Ny teknologi gjev høgare geografisk nøyaktigheit i risikokart
Eit innovativt nytt verktøy utvikla av NIBIO gjennom internasjonale prosjekt skal gje betre risikokart for sjukdomar og skadegjerarar.
I år får norske bønder eit nytt verktøy dei kan benytte i den nettbaserte varslingstenesta VIPS (Varsling Innan Planteskadegjerar).
Det handlar om nye risikokart som viser varslar for ulike planteskadegjerarar basert på vêrdata i eit 1x1 km rutenett.
Synergiar
Risikokarta sitt generelle datagrunnlag og potensiale for integrering av ulike modellar er resultatet av synergiar mellom fleire prosjekt NIBIO har vore med i, deriblant samarbeidsprosjekta IPM Decisions og MaDiPHS (Malawi Digital Plant Health Service), der risikokart for skadegjerarar skal settast opp i tenester med relevans for brukarar i Europa og i Malawi.
Varsla viser om vêrtilhøve ligg til rette for at skadegjerarar kan utvikle eller spreie seg, forutsett at andre biologiske forutsetningar er oppfylt. Informasjonen i kartet gjev ei regional oversikt utan å vere avhengig av faste målestasjonar. Tilsvarande varslar for ulike skadegjerar blir også rekna ut med data frå vêrstasjonar på faste lokasjonar der meir detaljerte berekningar kan hentast opp via visinga i kartet på VIPS-framsida.
Genererer fleire tusen geografiske punkt
Gulrotflua sitt svermetidspunkt var den første modellen som ble satt opp for visning i risikokart. Risikokart viser varslar i eit 1x1 km rutenett. Varselet viser når ein kan forvente sverming av gulrotflugas første generasjon.
– Informasjonen i kartet gir òg ei regional oversikt utanfor dei faste målestasjonane. Risikokart for potettørråte blei satt i gang i midten av mai. Varselet viser om veret er gunstig for spreiing, fortel Berit Nordskog, forskar i NIBIO.
– Brukarar av VIPS må sjølv vurdere om skadegjeraren finst i det aktuelle området, om vertplantar er mottakelege, og om det er behov for tiltak. Det blir tilrådd å ta kontakt med sin lokale rådgjevar for vurdering av aktuelle tiltak, seier ho.
Meir tilgjengeleg
Tor Einar Skog, seniorrådgjevar ved NIBIO har hatt ansvaret for å utvikle det nye verktøyet.
– I korte trekk har vi teke i bruk forbetra og meir tilgjengelege vêrdatakjelder som dekkjer eit heildekkande rutenett av vêrvarsel med ulik grad av oppløysing. Desse dataene blir brukt til å rekne ut risiko ved hjelp av modellane vi har tilgjengelege, som bereknar risiko for kvart enkelt punkt. Vi kan generere fleire tusen punkt. Slik treff vi større delar av området og oppdagar tendensar i dei omkringliggjande områda, forklarar Skog.
Skog fortel at Meteorologisk Institutt i Noreg har delt data med NIBIO.
– Og vi bruker tyske vêrdata frå det europeiske IPM Decisions-prosjektet for å køyre modellar for heile Europa. Dei europeiske dataene er meir grovmaska enn dei norske, men dei har vore nyttige for våre formål, seier seniorrådgjevaren.
Han seier fokuset er å implementere modellar for å føreseie risiko for ulike skadegjerarar og sjukdomar i plantar. Til dømes rapsglansbiller, epleviklar og septoria-soppsjukdom som skal brukast i IPM Decisions-plattformen i Europa.
– I nokre tilfelle har vi ikkje laga kartet sjølv, men bruker modellane våre for å forstå risikoen.
God støtte
– Vi har jobba tett med Meteorologisk Institutt og har utvikla standardar for å vise slike modellar geografisk og over tid. Dette har ført til at vi har forbetra tenestene våre og gjort dei meir tilgjengelege for brukarane. Alt vi gjer er framleis ope og tilgjengeleg for alle, understrekar Skog.
Han fortel at dei også har òg fått hjelp frå Jonathan Rizzi i NIBIO, ein ekspert på stordata, for å kunne utvikle det eksisterande rutenettverket.
– Vêrdataene blir stadig meir tilgjengelege, og vi trur at tilnærminga vår til å bruke desse dataene vil vere innovativ og nyttig, spesielt i IPM Decisions og i land som Malawi. Alt dette ville ikkje vore mogleg utan støtta og hjelpa frå Meteorologisk Institutt, avsluttar han.
KONTAKTPERSON
VIPS - Varsling innen planteskadegjerarar
Varsling Innen Planteskadegjerarar (VIPS) er ei nettbasert varslings- og informasjonsteneste utvikla for integrert bekjemping av skadedyr, ugras og sjukdomar i jord- og hagebruksvekstar. Tenesta er open og tilgjengeleg for alle, men rettar seg spesielt mot bønder og rådgjevarar innan norsk landbruk. Teknologiplattforma VIPS er basert på open kjeldekode og inngår òg i ei rekkje internasjonale prosjekt.
Sidan 2014 har VIPS vore ein del av fleire internasjonale prosjekt knytt til utvikling av verktøy for integrert plantevern i Europa, Asia og Afrika, inkludert samarbeid med organisasjonar som FAO og IITA. VIPS har blitt godkjend av FN som eit globalt digitalt fellesgode.
VIPS risikokart Risikokart viser varsel for ulike planteskadegjerarar basert på vérdata i 1x1 km rutenett. Varsla viser om vérforholda ligg til rette for at ein skadegjerar kan utvikle eller spreie seg, føresett at andre biologiske føresetnader er oppfylte.
IPM DECISIONS
IPM Decisions har som mål øke nytteverdien av digitale beslutningsstøtteverktøy (Decision Support Systems-DSS) for Integrert plantevern (IPV). Prosjektet skal levere DSS, data, verktøy og ressurser gjennom en pan-europeisk nettbasert plattform og et IPV beslutningsnettverk.
KONTAKTPERSON
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.