Hopp til hovedinnholdet

Utsyn over norsk landbruk – nokre fakta ved årsskiftet

Lågjæren-sett-frå-Hola_Time_Rogaland_Foto Oskar Puschmann

Lågjæren sett frå Hola, Time i Rogaland. Foto: Oskar Puschmann.

Vi et dobbelt så mykje kjøt no som tidleg på 1980-talet, og nesten ein tredel av potetforbruket vårt er importert. Dagros mjølkar vel 7 000 liter i året, mot rundt 4 000 liter ved inngangen til 1970-talet.

Trendar, produksjon og utvikling saman med regelverk og avtalar utgjer den årlege NIBIO-publikasjonen Utsyn over norsk landbruk. Den vesle handboka inneheld nøkkeltal frå ulike kjelder som til saman gir overblikk over landbruket.

Den korte innleiinga fortel om endra forbruksmønster, auka produktivitet i jordbruket og at jordbruksprodukt er handelsvare.

Eksempelet med Dagros viser at verdiskapinga i jordbruket aukar i forhold til ressursbruken. Produksjonsvolumet har auka sjølv innanfor same jordbruksareal og med langt færre årsverk enn før.

Teknologisk utvikling, avlingsframsteg og meir bruk av maskiner pregar dagens jord- og skogbruk. Kapital i ulike former erstattar arbeidsinnsats.

 

Slik fordeler produksjonsinntektene i jordbruket seg

kakediagram
Målt på produksjonsleddet utgjorde samla jordbruksproduksjon i Noreg 44,7 mrd. kroner i 2017. Kakediagrammet viser fordelinga mellom ulike produksjonar.

 

Lange og korte linjer

Tala viser enkelte linjer som følgjer føreseieleg bane, som til dømes denne: At det kvart år blir færre bruk og færre bønder, større einingar og noko mindre jordbruksareal i drift.

Andre linjer viser auka produksjon av storfekjøt, men nedgang i mjølkekyr og mjølkeproduksjon. Nordmenn flest drikk mindre mjølk og et meir youghurt enn før.

Midt på 1980-talet var mjølkekonsumet 225 liter per innbyggjar. I dag er det 135 liter. Innanfor samla mjølkekonsum har det og skjedd ei omfordeling frå heilmjølk til lettare mjølketypar.

Slike observasjonar kjem til uttrykk når landbruksøkonom Heidi Knutsen sankar tala som skal inn i den komprimerte statistiske årboka. Knutsen er redaktør for boka:

- Kjeldene er primært SSB, Landbruksdirektoratet, Budsjettnemnda for jordbruket og NIBIO sine eigne kjelder i mellom anna driftsgranskingane, seier ho.

- Gjennom tala ser ein korleis landbruket har utvikla seg. Aktuelle døme er at forbruket av storfekjøt har auka meir enn produksjonen, eller at det har vore ein sterk auke i produksjon og forbruk av egg og fjørfekjøt gjennom ei årrekkje.

Slik kan ein halde fram med å sjå på korte og lange linjer, måle kilo, liter og kroner, og danne seg eit bilde av utviklinga. Nokre endringar skjer fort, andre merker ein ikkje før det er gått lengre tid.

Som Apple-gründeren Steven Jobs ein gong sa:

- Looking back at the dots… Ein ser ikkje mønsteret i endringane når blikket er retta framover. Berre når ein ser tilbake, trer mønsteret fram og blir tydelegare.

Jobs hadde neppe norsk jordbruk i tankane da han sa dette. Likevel kan bildet brukast også i vår samanheng.

 

Potet som tidsbarometer

Eit anna døme på tydeleg endring over tid gir Utsynet gjennom utviklinga i potetproduksjon – og forbruk.

- Forbruket av matpotet per innbyggjar har gått jamt nedover i fleire tiår, medan industrielt handsama potet som chips og pommes frites har auka, fortel Knutsen.

- Ein stor del av matpotetforbruket er importert. Mengda vil variere frå år til år avhengig av norske avlingar. I 2017 vart 31 prosent av forbruket importert. Det utgjorde 44 mill. kg.

Samla potetproduksjon i Noreg er gått ned frå 450-500 mill. kg årleg på 1980-90 talet til rundt 300 mill. kg dei siste åra.

Nedgangen til trass, potetproduksjonen er likevel eit godt døme på auka produktivitet i norsk jordbruk. Frå andre kjelder i NIBIO veit vi at potetarealet gjekk ned med 38 prosent i perioden 1989 til 2017, medan produsert volum gjekk ned med 27 prosent.

I 2017 var det berre 12 prosent så mange potetdyrkarar som 20 år tidlegare - vel 13 000 i 1997 mot 1 702 i 2017.  

Dette seier ein heil del om utviklinga innan jordbruket generelt, og potetproduksjon spesielt. Før var potetproduksjon ofte eit supplement til annan aktivitet, eller ein viktig del av vekstskiftet.

I dag er produksjonen meir spesialisert, og maskinelt utført. Utviklinga i potetproduksjon er som eit barometer på den generelle utviklinga i jordbruket.

Potetgraf
Produksjon og forbruk av potet i Noreg 1970-2017.

 

Forbruk av poteter til mat

  1969 1999 2017
Forbruk av potet som chips, mos,
pommes frites, kg/innb.
5 30 28
Forbruk av matpotet, kg/innb. 84 33 22
Forbruk av poteter i alt, kg/innb. 89 63 50

 

NRF_ku_Foto Geno
Mjølkeku, Norsk raudt fe, på beite i Stryn. Foto: Geno.

