Grunnlagstala for jordbruksoppgjeret 2025

Jordbruksoppgjeret vert ofte kalla for vårens vakraste eventyr. Eventyret startar med at Budsjettnemda for jordbruket legg fram grunnlagstala. Desse tala syner inntekter og utgifter i norsk jordbruk og ligg til grunn for forhandlingane mellom bondeorganisasjonane og staten. Foto: Erling Fløistad
Grunnlagstala for jordbruksoppgjeret er klare for 66. gong. I fjor vart det gjort viktige endringar i korleis tala vert rekna ut. Stortinget har bedt regjeringa leggja til grunn same berekningsprinsipp som i 2024. Dei nye reknemetodane gjer at tala speglar økonomien i dei aktive jordbruksbedriftene og på nivå kan samanliknast med lønsmottakarar.
Totalkalkylen for aktive jordbruksbedrifter er grunnlaget for dei årlege jordbruksforhandlingane. Rekneskapen byggjer på samla tal for sal og innkjøp av varer og tenester frå det aktive jordbruket. Eitt tal får særskild stor merksemd: den såkalla samanlikningsinntekta. Dette talet skal leggjast til grunn for ein opptrappingsplan for inntekta i jordbruket. Planen vert skildra i Hurdalsplattforma til Arbeiderpartiet og Senterpartiet og i Stortingsmelding 11 frå i fjor.
Det har vore mykje usemje om korleis denne samanlikningsinntekta skal reknast ut. Reknemetoden vart endeleg vedteken i Stortinget den 8. april. I tillegg til fleire endringar som vart gjennomført allereie i fjor, vart det vedteke at timetalet for eit årsverk skal setjast ytterlegare ned. Det vil skje i steg frå 1845 (i 2024) til 1700 (i 2027).
Inntektstala
Totalkalkylen inneheld endelege tal for 2023, foreløpige tal for 2024 og budsjetterte tal for 2025. I fleire år har den urolege verdssituasjonen gjort det vanskeleg å budsjettera:
– Prognosane for budsjettåret 2025 er prega av usikkerheit, særleg på grunn av langvarige effektar frå krigen i Ukraina og marknadsuroa som følgje av tilløp til tollkrig, forklarar seniorrådgjevar og landbruksøkonom i NIBIO, Lars Johan Rustad.
– Berekningane er basert på mest mogleg oppdatert grunnlag ved utrekningstidspunktet, og eksisterande prisendringar i perioden er inkorporert. USAs tollsatsauke frå 2. april 2025, og potensielle konsekvensar, har me ikkje tatt omsyn til.
Totalkalkylen syner at samanlikningsinntekta for 2023 var på 430 600. Førebels tal for 2024 er 581 200 og budsjettert inntekt for 2025 er 691 600. Inntekta for lønsmottakarar som det skal samanliknast med var på 658 800 i 2024. Bøndenes inntekter varierer mykje mellom produksjonar, regionar og bruksstørrelsar. Det kan du lesa meir om i Referansebruksutredninga og i tidlegare nyheiter frå NIBIO.
– Tala er rekna ut frå årsresultat per familieårsverk inkludert effekt av jordbruksfrådraget som er eit særskilt skattefrådrag for bønder, forklarar Rustad.
– Frå dette årsresultatet vert det trekt frå eit beløp som skal dekka dei pengane ein må setja av til framtidige investeringar i avskrivbar kapital. Så legg ein til ei såkalla normeringsfaktor på 20 %. Normeringsfaktoren er politisk bestemt og er eit slags effektivitetskrav, held han fram.
Den nye reknemetoden ser slik ut:
Oppsett for berekning av gjennomsnittleg jordbruksinntekt for nivåsamanlikning


