Utsyn over norsk landbruk ved starten av 2022
I 1990 var det nær 100 000 jordbruksbedrifter i Noreg, fire matkonsern omsette 46 prosent av daglegvarene og landet hadde 84 kjøtslakteri. I 2020 var det rett under 40 000 jordbruksbedrifter, tre konsern omsette vel 96 prosent av daglegvarene og talet på slakteri var 35.
Sju av ti samvirkemeieri forsvann frå 1990 til 2020. Eit gjennomsnittleg mjølkebruk hadde knapt 12 kyr rundt 1990. I 2020 var gjennomsnittet 30.
Tala viser sterk nedgang i talet på jordbruksbedrifter og generell sentralisering langs verdikjeda for mat. Likevel held jordbruksproduksjonen seg relativt stabil. Samla daglegvaresal er meir enn dobla på 20 år.
NIBIO si årbok Utsyn over norsk landbruk gir eit overblikk over tilstand og utviklingstrekk i norsk landbruk og kva som påverkar utviklinga. Rett før årsskiftet kom den 26. utgåva.
Tilstand og trendar er styrt av marknad og etterspørsel, bedriftsøkonomi, politikk og reguleringar. Teknologi, internasjonale avtalar og samfunnsutvikling er og viktige. Saman med klima, geografiske og topografiske forhold, utgjer dette veven norsk landbruk er resultat av. Her som elles, alt heng saman med alt.
I Utsyn over norsk landbruk blir det gjort greie for faktorane som påverkar utviklinga. Teksten nedanfor kastar eit blikk på nokre av dei og kva lesaren kan vente å finne.
Jordbruk på nordlege breiddegradar
Ein vesentleg del av føresetnadane for norsk jord- og skogbruk er naturgitte. Klimatiske forhold avgjer kva vekstar som er moglege å dyrke i Noreg.
– Sukkervekstar dyrkar vi ikkje i Noreg. Korn blir dyrka i hovudsak på flatbygdene på Austlandet og i Trøndelag, men avlingane er mindre per arealeining enn i andre meir veleigna kornnasjonar, kommenterer Heidi Knutsen som er redaktør og har leia arbeidet med boka.
Berre 3,5 prosent av landarealet i Noreg er jordbruksareal. Skog dekker nær 40 prosent, medan utbygd areal er knapt to prosent (1,7).
– I store delar av Noreg er fôrdyrking i form av gras, eller grovfôr, langt på veg einaste moglege planteproduksjon. Derfor er grovfôrbasert husdyrproduksjon av stor betydning i norsk jordbruk.
Generelt har utviklinga innan landbruket gått i same retning som resten av samfunnet, frå å vere arbeidsintensivt til kapital- og kunnskapsintensivt.
Rammene for norsk landbruk
Dei nasjonale rammevilkåra for landbruket er gitt gjennom lover, reguleringar og prissystem saman med ulike meldingar til Stortinget. Stortingsmeldingane gir politisk retning m.a. for prioriteringar innan produksjon og for utforming av støtteordningar og finansiering.
Fire overordna mål er vedtatt for landbrukspolitikken: «matsikkerhet, landbruk over hele landet, økt verdiskaping og bærekraftig landbruk med lavere utslipp av klimagasser».
– Ved behandling av siste jordbruksmelding i Stortinget la Stortingsfleirtalet til fleire merknader som legg føringar for jordbrukspolitikken og jordbruksoppgjera i åra framover, seier Knutsen.
– Til dømes vart det lagt til frå partia utanom regjering at «landbrukspolitikken skal legge til rette for et aktivt landbruk over hele landet og med en foretaksstruktur som bygger på lokale jord-, beite-, skog- og utmarksressurser.» Fleire merknadar er tatt med i Utsyn over norsk landbruk for å vise den politiske haldninga til Stortingsfleirtalet da meldinga vart behandla.
Tilsvarande som for jordbruket, er Stortingsmeldingar for skogbruk, pelsdyrhald, reindrift og landbruksbasert næringsutvikling inkludert. Det er og ulike nasjonale strategiar som t.d. for økologisk jordbruk, pollinatorar og landbruksbasert reiseliv.
