville fugler, pattedyr og ville og kultiverte terrestriske og akvatiske planter utenom kulturplanter og ville slektninger.

Kilde: Den norske biomangfoldrapporten.

Jordvern til 9.1.1.3.jpg
Minkande mengd matjord er ein global trussel. Utbygging av infrastruktur og urbanisering er arealkrevande, og er ein viktig årsak til nedbygging av matjord. Bildet viser E-18 gjennom Askim kommune i Østfold, frå jordbruksland til motorveg. Foto: Oskar Puschmann.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.