Endringane
Årsresultatet per familieårsverk auka med 124 100 kroner frå 2023 til 2024. Det er budsjettert med ein auke på ytterlegare 91 600 kroner frå 2024 til 2025.
– 2023 var eit dårleg år for landbruket. 2024 vart betydeleg betre. Bøndenes inntekt kan variera mykje frå år til år blant anna på grunn av variasjon i prisar på viktige innsatsfaktorar som gjødsel, kraftfôr og diesel. I kalkyla er det rekna med normalårsavlingar for korn, poteter, grønsaker, frukt og bær, men auka mjølkevolum bidrog til auka inntekter i 2024. Auka tilskot har og vore med på å betra inntekta i 2024, seier Rustad.
– Frå 2023 til 2024 auka direkte tilskot med 83 000 kroner per årsverk, og ikkje-varige kostnadar blei redusert med 20 000 kroner per familieårsverk. Fall i prisen på handelsgjødsel bidrog mest. Rentekostnaden auka med 24 000 kroner per familieårsverk. Det var ein auke i marknadsinntekter på 57 000 kroner per årsverk med mjølk som viktigaste bidragsytar.
Summen av produksjonsinntektene i jordbruket før tilskot vart berekna til 44,9 milliardar kroner for 2024. I tillegg vart det utbetalt 19,8 milliardar kroner i direkte tilskot til bøndene. Summen av kostnadar vart berekna til 44,3 milliardar kroner. Utan tilskot ville overskotet vorte svært lavt. Det vart rekna med 31 550 familieårsverk på aktive jordbruksbedrifter i fjor.
Ynskjer du å vita meir om bøndenes inntekter og økonomien i norsk landbruk, kan du lesa nyheitssakene som det er lenka til nedanfor. Grunnlagsdokumenta med tabellar og forklaringar finn du ved å klikka på den gule boksen "Grunnlagsmateriale til jordbruksforhandlingane".

KONTAKTPERSON

Lars Johan Rustad
Seniorrådgiver
-
Divisjon for kart og statistikk
(+47) 911 27 954 lars-johan.rustad@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg O43
Leder i Budsjettnemnda for jordbruket, Knut Børve, har telefon 917 93 965.
Fakta
Det er Budsjettnemnda for jordbruket (BJF) som utarbeidar jordbrukets totalrekneskap eller Totalkalkylen for jordbrukssektoren og Totalkalkylen for aktive jordbruksbedrifter. Rekneskapen Totalkalkylen for jordbrukssektoren sine talseriar startar i 1959. Totalkalkylen for aktive jordbruksbedrifter er materialet som brukast i forhandlingane og syner inntekter, utgifter og endringar for åra 2012-2025 over tid for dei aktive jordbruksbedriftene.
Nemnda er eit utval samansett av partane i jordbruksoppgjeret: Det vil seia Landbruks- og matdepartementet, Finansdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Noregs Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Nortura samt representantar frå Statistisk sentralbyrå og leiaren av BFJ.
Sekretariatsansvaret for BFJ er lagt til avdeling Landbruksøkonomisk analyse i NIBIO. Nemnda legg fram talmaterialet for partane i jordbruksoppgjeret, altså staten og bondeorganisasjonane, og materialet gir partane grunnlag for å vurdera den økonomiske stillinga til jordbruket under jordbruksforhandlingane.
Totalkalkylen for jordbrukssektoren
viser inntektsnivå og inntektsutvikling i jordbruket, og gir eit samla bilde av verdiskapinga i sektoren for heile landet. Kalkylen viser totalverdiane som er skapt i norsk jordbruk ved utnytting av produksjonsfaktorane i jordbruket.
Totalkalkylen for aktive jordbruksbedrifter
er totalkalkylen som blir bruka i dei årlege jordbruksforhandlingane. Kalkylen brukar normaliserte avlingar og prisar for planteprodukt. Leiepostar blir ført. Kalkylen blir mellom anna brukt for å samanlikna bøndenes inntektsnivå og inntektsutvikling med andre grupper i samfunnet.
Referansebruka
viser økonomiske resultat for 30 referansebruk, som representerer ulike driftsformer, storleikar og geografi. Referansebruka blir under forhandlingane brukt til å rekna på utslag av krav og tilbod for ulike typar bruk.
Berekningane byggjer på talmaterialet frå 697 av jordbruksbedriftene som inngår i driftsgranskingane
Resultatkontrollen
er ei samanstilling av data som belyser utvikling og måloppnåing i jordbruket. Her får ein fram verknaden av jordbrukspolitikken gjennom utvalde måleparametrar, og endringane i desse.
For eksempel kan strukturutvikling bli synleg gjennom endringar i storleik på bruka og i talet på dyr.
Geografisk fordeling av jordbruksproduksjonen blir og dokumentert gjennom resultatkontrollen.
KONTAKTPERSON

Lars Johan Rustad
Seniorrådgiver
-
Divisjon for kart og statistikk
(+47) 911 27 954 lars-johan.rustad@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg O43
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.