Hopp til hovedinnholdet

Jordbruksinntekta gjekk ned med 26 prosent i 2023

erfl-20230811-125834

Uvêret «Hans» førte til dårlege avlingar for mange bønder i 2023. Dette fekk konsekvensar for inntekta. Foto: Erling Fløistad

Avlingsnedgang grunna uveret «Hans», prisauke på viktige innsatsfaktorar saman med uendra pris på landbruksvarer, førte til ein kraftig nedgang i bøndenes inntekter i 2023. Renteauke har og slått inn i rekneskapen til mange bønder, spesielt for dei som nyleg har gjort store investeringar.

Etter tre år med auka inntekt syner driftsgranskingane ein stor nedgang i inntekt frå 2022 til 2023. Gjennomsnittleg jordbruksinntekt for bøndene i driftsgranskingane landa på 363 900 kroner mot 492 900 kroner i 2022. Driftsgranskingane er tufta på ei årleg rekneskapsundersøking som omfattar rundt 1000 gardsbruk. Desse er valde ut slik at dei representerer ulike landsdelar, storleiksgrupper og driftsformer. Om lag 100 av bruka inngår i skogbruksdelen av driftsgranskingane.

– Hans tok mykje av avlingane på delar av Austlandet, men Vestlandet og Trøndelag vart og råka. Kornavlingane vart spesielt låge, og dette speglar seg no av i rekneskapane til bøndene frå 2023, forklarar Heidi Knutsen som er seniorrådgjevar i NIBIO.

– Kostnadene for kraftfôr auka med elleve prosent og kunstgjødsla vart 27 prosent dyrare. Utgifter til avløysing, innleigd arbeidskraft og leasing auka og mykje. I gjennomsnitt auka kostnadene med ti prosent i forhold til 2022. Prisene på landbruksprodukt, derimot, var nesten uendra. Trass i auka tilskot, gjorde desse tilhøva at inntekta gjekk ned, held Knutsen fram.

Inntektsnedgangen kjem trass i at tilskota auka mykje i 2023. I gjennomsnitt, per deltakar i driftsgranskingane, auka tilskota med 150 000 kroner, tilsvarande 19 prosent frå 2022. Dette gjorde at tilskota i gjennomsnitt utgjorde 33 prosent av produksjonsinntektene.

Bilde1.png
Grafen syner utviklinga i inntekt for fleire ulike grupper i samhellet. Bondeinntekta fekk ein kraftig knekk i 2023.

 

Resultat for ulike produksjonar

Som alltid er det store skilnader mellom landsdelar og produksjonar. Taparane i 2023 var kornbøndene.

– Etter eit fantastisk år i 2022, vart 2023 eit dårleg år for mange kornprodusentar. Det vart stor avlingsnedgang og sjølv om kornprisane auka mellom 4 og 6 prosent, gjekk inntektene frå korn ned med 41 prosent og i gjennomsnitt for produsentane vart inntekta negativ dette året, fortel Knutsen.

– For mjølkeprodusentane vart det heller ikkje så bra. Mjølkeprisen gjekk ned og prisen på storfekjøt var omtrent uendra. Samstundes auka variable- og faste kostnader med høvesvis 12 og 9 prosent, saman med stor auke i renteutgiftene. Snittinntekta landa noko under snittinntekta for alle bøndene.

Jordbruksinntekta til bruk med sauehald og ammekyr vart høvesvis på 231 600 kroner og 217 700 kroner. Desse produksjonane har loge lågt i mange år. Bruk med svinehald og korn ligg som vanleg betre an, sjølv om dei og hadde ein nedgang i inntekt til 534 900 kroner.

Bilde2.png
Grafen syner utviklinga i jordbruksinntekt frå 2012 til 2023. Dei mørkegrøne søylene er justert for prisstiging slik at dei er meir samanliknbare over år.

 

Fruktbøndene kom best ut i 2023

– Dei einaste som hadde eit godt år i 2023 kan vel seiast å vêre fruktbøndene. Det var gode avlingar på alle fruktslaga og sjølv med ein liten prisnedgang på produkta, auka likevel marknadsinntektene med 28 prosent.

– Tilskota auka med 27 prosent, og særleg var det distriktstilskotet til frukt som auka mykje, med 49 prosent. Trass i auka utgifter vart det derfor fruktbøndene som kom ut med høgast jordbruksinntekt i 2023 med 601 600 kroner, avsluttar Knutsen.

Tabellane frå driftsgranskingane for 2023 er no lagt ut på NIBIO sine nettsider. Her kan ein finne tal for ulike produksjonar og landsdelar. 

 

* Jordbruksinntekta blir målt som løn til alt arbeid og rente på eigenkapital per årsverk.

Driftsgranskingar i jord- og skogbruk
Driftsgranskingane

Driftsgranskingane i jord- og skogbruk er ei rekneskapsgransking som viser resultat og økonomisk utvikling på norske gardsbruk, og er ein del av den offisielle statistikken i Noreg. For 2023 omfattar granskinga tal frå rundt 1000 gardsbruk. Desse er valde ut slik at dei representerer ulike landsdelar, storleiksgrupper og driftsformer.

Kven er med i driftsgranskingane?

Gardsbrukane som er med i driftsgranskingane har ein vesentleg del av inntekta frå jord- og skogbruk. Gardsbrukane er valde ut tilfeldig, men samtidig på ein slik måte at dei representerer ulike landsdelar og driftsformer. Samla representerer dei eit gjennomsnitt av alle aktive jordbruksbedrifter i Noreg med ei viss omsetning. 6 – 10 % av bruka blir skifta ut frå år til år. Deltaking i driftsgranskingane er frivillig.

Driftsgranskingar og skatterekneskapar

Jordbruksinntekt er det same som vederlag til arbeid og eigenkapital. Det vil seia lønn til alt arbeid i jordbruket, både bonden sitt eige arbeid og innleigd arbeidskraft, og rente på eigenkapitalen. Driftsresultat før skatt finst i skatterekneskapen. Det blir rekna ut på ein annan måte og kan m.a. innehalda inntekter frå andre næringar enn berre jordbruk. I nokre tilfelle kan resultatet frå skatterekneskap og driftsgranskingane vera svært ulike.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.