Hopp til hovedinnholdet

God jordhelse er viktig for god plantehelse

IMG_0599-2

I ein ny publikasjon presenterer forskarar i NIBIO tiltak som vil være gunstige for jord- og plantehelse. Tiltaka er aktuelle til bruk i korndyrking. Foto: Silje Kvist Simonsen

For å oppnå god plantehelse er det viktig å starte med god jordhelse. God jordhelse gir ikkje berre gode vekstforhold, men kan også ha ein hemmande effekt på sjukdomsorganismar som angrip kulturplanter.

– Jordhelse er eit populært tema, men dette blir alt for sjeldan knytt opp mot plantehelse, forklarer forskar Heidi Udnes Aamot.

– Vi ønsker å sette fokus på samanhengen mellom jordhelse og plantehelse. God jordhelse gir ikkje berre gode vekstforhold for planter. Jordlivet kan faktisk ha ein hemmande effekt på sjukdomsorganismar som lever i jorda og på planterestar, seier Aamot.

 

Samspelet mellom planter og jordliv

Samspellet mellom planter og mikroorganismar i jorda er komplisert, men mikrobelivet spelar ei viktig rolle i å beskytte plantene mot sjukdom.  Mikrolivet i jorda består mellom anna av nyttige sopp og bakteriar som kan hemme eller konkurrere ut sjukdomsorganismar. For å få til dette treng dei organisk materiale, for eksempel planterestar, dei kan livnære seg av.

– Det er sannsynleg at jord med mykje organisk materiale og høg mikrobiell aktivitet vil kunne hemme sjukdomsorganismar i jorda og på såkorn, forklarer Aamot.

– Økologisk dyrka jord inneheld som regel mykje organisk materiale og har høg mikrobiell aktivitet. Dette har resultert i at nokre plantesjukdommar utgjer eit mindre problem i økologisk dyrking enn i konvensjonell dyrking, utdjupar forskaren.

Samdyrking med belgvekstar er eit godt tiltak for å betre både jord- og plantehelse. Belgvekstar som ert og åkerbønne inngår eit gunstig samarbeid med nitrogenfikserande bakteriar som finst i jorda. Bakteriane lagar små «cyster» på røtene, kor dei fikserer nitrogen frå atmosfæren som planta kan nytte seg av. Foto: Silje Kvist Simonsen
Samdyrking med belgvekstar er eit godt tiltak for å betre både jord- og plantehelse. Belgvekstar som ert og åkerbønne inngår eit gunstig samarbeid med nitrogenfikserande bakteriar som finst i jorda. Bakteriane lagar små «cyster» på røtene, kor dei fikserer nitrogen frå atmosfæren som planta kan nytte seg av. Foto: Silje Kvist Simonsen

 

Tiltak som gir meir organisk materiale i jorda

Meir organisk materiale i jorda har dermed ein positiv effekt på jord- og plantehelse. Med eit auka fokus på berekraftige dyrkingsmetodar og redusert bruk av syntetiske plantevernmiddel blir dette eit stadig meir aktuelt tema.

NIBIO har nyleg publisert ein NIBIO POP om samanhengen mellom jordhelse og plantehelse.

– Her har me eit spesielt fokus på jordhelse i korndyrking, fortel Aamot.

– I kornområda i Noreg har det i fleire tiår blitt dyrka korn einsidig, utan bruk av husdyrgjødsel. Dette har bidratt til å redusere mengda av organisk materiale i jorda.

Me presenterer dyrkingstiltak som aukar innhaldet av organisk materiale i jorda, og som er aktuelle i kornproduksjon, forklarer forskaren.

Det finst dyrkingstiltak som omgåande vil være positive både for jordhelse og for plantehelse. Til dømes vil samdyrking med belgvekstar og tilbakeføring av organisk materiale være gunstig. Tilbakeføring av organisk materiale til jorda kan mellom anna skje ved bruk av underkultur/fangvekstar, kompost eller husdyrgjødsel.

Andre tiltak vil på kort sikt kunne ha ein negativ effekt på plantehelse, men ein positiv effekt på jordhelse. Dette er tilfellet for redusert jordarbeiding. Mindre jordarbeiding vil auke mengda av organisk materiale i det øvste jordlaget og bevare jordas fysiske struktur. Det er bra for jordhelsa. På den andre sida er mellom anna pløying eit viktig plantehelsetiltak. Når planterestar blir pløgd ned hindrar det soppsjukdommar i å overleve på plantematerialet. Redusert jordarbeiding kan dermed gi eit auka smittepress frå soppsjukdommar.