Lovverk, tilskotsordningar og jordbruksavtalen er og omtalte, saman med internasjonale avtalar og regelverk. Mangfaldet av regelverk, verkemiddel og ordningar stig fram av teksten.
Trekk ved strukturutviklinga
Nedanfor føljer eit utval fakta henta frå boka. Til saman teiknar dei eit bilde av dagens tilstand og utviklingstrekk i norsk landbruk.
I 1999 var antal jordbruksbedrifter 70 700, i 2020 var talet 38 600. Trenden er at produksjonen blir konsentrert på færre einingar utan at samla produksjonsvolum går ned. Eit anna trekk ved utviklinga er at talet på jordbruksbedrifter med husdyr går kraftig ned.
I 1999 blei det utført 79 900 årsverk i norsk jordbruk. I 2020 var talet 42 900 årsverk.
I 1999 var gjennomsnittleg jordbruksareal per driftseining 147 dekar, i 2020 var det 256.
I 1999 var 32 prosent av jordbruksarealet leigejord. I 2020 var det 46 prosent. Leigejord har hatt aukande betydning gjennom heile etterkrigstida.
Sidan 1975 har konsesjonsreglar sett grense for dyretal i fjørfehald og svinehald. Restriksjonane gjer at styresmaktene kan halde kontroll med strukturutviklinga i dei kraftfôrkrevjande produksjonane.
Regjeringa Solberg lempa på reguleringar som avgrensa strukturutviklinga. For eksempel blei konsesjonsgrensa for slaktekylling dobla til 280 000 dyr. I 2020 vart 66,7 mill. kyllingar slakta. Det er meir enn dobbelt så mange som i 2000.
I mjølkeproduksjon avgrensar produksjonskvoter størrelsen på besetningane. I følgje Landbruks-direktoratet var gjennomsnittleg mjølkekvote i 2010 ca. 148 000 liter. Da hadde Noreg 11 415 mjølkebønder. I 2020 var gjennomsnittskvoten knapt 230 000 liter og talet på mjølkebønder var 7 424. I 1993 fanst 107 samvirkemeieri. I 2020 var dei 30.
Sysselsetting og verdiskaping i matproduksjon og matindustri
For landet samla var bruttoproduktet (sjå faktaboks) 3 161,5 mrd. kroner i 2018. Jordbruket stod for 14,3 mrd. kroner og nærings- og nytingsmiddelindustrien for 47,2 mrd. kroner.
Av samla sysselsetting i Noreg som per 2018 var 2 792 400 personar, er 45 200 personar sysselsette i jordbruket, medan 49 500 personar er sysselsette i nærings- og nytingsmiddelindustrien.
Bruttoproduktet i jordbruket utgjorde 0,45 prosent av det totale bruttoproduktet i Noreg, og 1,62 prosent av sysselsettinga, medan nærings- og nytingsmiddelindustrien stod for 1,49 prosent av bruttoproduktet og 1,77 prosent av sysselsettinga.
Trøndelag var det største jordbruksfylket i 2018, både målt i bruttoprodukt (nær 3,0 mrd. kroner) og i sysselsetting (6 900 sysselsette). Fylket er og det største innan nærings- og nytingsmiddel -industrien med eit bruttoprodukt på 6,8 mrd. kroner og ei sysselsetting på 6 100 sysselsette.
Kjøt, planteproduksjon og forbruk
Totalforbruket av kjøt har auka meir eller mindre samanhengande dei siste fire-fem tiåra. Veksten har vore størst for lyst kjøt, det vil seie svin og kylling; produksjonar som for det meste er kraftfôrbasert.
Det meste av norskprodusert korn blir nytta til dyrefôr som kraftfôr. Av ein normalårsproduksjon på litt over 1 mill. tonn korn, vil omtrent 80 prosent gå til kraftfôr.
