Hopp til hovedinnholdet

No er det tid for snigeljakt!

ef-20140812-221004

Foto: Erling Fløistad.

Endeleg kom regnet! Ein som også likar seg i våte vêrforhold er brunsnigelen. No er han tilbake i hagane. Er du på krigstien dei neste vekene, før snigelen får lagt egg, kan du gjere eit stort innhogg i neste års bestand, seier snigleekspert.

Bøndene er ikkje dei einaste som prisar seg lukkelege over våtare vêr etter tørkesommaren. Også brunsniglane føretrekk fuktige forhold. No kryp dei igjen fram frå skjulestadane sine, fortel snigelekspert Erling Fløistad ved NIBIO.

Har venta på regnet

- Mange sniglar har valt å ligge i skjul i sprekker nede i jorda eller andre fuktige plassar og venta på våtare forhold. Sniglar er heilt avhengige av vatn for å vere aktive. Dei som har lege i ro er framleis ganske små, og nokre kan ha døydd, seier Fløistad.

Nokre av sniglane har likevel klart å halde aktiviteten oppe ved å nytte nattetimar med dogg i graset til å ete seg store. 

- Desse er no i full gang med paring, og vil ganske snart vere klare til å leggje egg. Frå paring til egglegging tek det to til tre veker, opplyser han.

 

Tid for handling

Dette er den beste tida å gå på snigeljakt ifølgje Fløistad:

- No er tida inne for å ta brunskogsniglane før dei rekkjer å leggje egga sine. Del dei i to med ein spade og la dei ligge der dei sprakk. Dette er gratis åte som lokkar fram dei andre sniglane du ikkje finn på første runde. Men det er lurt å drepe dei største brunskogsniglane først, det er dei som kan legge flest egg, seier NIBIO-eksperten. 

Fløistad trur det også kan vere lurt å halde fram med jakta utover hausten.

- Ta gjerne ein eller to sniglerundar i hagen kvar veke fram til frosten kjem. Dette kan kombinerast med ugrasluking, deling av staudar og anna rydding i hagen. Litt jobb om hausten kan spare mykje arbeid neste sommar, både med ugras og sniglar, legg han til.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.