Hopp til hovedinnholdet

Raudfottege – eit aukande problem i norske frukthagar

Rødfottege_P6301035_DRB_cropped

Vaksen raudfottege på kirsebærblad. Foto: Dag-Ragnar Blystad

Breiteger er vanlege insekt i naturen. Nokre er altetande og kan reknast som nyttedyr, då dei mellom anna et larver som gjer skade i frukthagar. Andre tegeartar sug plantesaft og kan gjere stor skade på planter om det vert mange av dei. Desse kan føre til eit økonomisk problem i fleire fruktslag.

Raudfottege er ei velkjend breitege som lever på lauvtre i naturen, men også i frukthagane. Det er kjent frå langt tilbake at den kan gjere skade i pære. Teger som sug på karten er årsak til flatstein i pære. Dei siste åra har det vorte alt for mange raudfotteger i morellhagar, med alvorlege tegeskader på avlinga og økonomiske konsekvensar for produsentane.

Rødfottege_P6301039_DRB.jpg
Vaksen raudfottege på kirsebærblad. Foto: Dag-Ragnar Blystad

Størst problem i morell

Lærdal er i dag bygda med mest morelldyrking i landet. Stine Huseby, rådgjevar i Norsk Landbruksrådgiving (NLR Vest), fortel at raudfottegene og skader på morellane har auka i Lærdal dei siste 3–4 åra. I enkelte hagar kan opp mot halvparten av frukta vere skada. Ho ser og ei utvikling i tegeskade på plomme, eple, aprikos og pære. Problemet ser og ut til å auke år for år i andre fruktområde, men kvifor det aukar på er ikkje kjent.

– Morellar er det fruktslaget som gir best utbetaling per kg til bonden, fortel Gunnhild Jaastad, forskar i NIBIO. Ei god morellavling kan liggje frå 1000 til 2000 kg på målet, og betalast med rundt 80 kr per kg til produsent.

– Når eitt skadedyr truger med å skade halve avlinga, er det store verdiar på spel, fortel ho vidare.

P6300936_cropped.jpg
Skader av raudfottege på morell, slik frukt er ikkje salsvare. Foto: Dag-Ragnar Blystad

Mykje vi ikkje veit om teger

– Tegeskader i slikt omfang minner oss på at det er mykje vi ikkje veit om teger. At dei ikkje har vore eit stort problem i morellar før kan skuldast at tiltak mot andre skadedyr i frukthagane har halde bestanden av teger på ei lågt nivå. At nokre kjemiske skadedyrmiddel har mista godkjenninga, kan vere ein av årsakene til at det no er meir tegeskade i frukthagane.

– Eit endra klima kan og vere ei årsak til problemet, men når problemet først er her treng me å skaffe oss meir kunnskap om raudfottega og andre teger, meiner Jaastad.

NIBIO og NLR Vest samarbeider om å skaffe eit forprosjekt for å kartlegge moglege tiltak for integrerte bekjemping av raudfottege i frukthagar. Der er og gode utsikter til samarbeid med andre forskingsmiljø, sidan tegeskader er eit aukande problem for fruktdyrkarar i andre europeiske land. Skade som skuldast teger er og eit aukande problem i grønsakdyrking, både på friland og i veksthus.

– Noko me treng å få vite er kva tiltak kan setjast inn mot dei ulike livsstadia til tegene, og når det løner seg mest å sette inn tiltak, fortel Stine Huseby.

 

Lette å kjenne att

Raudfottega vert 11–15 mm lang. Oversida er mørk med markert skulder som ender i ei tann. Den har ein guloransje flekk midt på bakkroppen, der sideranden har vekslande gule og svarte flekker. Antennene er mørkebrune og beina er, som namnet seier, raudbrune. Slik er dei vaksne tegene lette å kjenne att. Nymfene er mindre fargerike, dei er brune og spragla, men med tre par guloransje prikkar på bakkroppen. Både vaksne og nymfer gjer skade på frukta, heilt frå rett etter blomstring til fram mot hausting.

insektlogomednavn1500.jpg
Gunnhild_Jaastad_foto_Thomas_Harris.jpg
Forskar Gunnhild Jaastad. Foto: Thomas harris
Voksenognymfer NTrandem.jpg
Vaksen og nymfe av raudfottege. Foto: Nina Trandem
Egg i under grein (2) Foto S_Huseby NLR_cropped.jpg
Egg av raudfottege. Foto: Stine Huseby, NLR Vest

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.