Teknisk løysing kan bidra til mindre kunstgjødsel på avvegar

Gryndarane Ole Kind og Ole Mørch har funne opp ein enkel sensor som målar vinklane mellom mineralgjødselspreiaren og traktoren. Vinklane har tyding for kor jamt mineralgjødsla vert spreidd. Foto: Soilmate
75 prosent av mineralgjødsla i Noreg vert spreidd med sentrifugalspreiar. I kombinasjon med det kuperte landskapet i Noreg, gir det utfordringar med ujamn spreiing og næringsstoff på avvegar. Saman med grynderfirmaet, Soilmate, har NIBIO gjort analysar som syner at problemet kan ha stort omfang.
– Det byrja i 2019. Fram til då hadde far min stått utanfor traktoren og sikta kvar gong eg skulle stilla inn gjødselspreiaren. Når far sikta, blei vinklane riktige, men det var nesten umogleg å få det til åleine, fortel Ole Kind, som er bonde og administrerande direktør i grynderfirmaet Soilmate.
– Mykje handlar om vinklar. Dersom vinklane vert feil, vert gjødsla spreidd feil, held Kind fram.
Utfordringa med å stilla inn gjødselspreiaren vart kimen til ei ny oppfinning. Saman med sin elektronikk-kyndige kamerat, Ole Mørch, utvikla Kind ein enkel sensor. Sensoren målar vinklane mellom gjødselspreiaren og traktoren og sender resultata til ein app på mobilen.
Med sensorar på traktor og spreiar, vart Kind meir merksam på korleis vinkelen på gjødselspreiaren endra seg medan han køyrde. Han såg endringar båe når spreiaren gradvis tømde seg og når terrenget vart brattare. Det gjekk opp for han at mykje gjødsel ikkje hamna der han hadde planlagt.
– Jo meir eg og kameraten min tenkte på dette, jo meir overtydde blei me om at desse vinklane kunne ha store konsekvensar båe for bondens økonomi og for miljøet, fortel Kind.
Den erkjenninga vart spiren til ein ny ide om forskingssamarbeid med Norsk landbruksrådgiving og NIBIO.
Sentrifugalspreiing kan gje ujamn gjødsling
I Noreg nyttar dei fleste bønder same type gjødselspreiar som Ola Kind: ein sentrifugalspreiar. Enkelt forklart er det ein stor behaldar med ein trakt under. Ved hjelp av ei eller to spreieskiver med vingar oppå, vert gjødsla kasta utover ved sentrifugalkraft. Spreiaren gjer at ein kan spreia gjødsla raskt. Baksida er at resultatet kan verta veldig unøyaktig om ikkje spreiaren er riktig innstilt til ei kvar tid. Det er her vinklane til Kind og Mørch kjem inn.
– Det er verst når traktoren køyrer på tvers av såkalla drog, der terrenget endrar seg frå flatt til brattare helling. Målingar me har gjort saman med Norsk landbruksrådgiving, syner at det vert spreia over hundre prosent for mykje gjødsel bak spreiaren langs desse droga. Over bakketoppar vert det motsett. Då vert det tjue til tretti prosent for lite gjødsel bak spreiaren, forklarar Kind.
– Med sensorane våre, kan bonden få informasjon om kva vinkelen er mellom traktor og spreiar i sanntid. Då kan han justera vinkelen medan han køyrer slik at spreiinga vert så jamt som mogleg også der terrenget endrar seg.
Men kor omfattande er dette problemet i Noreg?
For mykje og for lite gjødsel er negativt for plantene og kan gje redusert avling og meir plantesjukdomar. Der det vert for mykje gjødsel, aukar dessutan faren for avrenning og forureining i bekker, elver og fjordar.
– Me ynskte å finna ut kor mykje av gras- og kornareala i Noreg som har risiko for ujamn gjødselspreiing. Då kunne me seia meir om konsekvensane på landsbasis og vinsten ved å gjera noko med det, forklarar Kind.
– Det var dette spørsmålet me vona at NIBIO kunne hjelpa oss med. Difor tok me initiativ til eit forprosjekt gjennom FORREGION Vestfold og Telemark.
Terrengdata og grynderforsking
Svein Olav Krøgli er forskar i NIBIO og har lang erfaring med ulike formar for kartanalysar. Han har vore med på å undersøka kva for terrengdata som er tilgjengelege og korleis ein kan finna eit estimat som svarar på spørsmålet frå gryndarane.
– Heilt rett fram var det ikkje, fortel Krøgli.
– For det fyrste finst det ein heil rekkje med ulike terrengformar som påverkar traktor og utstyr ulikt. I tillegg vil ulik køyreretning i terrenget gje ulike resultat. Ein må og ha gode terrengdata og velja rett detaljeringsgrad.
Forskarane tok utgangspunkt i kart over jordbruksareal. Dei nytta detaljerte høgdedata og eit eigna verktøy for å finna ulike terrengformer, som til dømes bakketoppar og drog. For at verktøyet berre skulle framheva terrengformar som kan føra til ujamn gjødselspreiing, samanlikna dei funna med resultata frå jordene der Kind og NLR hadde gjort sine målingar. Etter å ha justert verktøyet, vart det nytta for heile Nannestad og Rakkestad kommune.
– I fylgje vår modell har heile 35 prosent av jordbruksarealet i Nannestad og 30 prosent i Rakkestad, ein ujamn terrengform som kan påverka vinkelen mellom sentrifulgalspreiaren og terrenget og dermed gje ujamn spreiing, seier Krøgli.
– Men påverkinga er ikkje alltid like stor. Til dømes er det mogleg å sjå nærare på kor bratt terrenget er i droga og nær bakketoppane for å gradera resultata. Me trur òg at det ville vera veldig nyttig å kombinera funna våre med kunnskap om miljøeffektar for å sjå dei store konsekvensane, avsluttar forskaren.
Gryndarane Ole Kind og Ole Mørch er heller ikkje ferdige med jakta på meir kunnskap. Kanskje vert det fleire prosjekt der ein kan sjå nærare på spreiarinnstillingar, gjødseltype og gjødselmengd for å betra presisjon, betra bondens økonomi og minska miljøskade frå norsk jordbruk.
KONTAKTPERSON

Svein Olav Krøgli
Forsker
-
Divisjon for kart og statistikk
(+47) 469 20 837 svein.olav.krogli@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg O43
Om prosjektet
Prosjektet «Effekten av aktiv bruk av kippevinkel på sentrifugalspreder i drift og i terreng» er eit forprosjekt støtta av Forregion Vestfold Telemark. Målet med slike forprosjekt er, i fylgje Forregion Vestfold, å mobilisera bedrifter til forsking gjennom mindre FoU-prosjekt i verksemder med lita eller inga erfaring med forsking. Bedrifta må samarbeida med eit FoU-miljø i prosjektet og bedrifta må ha ambisjonar om vidare arbeid med forsking eller samarbeid med forskingsinstitusjonar. I tillegg til fylkeskommunen og grynderfirmaet «Soilmate» har Norsk landbruksrådgiving, Yara, Felleskjøpet, bærekraftfondet til Gjensidige og Bondelaget og Lars Skjennum (Bonde på Skjennum gård Nannestad) vore med i prosjektet.
KONTAKTPERSON

Svein Olav Krøgli
Forsker
-
Divisjon for kart og statistikk
(+47) 469 20 837 svein.olav.krogli@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg O43
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.