Hopp til hovedinnholdet

Grunnlaget for jordbruksoppgjeret 2019 er klart

Toppfoto_Store Gryteland gard_Ski_Akershus_Foto Kjersti Kildahl

Utsyn frå Store Gryteland gard, eit kornbruk i Ski kommune, Akershus. Foto: Kjersti Kildahl.

Tørkesommaren 2018 fekk store konsekvensar for mange bønder. Likevel gjekk bondens inntekt noko opp. Det viser grunnlagstala for jordbruksoppgjeret. Men grunnlaget skal og reflektere ein normalsituasjon som tar vare på heile bildet over tid, det vanlege og det uvanlege.

Bondens inntekt gjekk opp 1,0 prosent, eller 3 400 kroner, frå 2017 til 2018. For 2019 er det budsjettert ein nedgang på 6,6 prosent, tilsvarande 23 500 kroner per årsverk.

Slik er nokre av tala som Budsjettnemnda for jordbruket la fram i dag. Inntekta er da målt som vederlag til arbeid og eigenkapital per årsverk - frå normaliserte rekneskapstal.  

Dei normaliserte tala er baserte på resultat over fleire år, der variasjonar knytt til vær eller tilfeldige økonomiske utslag er forsøkt jamna ut. Det er dei normaliserte resultata som blir lagt til grunn i jordbruksforhandlingane.

Tørt jorde i Hedmark_juni 2018_0932_Foto Kjersti Kildahl
Tørt jorde på Austlandet, sommaren 2018. Foto: Kjersti Kildahl.

Ein viss oppgang trass i tørken

Enkelte kan nok bli overraska over ein inntektsoppgang som resultat av tørkeåret 2018. Lars Johan Rustad i NIBIO er leiar for avdeling Landbruksøkonomisk analyse som er sekretariat for Budsjettnemnda for jordbruket. Han kommenterer:

– Det er klart tørken i 2018 har påverka grunnlagsmaterialet på ulike vis. Til dømes har det gitt nokre metodiske utfordringar for å sikre at grunnlaget gir eit mest mogleg korrekt bilde.

– Registrerte rekneskapar dokumenterer året slik det var, at 2018 var eit spesielt år. Samtidig skal dette året inngå i dei normaliserte tala som uttrykker normalsituasjonen. Å rekne ut normaliserte resultat heilt fri for spor av tørkesommaren, viste seg svært vanskeleg. Derfor er også desse tala noko påverka av den ekstreme 2018-situasjonen, seier han.

Rustad forklarer at auken i vederlaget for den enkelte verksemda ikkje vart meir redusert fordi bortfall av inntekter og tilkomne ekstraordinære kostnader i stor grad vart kompensert.

Samla tap er utrekna til om lag 3,1 mrd. kroner over 2018 og 2019. Det omfattar produksjonstap, kostnadsauke og lagernedbygging av grovfôr.

– Tapet fordeler seg over to år fordi konsekvensane kom med full tyngde i andre halvår 2018, og held fram inn i 2019, forklarer Rustad.

– Avlingssvikt og fôrmangel gjer at mange brukte opp mykje av lagera sine i fjor utan å få nytt tilfang. Dei må derfor berge seg gjennom vinteren på innkjøpt fôr som kan vere kraftfôr, halm eller gras.  

 

– Ei særskild utfordring

Så uvanleg var jordbruksåret 2018 at Budsjettnemnda i si ‘Utredning nr. 1’ skriv det slik:

«Den omfattende tørken sommeren 2018 påførte jordbruket betydelige inntektstap, og det ble gjennomført en rekke tiltak som ga økte kostnader på en rekke poster i regnskapet både i 2018 og 2019. Det har derfor vært en særskilt utfordring å tallfeste alle ekstra kostnader, samt å vurdere hvilke poster som bør normaliseres i årets utredning

Rustad fortel meir om faktorane som særleg påverka bøndenes økonomi i 2018.

– På den eine sida vart inntektene redusert for mange som følgje av til dels svært låge avlingar. På den andre sida auka kostnadane, spesielt til fôr, noko dei med husdyr opplevde sterkt.

