Jordbruksinntekta i 2017: Godt år for frukt og bær, stor nedgang for sau

Utvik Nordfjord_Stryn_Sogn og Fjordane_Foto Oskar Puschmann

Utvik, Sogn og Fjordane. Foto: Oskar Puschmann.

Frukt- og bærdyrkarar auka inntekta per årsverk med 4 prosent frå 2016 til 2017, medan sauebøndene fekk ein inntektsnedgang på 28 prosent. Jordbruksinntektene for landet samla gjekk ned med tre prosent i snitt, etter tre år med vekst.

- Generelt auka kostnadene meir enn inntektene for mange i næringa. Auka prisar pluss volum og tilskotsauke var ikkje nok til vege opp for at kostnadsauken, seier seniorrådgjevar og driftsgranskar Torbjørn Haukås i NIBIO.

Haukås er ansvarleg for dei årlege driftsgranskingane som analyserer tal frå nesten tusen gardsbruk rundt i landet for å følgje den økonomiske utviklinga i jordbruket.

- På kostnadssida gjorde fem prosents auke i kraftfôrprisen tydeleg utslag på resultata saman med auka kostnadar til maskinleige og leasing. Den samla kostnadsauken vart på seks prosent, inntektene auka med fire.

Slik er i grove trekk bildet som blir teikna når NIBIO i dag legg fram resultata frå Driftsgranskingane for 2017.

 

Stor variasjon innan ulike driftsformer

Bildet ovanfor illustrerer at det er stor variasjon i utviklinga for ulike produksjonar. Haukås drar oss gjennom dei store linjene:

- Fruktbøndene hadde størst auke i 2017. Dei fekk eit bra avlingsår trass i mykje vatn på Vestlandet. Epleavlingane var noko høgare, det gav bra kvalitet og eit godt økonomisk resultat. Inntekta per årsverk innan frukt og bær var på 350 100 kroner.

Grasproduksjonen i store deler av landet vart derimot prega av ein svært våt sommar, noko som gjorde at både andre og tredje slåtten svikta, og bidrog til å trekkje resultatet ned for mange bønder.

- Når det gjeld sauehald, så er overskotsproduksjon og låg pris kombinert med kostnadsvekst viktige deler av forklaringa på den store inntektsnedgangen frå 2016, seier driftsgranskar Haukås.

Sauehald var den driftsforma som fekk størst nedgang av alle dei presenterte driftsformene, med 28 prosent svakare inntekt enn året før. Gjennomsnittsinntekta til sauebonden vart kr 130 100 i 2017.

Fruktblomstring Høyen-mellom_Svelvik_Vestfold_Foto Oskar Puschmann
Fruktblomstring på gården Høyen-mellom, Vestfold. Foto: Oskar Puschmann.

Omlag uendra for mjølkebøndene

Mjølkeprodusentane oppnådde ei inntekt på 343 700 kroner per årsverk. Det er vel 20 000 høgare enn gjennomsnittsinntekta rekna for alle bønder i undersøkinga.

- Geitmjølk var ein av produksjonane som gjekk ut i pluss samanlikna med året før. Riktignok var det hårfint, med ein prosents auke frå året før, men altså fire prosentpoeng betre enn gjennomsnittsbonden i 2017, seier rådgjevar Øyvind Hansen ved NIBIO sitt kontor i Bodø.

Hansen har følgd geita gjennom lang tid. Han har vore med på perioden med sjukdom som prega næringa, til sanering og ‘hestekuren’ Friskare geiter, noko som har vore positivt for dyra, bonden og det økonomiske resultatet.

- Sjølv om geitehald og tilhøyrande mjølkeproduksjon utgjer ein liten del av samla jordbruksinntekt, kan produksjonen lokalt vere av stor betydning, seier Hansen.

Dei som driv med geit er oftast fulltidsbønder, med geitmjølk som hovudinntektskjelde.  Geitebønder er som gruppe meir like enn til dømes sauebønder. Der kan variasjonen vere stor i storleik og betydning for inntekta til den enkelte bonden.

- Felles for både geit og sau er verdien som landskapspleiarar i tillegg til at dei gir oss mat, legg den røynde rådgjevaren til.

Om du lurer på kva årsverkinntekta til ein geitebonden vart i 2017, så er svaret kr 412 000.

Voss_5059 Foto Ellen
Disig landskap ein haustdag på Voss, Hordaland. Foto: Ellen T. Astrup.

Nye ressursar inn i Driftsgranskingane

Ved Trondheimskontoret til NIBIO har Haukås og Hansen i år fått ein ny kollega inn i flokken av driftsgranskarar. Elisabeth Jenssen begynte i vår, og har sidan jobba mykje med å gjere om innhenta rekneskapsdata frå bøndene til driftsrekneskap som analysane i driftsgranskingane er tufta på

- Det har vore veldig lærerikt å halde på med. Eg er glad i tal, så det forklarer vel noko. Men mest av alt har eg fått eit verdifullt innblikk i næringa gjennom å halde på med dette, seier Jenssen.

Spesielt interessant, og kanskje overraskande, har ho notert seg kor ulikt det økonomisk utbytet  kan vere for bruk som tilsynelatande er like.

Øyvind og Elisabeth på benken_Foto Kjersti Kildahl
Driftsgranskarane Øyvind Hansen og Elisabeth Jenssen. Foto: Kjersti Kildahl.

Mjølkerobot blir tatt i bruk i stadig mindre besetningar

I det siste har Elisabeth Jenssen saman med ein annan fersk kollega, Anna Landrø, vore opptatt med å analysere utviklinga for bruk med mjølkerobot samanlikna med konvensjonelle bruk.

