Hopp til hovedinnholdet

Regenerativt landbruk – kan friskare jord gi friskare korn?

IMG_0640

Dag Molteberg har drive med regenerative metodar sidan 2020. No er han med i prosjektet REKORN, som skal undersøke om regenerative metodar kan redusere soppsjukdommar i korn. Foto: Silje Kvist Simonsen

I regenerativt landbruk blir ulike metodar nytta for å gjera jorda friskare. No vil NIBIO finna ut om desse metodane også kan gjera kornet friskare ved å hemme sjukdomsframkallande sopp.

– Regenerativt landbruk er ikkje ein bestemt måte å drive jorda på, men eit resultat du oppnår, forklarer Maren Holthe, rådgjevar i NLR Øst.

– Målet er å bruke metodar som bygg jorda opp, og sikrar at ho kan gi kvalitetsrike avlingar i framtida. Spesielt viktig er det å ha eit godt vekstskifte, å ha grønt plantedekke heile året, og å minimere jordbearbeiding, forklarer Holthe vidare.

Regenerative dyrkingsmetodar kan gi målbare positive endringar, som meir karbonlagring i jorda og auka biomangfald, både i og rundt jorda. Dette er bra for jordhelsa, men no vil forskarar ved NIBIO undersøke korleis metodane verkar inn på plantene.

Prosjektleiar Ingerd Skow Hofgaard ønsker meir kunnskap om samanhengen mellom jordhelse og plantehelse. Her har ho funne bygg med symptom på soppsjukdommar. Foto: Silje Kvist Simonsen
Prosjektleiar Ingerd Skow Hofgaard ønsker meir kunnskap om samanhengen mellom jordhelse og plantehelse. Her har ho funne bygg med symptom på soppsjukdommar. Foto: Silje Kvist Simonsen

 

Jordhelse og plantehelse

– I regenerativt landbruk er mikrolivet i jorda veldig viktig, men korleis heng dette saman med mikrolivet i planta? spør Ingerd Skow Hofgaard. Ho forskar på soppsjukdommar ved NIBIO, og ønsker å finne ut om regenerative metodar også kan påverke mikrolivet i korn.

– Vi ønsker å få meir kunnskap om samanhengen mellom jordhelse og plantehelse. Finst det for eksempel regenerative metodar som kan hemme sjukdomsframkallande sopp i kornet?

Hofgaard leier prosjektet REKORN – eit prosjekt som samlar fleire bønder som bruker regenerative metodar, for å sjå om metodane har ein effekt på mikrolivet i kornet. Bøndene som deltek i prosjektet høyrer til ulike regenerative retningar, og bruker eit spekter av ulike metodar.

– Gjennom prosjektet vil også bøndene kunne få kunnskap om effektane av metodane dei sjølv bruker, utdjupar Hofgaard.

Å bruke underkultur er ein viktig regenerative metode. Her er ein underkultur med mellom anna kløver sådd saman med havre. Foto: Silje Kvist Simonsen
Å bruke underkultur er ein viktig regenerative metode. Her er ein underkultur med mellom anna kløver sådd saman med havre. Foto: Silje Kvist Simonsen

 

Stikk spaden i jorda

Ein av bøndene som er med i prosjektet er Dag Molteberg. I 2020 la han om 60 % av sin konvensjonelle kornproduksjon til regenerative metodar, og det angrar han ikkje på.

– Etter at eg byrja med regenerative metodar har eg fått eit anna forhald til jorda, smiler han.

– No har eg alltid med meg spaden ut på jordet slik at eg kan sjå korleis jorda reagerer på ulike tiltak, og eg ser at ho gradvis blir betre. Målingar viser at jorda har meir mikroorganismar og eit høgare nivå av karbon og mold. På dei områda som eg framleis driv konvensjonelt er det ein nedgang i jordkarbon.

Overgangen til regenerative metodar har ikkje vore problemfri, men han ser resultatet av hardt arbeid.

– Når du dyrkar med regenerative metodar må du sjå heilskapen i dyrkingssystemet, og legge til rette for at jordfysikk, kjemi og geologi kan spele på lag med jordliv og planter. Det krev mykje kunnskap, men er veldig gøy! Det er givande å kunne drive jorda med naturen, og ikkje mot han. I tillegg bruker eg no mindre innsatsmiddel, og sit att med meir pengar til slutt.

Molteberg er glad for å være ein del av REKORN-prosjektet.

– Det er spennande å kunne bidra til meir kunnskap om samanhengen mellom dyrkingsteknikk og plantehelse. Det er viktig at vi har effektive produksjonsmetodar for mat, utan at dei er belastande for helse eller miljø. Eg håper at resultata vil vise at plantene dyrka med regenerative metodar har betre motstandsevne mot soppangrep, enn konvensjonelt dyrka planter.

REKORN

REKORN-prosjektet er eit prosjekt kor NIBIO samarbeider med NLR, Norges Vel og eit nettverk av bønder frå prosjektet «Regenerativ region». Prosjektet har som mål å finne regenerative metodar som kan redusere soppsjukdommar i korn. Prosjektet er finansiert av Landbruksdirektoratet.

Dag Molteberg har ei klar oppfordring til andre bønder: «Undersøk nokre regenerative metodar, og prøv deg fram. Ein god plass å starte er å så ei artsrik fangvekstblanding som underkultur og etterkultur. Stikk spaden i jorda og sjå forskjellen!» Foto: Silje Kvist Simonsen
Dag Molteberg har ei klar oppfordring til andre bønder: «Undersøk nokre regenerative metodar, og prøv deg fram. Ein god plass å starte er å så ei artsrik fangvekstblanding som underkultur og etterkultur. Stikk spaden i jorda og sjå forskjellen!» Foto: Silje Kvist Simonsen

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.