Hopp til hovedinnholdet

Nytt risikokart for gulrotfluge i VIPS

erfl-20240506-152553

Gulrotbonde Per Jan Rege set ut limfelle for å sjå når gulrotfluga tek til å sverme i åkeren. Rådgjevar i NLR, Kari Aarekol vil hjelpe til med å identifisere fluger på fellene. Foto: Erling Fløistad

Rett sør for flystripa på Sola set gulrotbonden Per Jan Rege ut limfeller i åkeren, slik han alltid gjer omtrent på denne tida. Han ønskjer å få vite når gulrotfluga tek til å fly inn i åkeren. For å unngå angrep og oppformering av gulrotfluge i felta, er det ekstra viktig å treffe rett tidspunkt med behandling.

Per Jan Rege driv rundt 100 daa gulrot, med levering frå 20. juni og ut oktober. I tillegg har han nepe og raudbete. Alt blir levert i bunt. Kulturane er spreidd på ulike skifte, mykje leid jord, for å sikre godt vekstskifte. Til å halde oversikt over limfeller og tiltak får han god hjelp av rådgivar Kari Aarekol i Norsk landbruksrådgiving. Saman har dei lang erfaring med å kontrollere skadedyr, sjukdommar og ugras i produksjonane.

Per Jan Rege er nøgd med utviklinga på gulrota som vart sådd 25. januar. Foto: Erling Fløistad
Per Jan Rege er nøgd med utviklinga på gulrota som vart sådd 25. januar. Foto: Erling Fløistad

 

Nyheit i 2024 – eige risikokart for gulrotfluge i VIPS

I mange år har VIPS – www.vips-landbruk.no - varsla om svermetidspunkt for gulrotfluge. Så langt har varsla vorte berekna for vêrstasjonar i VIPS-kartet, men lokalt klima kan variere mykje over ein avstand på nokre kilometer. For Per Jan Rege er næraste vêrstasjon med gulrotfluevarsling 12 km lengre sør på Jæren. Sjølv på den relativt korte avstanden kan vêret, og dermed svermetidspunktet for gulrotfluga variere. Derfor har det lenge vore eit ønske om varslar som er meir tilpassa kvart enkelt bruk.  

No er altså denne tenesta tilgjengeleg. Risikokart viser varslar i eit 1x1 km rutenett. Varselet viser om vêret ligg til rette for sverming av gulrotfluge. Informasjonen i kartet gir òg ei regional oversikt utanfor dei faste målestasjonane.

Forskar i NIBIO, og fagansvarleg for skadedyr i grønsaker, Annette Folkedal Schjøll er glad for å kunne levera varslar og prognosar til kvar einaste gard i landet.

– No får kvar enkelt dyrkar hjelp til å følgja med på når det er fare for angrep i eigen åker, og når det er viktigast å følge med i kvart felt. Ho vil likevel minna om at dette varselet berre er eit av fleire verktøy bonden treng for å bestemme tiltak.

– Det er nemleg ikkje sikkert at skadegjeraren svermar i akkurat denne åkeren, sjølv om varselet seier at der er fare for det, minner Schjøll om.

Kari Aarekol er samd i at det er bonden sjølve som må ta avgjerda om tiltak, sjølv om ho er behjelpeleg med å finne ut om det er gulrotfluge på fellene. For rådgivarane blir det no enklare å prioritera innsatsen i distriktet, sidan dei kan følgje med på kartet og sjå kor faren for angrep dukkar opp først.

Risikokartet syner at gulrotfluga i år kunne starte sverming  dei tidlegaste plassane i Rogaland frå 11. mai. Under plast kan sverminga starte ein til to veker før.
Risikokartet syner at gulrotfluga i år kunne starte sverming dei tidlegaste plassane i Rogaland frå 11. mai. Under plast kan sverminga starte ein til to veker før.

 

Utvikling av risikokart

Prosjektleiar i VIPS, Berit Nordskog i NIBIO fortel at risikokarta blir oppdaterte ein gong per døgn, og har ein tidsskala der det er mogeleg å navigere i tid frå startdatoen til modellen og inntil to døgn fram i tid. Gulrotfluga sitt svermetidspunkt er den første modellen med risikokart, seinare i sesongen kjem det kart for tørråte i potet. Karta er eit resultat frå prosjektet "Grid-baserte varslar i VIPS", med finansiering frå Landbruksdirektoratet igjennom Handlingsplan for berekraftig bruk av plantevernmiddel i 2023.

– Risikokarta er resultat av synergiar mellom fleire prosjekt, fortel Nordskog. Norske bønder får her eit nytt verktøy utvikla i internasjonale prosjekt, mellom anna IPM Decisions og MaDiPHS, digitale plantehelsetenester i Malawi.  

I ein hektisk kvardag med jordarbeiding, såing, lufting av gulrot under plast og der vassvogna allereie er i gang, forsikrar gulrotbonde Per Jan Rege at nok kjem til å følgje med på risikokartet i VIPS, men at han og vil oppretthalde eit tett samarbeid med rådgivaren sin.

Gule limfeller i bruk for å overvaka angrep av gulrotfluge. Foto: Erling Fløistad
Gule limfeller i bruk for å overvaka angrep av gulrotfluge. Foto: Erling Fløistad
Skade av gulrotfluge. Foto: Gudmund Taksdal
Skade av gulrotfluge. Foto: Gudmund Taksdal

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.