– For å unngå at redusert jordarbeiding skal gi redusert plantehelse anbefaler me derfor å ha eit godt vekstskifte for å halde smittepresset nede, opplyser Aamot.

Eit godt vekstskifte inneberer å ikkje dyrke same kultur på ein plass over lang tid. Sjukdomane som overlev på planterestar angrip ofte berre spesifikke kulturar. Med eit godt vekstskifte vil ikkje sjukdom frå eitt år kunne angripe neste års kultur, og med tida vil sjukdommen forsvinne.

– I eit lengre perspektiv vil redusert jordarbeiding truleg være positivt også for plantene, fordi jorda får ein betre evne til å hemme sjukdom, utdjupar Aamot.

God jordhelse gir ikkje berre gode vekstforhold for planter. Jordlivet kan faktisk ha ein hemmande effekt på sjukdomsorganismar som lever i jorda og på planterestar. På den måten heng jordhelse og plantehelse nøye saman. Foto: Silje Kvist Simonsen
God jordhelse gir ikkje berre gode vekstforhold for planter. Jordlivet kan faktisk ha ein hemmande effekt på sjukdomsorganismar som lever i jorda og på planterestar. På den måten heng jordhelse og plantehelse nøye saman. Foto: Silje Kvist Simonsen

 

Nye metodar opnar for ny kunnskap

Det er utfordrande å forske på samspelet mellom jordhelse og plantehelse, men i tida som kjem vil nye molekylære metodar gi større moglegheiter til å undersøke korleis ulike dyrkingsmetodar verkar inn på det mikrobielle livet i jorda.

– Dei nye metodane kan hjelpe oss til å utarbeide målretta tiltak for å fremme jordhelse, og dermed også plantehelse, avsluttar Aamot.

Mikrolivet i jorda treng organisk materiale å livnære seg av. På biletet er det vist jord med synkande nivå av organisk materiale (frå venstre til høgre). foto: Reidun Pommeresche
Mikrolivet i jorda treng organisk materiale å livnære seg av. På biletet er det vist jord med synkande nivå av organisk materiale (frå venstre til høgre). foto: Reidun Pommeresche

 

Jordhelse
VERDAS JORDDAG 5. DESEMBER

Jordfruktbarhet, jordhelse, jordkvalitet - dette er tema som engasjerer eit aukande tal bønder, forskarar og politikarar. Dette var også ei viktig årsak til at FN lanserte jordåret i 2015. Bakteppet var bekymring for at moderne landbruksmetodar kan påverka viktige jordfunksjonar negativt.

5. desember er Verdas jorddag (World Soil Day) vart grunnlagt av The International Union of Soil Sciences i 2002.

GSP_WSD24_SaveDate_EN.jpg

 

Kva er mikrobiell aktivitet?

Mikrobiell aktivitet er dei prosessane mikroorganismar (bakteriar, sopp, algar og andre) utfører i eit miljø. Desse aktivitetane har viktige funksjonar, som til dømes nedbryting av organisk materiale og omforming av næringsstoff.

Kort sagt, mikrobiell aktivitet held jorda fruktbar og sikrar eit sunt økosystem.

Finansiering

Publikasjonen «God jordhelse er viktig for god plantehelse» er finansiert av Landbruksdirektoratet i prosjekta «Meir økologisk korn gjennom betre jord- og plantehelse» (2019/60215, Agros 121149) og «Mer mangfold i dyrkingsstrategiene for å øke lønnsom produksjon av sunne økologiske korn- og proteinvekster» (2022/66655, Agros 203873).

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.

Publikasjoner

Abstract

Organisk materiale i jord er den primære næringskilden til alt jordliv. Høyt innhold av organisk materiale gir høy mikrobiell aktivitet som bidrar til god jordhelse. Dette kan ha hemmende effekt på plantesjukdommer som forårsakes av smitte via jord. Innhold av organisk materiale i jord og mikrobiell aktivitet påvirkes av dyrkingssystem, jordtype, lokalitet og klima.