Hopp til hovedinnholdet

Rognebærmøll angrip ikkje epla i år

20240531_095401_cropped

NIBIO overvaker bestanden av rognebærmøll i dei viktigaste områda for epledyrking i Noreg. Faren for åtak av rognebærmøll i eple er avhengig av tilgang på rognebær og kor mange møll som klekk. Foto: Gunnhild Jaastad

Det har vore ei god og rik blomstring på rogn i vår. Det betyr at det ikkje blir åtak av rognebærmøll i eple i 2024.

Rognebærmøllen har vore det mest alvorlege skadeinsektet på eple i 100 år i Noreg. Den likar best rogn, men i år med lite bær kan det bli svært kraftige angrep på eple.

I angripen frukt lagar larvene først eit lite hol i skalet, der det etter kvart siv ut litt plantesaft som tørkar til eit kvitt pudder. Seinare går larvene djupare inn i fruktkjøtet og lagar lysebrune gangar.

 

Ingen fare i år

NIBIO overvaker bestanden av rognebærmøll i dei viktigaste områda for epledyrking i Noreg. Faren for åtak av rognebærmøll i eple er avhengig av tilgang på rognebær og kor mange møll som klekk.

– I 2024 har det vore rik og god blomstring i rogn. Dette betyr at det ikkje blir åtak av rognebærmøll i år i nokon distrikt, seier Gunhild Jaastad, forskar i NIBIO.

Ho seier det kan vere variasjonar nokre år, men i 2024 kan ho forsikre om at det ikkje er fare for åtak nokon stadar.

skjermdump.png
den nye kalkulatoren i VIPS reknar ut varmesum for rognebærmøll.

 

Enklare i år

NIBIO lagar prognosar for rognebærmøll som blir publiserte på nettportalen VIPS (Varsling Innen PlanteSkadegjerarar). Prognosane er viktig informasjon for epledyrkarar og rådgjevingstenesta, som dermed kan avgjere om tiltak er naudsynt. Prognose for angrep vert rekna ut for meir enn 50 stasjonar fordelt på alle fruktdistrikt. Varslinga av rognebærmøll er eit samarbeid mellom lokale rådgjevarar i fruktdistrikta.

– No har berekninga av utviklinga til rognebærmøll blitt mykje enklare å gjere, seier Berit Nordskog, forskar ved NIBIO.

– Det har blitt veldig mykje enklare og meir intuitivt enn tidlegare. No slepp du å klikke rundt fleire stader for å finne informasjon – alt er på ein stad, seier ho.

Fordi utviklinga til rognebærmøll er avhengig av temperatur, kan utviklingsfarta og tidspunkt for tiltak variere mellom ulike distrikt.

Nordskog forklarar at ein tidlegare måtte gå inn til ein eigen kalkulator og rekne ut ein varmesum for å sjå kor langt utviklinga har kome.

– No har vi laga ei eigen berekning for rognebærmøll som ein del av rognebærmøllvarslinga. Her kan du sjå bilete som viser korleis rognebærmøllen ser ut på ulike utviklingsstadium, og ein graf som viser kor langt den har kome i utviklinga med utgangspunkt i tidspunktet rogna står i full blom som brukaren sjølv legg inn, avsluttar ho.

NIBIO-forsker Gunnhild Jaastad. Foto: Selvportrett
NIBIO-forsker Gunnhild Jaastad. Foto: Selvportrett
Voksen rognebærmøll. Foto: Erling Fløistad
Voksen rognebærmøll. Foto: Erling Fløistad

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.