Vi drikk mindre mjølk enn før

Parallelt med at folk flest har drukke stadig mindre mjølk frå midten av 1980-talet, har den norske mjølkekua blitt stadig meir effektiv. Færre bønder klarer å levere meir mjølk frå færre kyr.

- Mjølkeproduksjon er ei næring der endringane har vore store både på produksjonsleddet og innan sektoren, seier Heidi Knutsen.

- Samla tal på mjølkekyr har gått ned frå nesten 400 000 i 1980, til rundt 220 000 i 2017. Samtidig mjølkar kvar ku 50 prosent fleire liter i 2017 samanlikna med 1980.

Færre mjølkebønder, større besetningar og færre meieri samanfattar utviklinga frå 1980-talet. Og Dagros som mjølkar meir enn nokon gong. Oftare og oftare blir ho mjølka av ein robot.

Mjølkerobot_Foto Lely
I 2013 brukte 15 prosent av mjølkebøndene i driftsgranskingane robot. I 2017 var talet 26 prosent. Bruk heilt ned til 20 dyr har no tatt i bruk teknologien. Foto. Lely.

På forbrukarsida skildrar Knutsen utviklinga slik:

- Etterspurnad etter mjølk og mjølkeprodukt har vore fallande i mange år. Tendensen er framleis fallande for søt konsummjølk, mens enkelte mjølkeprodukt som ost og youghurt har auka på.

Hildrum_Inderøy_Nord-Trøndelag_Foto Oskar Puschmann_20170801-OSP-7066_
Trøndelag er ein sterk matregion. Om lag ein sjettedel av Noregs jordbruksareal er her, og regionen står for 20 prosent av landets landbruksproduksjon. Bildet er frå Hildrum på Inderøy, Trøndelag. Foto Oskar Puschmann.

 

Fem fakta om landbruk

I 2017 var det

  • 40 400 gardsbruk i Noreg, mot 99 400 i 1989.
  • 244 dekar jordbruksareal per gardsbruk, mot 147 i 1999.
    Av dette var ca. 45 prosent leigejord.
  • 362 900 kroner som vart bondens gjennomsnittlege årsinntekt
  • 4,4 prosent økologisk areal av samla jordbruksreal
  • 16 kg/innbyggjar med norskprodusert storfekjøt. Forbruket var: 19 kg/innb.

Fakta

  • Tre prosent av samla landareal i Noreg er dyrka jord. 39 prosent er dekt av skog.
  • Landarealet i Noreg er på 323 mill. dekar, iflgj. Kartverket.
     

Måla for jordbrukspolitikken:Jordbrukets samfunnsoppdrag er lønnsom og trygg matproduksjon i tråd med forbrukernes interesser, produksjon av fellesgoder og bidrag til sysselsetting og verdiskaping i hele landet. Landbrukspolitikken har fire overordnede mål: matsikkerhet, landbruk over hele landet, økt verdiskaping og bærekraftig landbruk med lavere utslipp av klimagasser.’

Kjelde: Jordbruksmeldinga 2017

 

Sjølvforsyningsgraden til Noreg har i perioden 1970 til 2017 lege mellom 45 og 55 prosent. Eit unntak var i 2012 da dårleg kornavling gjorde at sjølvforsyningsgraden vart 43 prosent.

Sjølvforsyningsgraden:

  • Blir rekna som norskproduserte matvarer i prosent av totalt forbruk av mat.
  • Inkluderer berre den delen av forbruket som er basert på norsk produksjon.
  • Tar ikkje omsyn til kvar innsatsfaktorane kjem frå, til dømes om kraftfôret som blir brukt i kjøtproduksjon er norskprodusert eller importert.
  • Inkluderer ikkje maten som Noreg eksporterer, for eksempel norskprodusert fisk.

I ein krisesituasjon vil forbruket kunna bli vridd over til ein diett med meir fisk, noko som vil auke sjølvforsyningsgraden.

Forbruk, import og eksport av matvarer blir rekna i energi når ein skal finne sjølvforsyningsgraden. 

KVEN ER I MÅLGRUPPA TIL UTSYN OVER NORSK LANDBRUK?

Utsynet eit nyttig oppslagsverk for dei som treng oppdatert kunnskap om dei viktigaste utviklingstrekka i norsk landbruk. Boka er retta både mot dei som arbeider med landbruksspørsmål til dagleg, og mot dei som meir sporadisk treng eit blikk på hovudtal og -trendar i landbruket. 

Mellom brukarane finn vi departement og forvaltning, ulike rådgjevarar, forskarar, høgskular og universitet.

Fjørfegraf.jpg
Produksjon (grøn), forbruk totalt (grå) og forbruk per innbyggar (raud) av fjørfe i Noreg 1970-2017.
Sauoglam graf.jpg
Produksjon (grøn), forbruk totalt (grå) og forbruk per innbyggar (raud) av sau/lam i Noreg 1970-2017.
Storfegraf.jpg
Produksjon (grøn), forbruk totalt (grå) og forbruk per innbyggar (raud) av storfekjøt i Noreg 1970-2017.
Svinekjøtgraf.jpg
Produksjon (grøn), forbruk totalt (grå) og forbruk per innbyggar (raud) av svinekjøt i Noreg 1970-2017.
Mjølkegraf.jpg
Forbruk av konsummjølk i Noreg 1970-2017.
Ostegraf.jpg
Forbruk og produksjon av ost i Noreg 1970-2017.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.