Hopp til hovedinnholdet

Morellar i veksthus

erfl-20180628-202027

Jens Landa har mykje hausteklare søtkirsebær, ikkje eit bær er sprukke eller rotna, sjølv om bæra heng svært tett. Foto: Erling Fløistad

Stadig fleire bær og fruktslag får tak over hovudet, og vert dyrka med godt resultat i plasttunnelar. I Rogaland går no nokre veksthusgartnarar eit steg vidare, og flytter morelltrea bokstaveleg talt i hus, og det med god grunn.

Hos Jens og Gunn Elin Landa på Finnøy blei dei siste tomatplantene rydda ut i 2016. Då hadde dei eit tomt veksthus på eit daa. Etter inspirasjon frå vener og eksperimenteringa til Åge Jørgensen sine forsøk i NIBIO sine veksthus på Særheim, ved Bryne på Jæren valde dei å forsøke med kirsebær i hus.

erfl-20180628-191920

Trendar i bærdyrkinga

Både internasjonalt og i Norge er det ein trend å flytte stadig fleire bærslag under tak. Med tak over plantene regner det ikkje på bæra, det gir mindre problem med råte og sprekking. Produksjonen kan planleggast meir nøyaktig og haustesesongen kan utvidast, noko som omsetningsleddet er avhengig av.  Ei utfordring er  å halde investeringane nede, slik at økonomien går opp. Mange dyrkarar satsar då på enkle plasttunnelar og regntak i bær og morell-produksjonen.

I Rogaland finst ei rekke mindre og eldre veksthusanlegg der tomat-dyrkinga nå ikkje lenger løner seg, det er etablert stadig større nye anlegg i distriktet. Kva kan desse eldre veksthusa nyttast til?

 

Forsking og utvikling hand i hand

Jens og Gunn Elin Landa vart med på eit prosjektet saman med 8 veksthusgartneri i Rogaland og NIBIO for å utvikle dyrking av morellar i veksthus.  I dette prosjektet deltar gartnarane aktivt i forsking og utvikling, etter som det ikkje finnes ei ferdig lærebok i dyrking av kirsebærtre i potter i veksthus. I veksthusa på Særheim har Åge vist at det går fint an å få god avling på kirsebærtrær som ikkje er planta i bakken. Men det står att å finne ut korleis trea skal stelles og skjeres over fleire år for å få stabil avling. Kva for sortar gir best avling og smak i veksthus? Kan alle sortane skjeres og vatnast likt?

 

Norske konfektmoreller

Jens og Gunn Elin er midt i sin andre haustesesong med innomhus-kirsebær. Jens er ikkje heilt trygg på rett haustetid på kvar av de 8 ulike sortane, han har i veksthuset. Målet er å berre hauste fullmodne bær slik at smaken blir heilt topp, og betre enn på importbæra han må konkurrere med. Etter prosjektet er målet er å velje ut 3 – 4 sortar er best egna for veksthusdyrking. Omsetting av bæra har til no gått direkte til kundar. Planen er å marknadsføra desse søtkirsebæra som «konfekt-moreller», i eigna delikatesse-emballasje. Dette skal gje meirpris og dermed høgare inntening enn vanlege søtkirsebær. Marknadsaktørane Coop og Bama er samde i denne strategien, og begge er svært interessert i å få prøvd desse konfekt-morellene i marknaden. Bæra er garantert frie for sprøytemiddel, trea er ikkje sprøyta med anna enn grønsåpe.

erfl-20180628-202004_preview_jpeg.jpg
Foto: Erling Fløistad
Prosjekt:

Prosjekt:
Søtkirsebær dyrka i potter i veksthus og tunnel

Utvikling av nytt, intensivt dyrkingskonsept gjennom forskingsbasert næringsutvikling

Mål:

Finne aktuelle søtkirsebærsortar, grunnstammer og formingsmetodar
Teste ulike pottetypar, aktuelle vekstmedium og utvikle kunnskap om gjødselvatning
Kunnskap om klimastyring gjennom vekstsesongen for tidleg og sein produksjon
Minimere bruken av kjemiske plantevernmidlar, med klimastyring, insektnett og nyttedyr
Marknadstesting av produkta
 

Samarbeidspartane

Prosjektet er eit samarbeid mellom produsentgruppa på 8 veksthusgartnarar (Rogaland) og 3 tunnelprodusentar (Rogaland og Hordaland),  NIBIO Særheim (Rogaland) og NIBIO Ullensvang (Hordaland) og marknadsaktørane Bama og Coop.

 

Prosjektleiar: Åge Jørgensen, NIBIO

Prosjektperiode: 2016 – 2019

Fiansiering: Regionalt forskingsfond Vestlandet

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.