- Mjølkeroboten har verkeleg festa grepet dei siste åra, seier Jenssen. Det viser og tal frå Driftsgranskingane. I 2013 hadde 48 av dei 312 bruka som var med i Driftsgranskingane mjølkerobot, medan tala i 2017 var 84 av 313, fortel Jenssen.

Ho fortel at bruk ned til 20 kyr har no tatt i bruk teknologien. Endringar skjer fort og på mange område samtidig.

- Også derfor er dette ein spennande jobb! Han gir meg plass i ei næring i rivande utvikling. Her er mange varierte oppgåver å vere med på, avsluttar den ferske driftsgranskaren og økonomen Elisabeth Jenssen.

Eva og Berit_duo_Foto Mads Svennerud
Driftsgranskarane Eva Øvren og Berit Kristiansen arbeider begge ved NIBIO sitt Oslo-kontor. Foto: Mads Svennerud.

Potet som barometer

To med mange års erfaring mellom seg er landbruksøkonomane Berit Kristiansen og Eva Øvren. Kvart år på denne tida er dagane fullpakka av tal som fortel noko om gardens mangfald.

Det kan handle om mjølkeproduksjon den eine dagen, ammeku og kjøtproduksjon den neste. Eller om korn. Eller potet:

- Før hadde ‘alle’ bruk litt potet, om så berre til eige bruk. Potetproduksjon var ofte eit supplement til annan aktivitet, eller ein viktig del av vekstskifte, seier Eva Øvren.

- Framleis er potet viktig på denne måten, men det store bildet er vesentleg endra.

Berit Kristiansen supplerer:

- For 20 år sidan var det vel 13 000 potetdyrkarar i Noreg. I 2017 er det 1702, altså ein nedgang på nær 90 prosent, supplerer Berit Kristiansen.

Denne nedgangen er langt større enn nedgangen i talet på bønder totalt. Den endra seg frå 75 300 bønder i 1997, til 40 394 i 2017, viser andre tal-kjelder i NIBIO.

Så skulle ein kanskje tru at produksjonen endrar seg parallelt, men det gjer han ikkje. I perioden 1989-2017 gjekk samla potetareal ned med vel 38 prosent, medan volumet gjekk ned 27 prosent.

Til saman illustrerer dette utviklinga ikkje berre for potet, men for norsk landbruk. Utviklinga i potetproduksjon er som eit barometer på den generelle utviklinga i jordbruket.

Øvren held fram:

- Vi har langt færre bønder enn tidlegare, men dei er meir effektive. Bruka er blitt større, arealet som kvar bonde klarer å forvalte er blitt større og produsert volum per driftseining er blitt større.

- Slik er det innan potetproduksjon, og slik er det i jordbruket generelt. Den typiske potetbonden som har potet som hovudproduksjon, vil ha ein god del leigejord i tillegg til si eiga, kommenterer driftsgranskar Eva Øvren avslutningsvis.

 

KONTAKTPERSON
Nøkkeltal

Nokre resultat frå Driftsgranskingane 2017,
utrekningar basert på dei 928 bruka som deltok i undersøkinga:

323 300 kroner = gjennomsnitteg jordbruksinntekta per årsverk

370 200 kroner = høgste gjennomsnittsinntekt (bøndene på Trøndelags flatbygder)

368 600 kroner = nest høgste gjennomsnittsinntekt (bøndene på Jæren)

130 100 kroner = lågaste gjennomsnittsinntekt (sauebønder)

 

Med utgangspunkt i dei same bruka kan vi seie dette om inntektsgrunnlaget:

  • 40 prosent av familieinntekta på garden kjem frå jordbruket
  • 40 prosent kjem frå lønnsinntekter (utanfor garden)

Resten er fordelt på tilleggsnæringar, skogbruk og annan næringsinntekt.

Magnus Opedal. Foto: Eli Lund, Hardanger Folkeblad.

- Greit år å vere fruktbonde

Slik svarar fruktdyrkar Magnus Opedal på Lofthus i Hardanger da han blir spurt om avlingsåret 2017.

- Me har jo hatt eit så fantastisk godt år i 2018 at eg må bla litt tilbake i ‘minneboka’ for å seie noko om 2017, reflekterer han.

- Ja, no er eg på sporet, held han fram, og klikkar inn i pcloggen sin, Fruktklienten. Salgsmessig klarte vi oss godt. Året vart sånn middels-pluss, vil eg seia.

Opedal fortel at epla vart berga for regnet, men plommene fekk noko meir medfart. Sommaren 2017 var prega av regn – mykje regn:

- Det var så vått i terrenget at dei vanlege maskinene våre ikkje kunne nyttast. Mykje ekstra bering vart gjort for hand, og i tillegg laga vi ein slags slede som vi frakta frukta ned på i staden for hjulbasert transport.

Magnus Opedal overtok fruktgarden frå faren i 2006. Sidan har han rusta opp og utvida drifta. I dag dyrkar han epler, som er den største delen av verksemda, plommer og pærer.

Ein stor del av produksjonen går til konsum. Resten går til pressing, til saft og sider. Mykje av den utsorterte frukta finn vegen ut til forbrukarane som Sunniva-saft i butikkhyllene.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.

Publikasjoner

Til dokument

Sammendrag

Noen gårdbrukere driver næringsvirksomhet utenfor gårdsdrifta som ikke er basert på brukets jordbruksressurser. Lønnsomheten er jevnt over høyere i slik annen næringsvirksomhet enn i selve jordbruket.

Til dokument

Sammendrag

Det monteres ca. 200 nye melkeroboter i norske fjøs årlig. Kapasiteten til en melkerobot er ca. 60 – 70 årskyr. Melkeproduksjonsbruk som har investert i melkerobot, har hatt en svakere økonomisk utvikling fra 2013 til 2014, målt etter vederlag per årsverk, enn bruk med andre melkesystem.