– Ein konsekvens av mogleg fôrmangel gjennom vinteren, vart slakting av dyr tidlegare enn planlagt, spesielt storfe, seier Rustad.

Han legg til at samtidig blei mjølkekvotane auka for å unngå for låg produksjon. Det kan på si side ha gitt utsett slakting av kyr. Kvoteauken gav og tydeleg auke i mjølkeproduksjon.

Kyr på beite_Førde_foto Dan Aamlid_cropped
Kyr på fjellbeite i Førde. Foto: Dan Aamlid.

Om lag uendra vederlag til arbeid og eigenkapital

Ser ein på samla vederlag til arbeid og eigenkapital for 2018, er denne verdien nær den same som i 2017 – 15,0 mrd. kroner. Dei nøyaktige tala var 15 000 mill. kroner i 2017 og 14 993 i 2018.

Fordelt per årsverk gjekk vederlaget opp med 1,0 prosent frå 2017 til 2018, det vil seie 3 400 kroner meir enn året før. Talet på årsverk i jordbruket er gått ned frå 46 300 i 2017 til 45 650 i 2018, noko som forklarer det meste av auken i vederlag per årsverk. Avdelingsleiar Rustad forklarer meir:

– Samla verdelag til arbeid og eigenkapital skapt i jordbruket i 2018 var berre 7 mill. kroner lågare enn i 2017 når ein legg normaliserte rekneskapstal til grunn.

– Enkelt forklart kan ein seie at vederlaget ikkje vart meir redusert fordi bortfall av inntekter og ekstraordinære kostnader i stor grad vart kompensert, seier han.

– Likevel vil eit gjennomsnitt ofte ikkje få fram mangfaldet av skjebnar som opplevde tørkesommaren tett på.

For tørkeskadane vart det gitt avlingserstatning. Til husdyr- og grasprodusentane vart det gitt ekstra tilskot for husdyr, areal og kulturlandskap.

Vatning av jordbruksareal på austsida av Glomma i juni 2018_0928_Foto Kjersti Kildahl
Tørkesommeren slo ulikt ut. Forn nokre grønsaker vart det avlingssvikt, mens andre vekster blei mindre økonomisk påverka, mellom anna som følge av vatning og auka prisar. Foto: Kjersti Kildahl.

Stor nedgang for korn og gras

Kornåret 2018 gav 48 prosent lågare avling enn 2017. Avlinga vart 43 prosent lågare enn den utrekna normalårsavlinga for 2018.

Også engavlingane vart sterkt reduserte. Nedgangen i grasproduksjon var på 25 prosent samanlikna med 2017. Ser ein på normalårsavlinga for gras i 2018, var nedgangen 29 prosent. Det gir meining sett i lys av at 2017 var eit vått grasår, prega av mykje og langvarig nedbør i store delar av landet.

Tørkesommaren slo ulikt ut for grønsaker, både mellom produksjonar og ulike område. For nokre grønsaker vart det avlingssvikt, mens andre vekster – som poteter, frukt og bær – blei mindre økonomisk påverka, både som følgje av vatning og auka prisar.

 

Fem knaggar for jordbruksoppgjeret

Det er fem bolkar i det årlege jordbruksoppgjeret: grunnlaget, kravet, tilbodet, forhandlingane og ny jordbruksavtale.

Grunnlaget: Oppgjeret begynner med at grunnlaget blir klart i første halvdel av april. Budsjettnemnda for jordbruket utarbeider og legg fram eit talgrunnlag for jordbruket si økonomiske stilling. Det viser inntektsutviklinga i jordbruket samanlikna med andre grupper i samfunnet, og den samla verdiskapinga i sektoren. Grunnlaget gir eit felles utgangspunkt for jordbruksforhandlingane.

Kravet: Når grunnlaget er lagt fram, skal næringa sine to organisasjonar, Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag, bli einige om eit felles krav som dei legg fram for staten. Det skjer innan avtalt dato seint i april.

Tilbodet: Innan ein avtalt dato tidleg i mai, skal Staten så komme med sitt tilbod til bøndene. 