Norsk andel av matkornforbruket varierer mykje mellom år som følge av vêrforholda. I 2020 gjekk 59 prosent til matkorn, i tørkeåret 2018 var andelen 36 prosent.
Det totale potetforbruket har gått ned, særleg av matpotet. Forbruket av tilverka potetprodukt har auka. Ein stor del av matpotetforbruket er importert, men mengda varierer frå år til år avhengig av norsk avling og produksjon.
I 2020 blei 41 mill. kilo matpoteter importert, tilsvarande 40 prosent av forbruket..
Forbruket av grønsaker, frukt og bær har auka over tid mens produksjonen har vore relativt stabil. Produksjon av grønsaker har auka dei seinare åra. Det aller meste av frukt og bær blir importert. Også for grønsaker er importandelen høg.
Norsk klima set grenser for kva slag vekstar ein kan produsere av dei som blir etterspurde.
Skogbruk og storvilt
I alt 121 mill. dekar, eller ca. 37 prosent av landarealet i Noreg, er skogkledd. Av dette arealet er knapt 83 mill. dekar produktivt skogareal.
I 2020 blei 10,2 mill. m3 tømmer levert til skogindustrien. Omtrent 34 prosent av det avverka tømmeret blei eksportert.
Jakta vilt utgjer ein stor økonomisk ressurs i skogbruket og for utmarksområda. Det blir felt fleire hjort enn elg i Noreg. Auken i felte hjort har vore stor dei siste tre åra, medan antal felte elg har vore stabilt.
Flest elg blir det felt i Innlandet fylke med totalt 8 716 dyr i sesongen 2020/2021. Deretter følgjer Trøndelag og Nordland med høvesvis 8 064 og 4 365 felte elg.
Flest hjort blei felte i Vestland, med 24 205 dyr. Deretter følgjer Møre og Romsdal og så Trøndelag.
Antal felte villrein gjekk litt ned samanlikna med året før, totalt 4 726 villrein felte i sesongen 2020/2021.
Estimat for samla førstehandsverdi, basert på stipulert slaktevekt av storvilt felt i sesongen 2020/2021, er 571 mill. kroner.
Sjølv om viltjakt gir inntekter til grunneigarar og andre, fører store hjortedyr også til skadar på skogen. Hjortevilt kan og vere årsak til skadar i veg- og jernbanetrafikken. I område med frukt- og grasproduksjon kan også hjorten gjere stor skade.
KONTAKTPERSON
Utsyn over norsk landbruk – «Eit nyttig oppslagsverk»
Publikasjonen er utarbeidd av eit knippe NIBIO-medarbeidarar som har sanka stoff frå Statistisk sentralbyrå, Budsjettnemnda for jordbruket og NIBIO. Seniorrådgjevar Heidi Knutsen har vore prosjektleiar og redaktør. Ho seier dette om føremål og kven som er i målgruppa:
– Utsyn over norsk landbruk er i første rekkje retta mot institusjonar og personar som arbeider med landbruksspørsmål. Fagfolk innan forvaltning, politikarar, journalistar, studentar og skuleelevar er målgruppa. For dei er Utsyn meint å vere eit nyttig lite oppslagsverk.
Årboka gir innblikk i dei politiske rammevilkåra for landbruket i tillegg til oversikt over arealressursar og husdyrhald, jordbruksproduksjon, matindustri og forbruk, skogbruk, viltuttak og økonomisk verdi.
Orforklaringar
Bruttoprodukt - er verdien av produserte varer og tenester minus vareinnsatsen. Kapitalslit (avskrivningar) er ikkje trekte frå. Produktstøtte, for eksempel prisstøtte, er med i bruttoproduktet, men ikkje støtte som ikkje er relatert direkte til eit produkt.
Matindustrien, eller nærings- og nytingsmiddelindustrien -
tilverkar produkt frå landbruk og fisk til matvarer, fôr og drikkevarer.
KONTAKTPERSON
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.
Publikasjoner
Editors
Heidi KnutsenAbstract
Det er ikke registrert sammendrag