Forhandlingane: No kan jordbruksforhandlingane ta til. Innan avtalt dato i midten av mai, skal partane bli einige om eit felles resultat som kan leggjast fram i form av ein proposisjon til Stortinget. Stortinget handsamer proposisjonen rundt midten av juni. Blir ikkje partane einige, er det statens tilbod som blir sendt til Stortinget.

Ny jordbruksavtale: Handsaminga i Stortinget munnar ut i vedtak om ein jordbruksavtale for neste periode. Avtalen gjeld alltid frå 1. juli i forhandlingsåret til 30. juni året etter. I avtalen er det nedfelt målprisar, økonomiske overføringar og andre tiltak som sikrar bøndene si inntekt neste periode. 

 

Leiar av Budsjettnemnda for jordbruket:

Ekspedisjonssjef Knut Børve, Kunnskapsdepartementet

e-post: Knut.Borve@kd.dep.no

(+47) 917 93 965

Grunnlaget for jordbruksforhandlingene Budsjettnemnda for jordbruket Totalkalkylen Driftsgranskingar i jordbruket
Geit på Herdalssetra i Nordal_Møre og Romsdal Foto_Oskar Puschmann NIBIO.jpg
Geit på Herdalssetra i Nordal, Møre og Romsdal. Foto: Oskar Puschmann.
Tidslinja for jordbruksforhandlingane 2019

10.4. BFJ legg fram forhandlingsgrunnlaget

29.4. Partane frå jordbruket legg fram sitt krav

7.5.   Staten legg fram sitt tilbod – og forhandlingane begynner

17.5. Forhandlingane skal etter planen vere avslutta. Nokre gonger blir det brot.

Slutten av mai. Jordbruksoppgjeret skal vere klart i form av proposisjon som går til Stortinget for handsaming rundt midten av juni. Ved brot i forhandlingane er det tilbodet frå staten som blir sendt til Stortinget.

Kven er Budsjettnemnda?

Nemnda er sett saman av representantar for partane i oppgjeret, det vil seie staten og bøndene. Nøytrale medlemmar frå SSB (Statistisk sentralbyrå) er og med, i tillegg til leiaren for nemnda. Leiar no er ekspedisjonssjef Knut Børve i Kunnskapsdepartementet.

Nokre nøkkeltal trå Totalkalkylen

År

Talet på

verksemder

1000 

årsverk

Dekar areal 

pr verksemnd

1987 104 500 107,9 93
1997 75 300 84,0 138
2007 49 935 58,6 207
2017 40 338 46,3 244

Kjelde: Tabell 1.7 og 1.8

Forhandlingsgrunnlaget sine tre delar

Totalkalkylen-
viser inntektsnivå og inntektsutvikling i jordbruket, og gir eit samla bilde av verdiskapinga i sektoren for heile landet. Kalkylen viser totalverdiane som er skapt i norsk jordbruk ved utnytting av produksjonsfaktorane i jordbruket. Blir mellom anna brukt for å samanlikne bøndenes inntektsutvikling med andre grupper i samfunnet.

Utgreiinga viser revidert rekneskap for 2017, foreløpig rekneskap for 2018 og budsjett for 2019.

Referansebruka -
viser økonomiske resultat for 27 referansebruk, som representerer ulike driftsformer, storleikar og geografi. Referansebruka blir under forhandlingane brukt til å rekne på utslag av krav og tilbod for ulike typar bruk.

Berekningane byggjer på talmaterialet frå vel 700 av jordbruksbedriftene som inngår i driftsgranskingane for jordbruket.

Resultatkontrollen -
er ei samanstilling av data som belyser utvikling og måloppnåing i jordbruket. Her får ein fram verknaden av jordbrukspolitikken gjennom utvalde måleparametrar, og endringane i desse.

For eksempel kan strukturutvikling bli synleg gjennom endringar i storleik på bruka og i talet på dyr.

Geografisk fordeling av jordbruksproduksjonen blir og dokumentert gjennom resultatkontrollen.

IMG_6713.jpg
Norsk kvit sau i fjella ved Langedalen, Hordaland. Foto: Kjersti Kildahl.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.