Hopp til hovedinnholdet

Biokol: stabilt lenge, men ikkje evig

Kina_del3-1_cropped

Når biokol blir tilført jorda, kan det lagre karbon i svært lange periodar samtidig som det forbetrar jordhelsa og fruktbarheita på jorda. Foto: Silje Kvist Simonsen

Biokol betrar jordhelsa og lagrar karbon i jorda i hundrevis av år, noko som gjer det til eit viktig klimatiltak. Men det er ikkje stabilt for evig, åtvarar forskarar. Nøye overvaking og meir forsking er avgjerande for å sikre at biokol gjev varige klimafordelar.

Biokol er eit karbonrikt materiale som blir laga ved å varme opp biomasse ved høg temperatur og oksygenfattige forhold – ein prosess som heiter pyrolyse.

Når biokol blir tilført jorda, kan det lagre karbon i svært lange periodar – i gjennomsnitt over 1 000 år – samtidig som det forbetrar jordhelsa og fruktbarheita på jorda. Dette gjer biokol til ein av dei mest robuste naturbaserte metodane for å fjerne CO₂ frå atmosfæren.

Ein nyleg publisert kommentar i GCB Bioenergy framhevar at kor lenge biokol varer, avheng både av eigenskapane til materialet og av miljøfaktorar som jordtype, klima og biologisk aktivitet – det vil seie kor mykje liv det er i jorda.

– Biokol er svært stabilt, men ikkje evigvarande. Små mengder vil brytast ned over tid, seier medforfattar Daniel Rasse ved NIBIO.

– Når det er sagt, kan samspelet mellom biokol og visse jordmineral og organisk materiale kan bremse nedbrytinga slik at biokolet held seg stabilt i jorda over lang tid.

Daniel Rasse frå NIBIO er ein av forfattarane bak ein kommentar om varigheita til biokarbon, publisert i GCB Bioenergy. Her er han avbilda medan han held eit innlegg om karbonbinding i landbruket på eit arrangement under Arendalsuka i 2023. Foto: Lars Sandved Dalen
Daniel Rasse frå NIBIO er ein av forfattarane bak ein kommentar om varigheita til biokarbon, publisert i GCB Bioenergy. Her er han avbilda medan han held eit innlegg om karbonbinding i landbruket på eit arrangement under Arendalsuka i 2023. Foto: Lars Sandved Dalen

 

Ingen karbonhaldige material er heilt stabile

Å forstå kva som styrer varigheita til biokolet i jorda er avgjerande for å berekne klimarekneskap og utvikle god klimapolitikk. Når land og selskap investerer i karbonfangst, er det til dømes viktig at estimata dei brukar for å dokumentere klimaeffekten er pålitelege.

– Biokol kombinerer klimafordelar med betre jordkvalitet. At det kan halde seg stabilt i hundrevis av år, gjer det til eit påliteleg verktøy i arbeidet mot klimaendringar. Samtidig må vi vere tydelege på at ingen material som inneheld karbon er heilt stabile, seier Rasse. Han understrekar at openheit og forskingsbasert kunnskap er avgjerande for å skape tillit hos både styresmakter og marknadar.

Forskaren legg til at det er viktig å ikkje samanlikne biokol med fossilt kol, som har vore lagra i millionar av år djupt under jordoverflata.

– Moderne biokol oppfører seg annleis. Det er veldig stabilt, men går framleis gjennom langsame aldringsprosessar, seier Rasse.

 

Tilrådingar til politikarar og forskarar

I konklusjonen i kommentaren oppmodar forfattarane til varsemd og klarleik når varigheita til biokolet skal definerast:

  • Tenk i hundreår, ikkje evig: Med dagens kunnskap bør biokol reknast som stabilt i hundrevis av år – ikkje tusen eller millionar år. Klimarelevant varigheit krev ikkje evig lagring, men truverdig og målbar stabilitet.
  • Følg med på kva vi tilfører: Registrering av biokol og kolets eigenskapar er viktig. Då kan klimaeffekten bereknast på nytt når modellane for nedbryting blir meir presise.
  • Invester i meir forsking og feltforsøk: For å auke tilliten til kor lenge biokol varer, trengst det meir grunnleggjande forsking på karbon og langtidsstudiar. Slike forsøk bør undersøkje korleis biokol oppfører seg under ulike forhold – som ulike jordtypar, klima og produksjonsmetodar.

– Biokol er ikkje ei mirakelløysing, men eit kraftig verktøy når det vert brukt rett. Ved å kombinere nøye oppfølging med meir forsking kan vi sikre at biokol leverer på løftet sitt for både klima og landbruk, avsluttar Daniel Rasse.

Varigheita til biokol i jord blir påverka ikkje berre av dei kjemiske og fysiske eigenskapane til sjølve biokarbonet, men òg av miljøtilhøve som jordtype, klima og biologisk aktivitet – inkludert jordorganismar som påverkar og omdannar organisk materiale i jorda. Foto: Erling Fløistad
Varigheita til biokol i jord blir påverka ikkje berre av dei kjemiske og fysiske eigenskapane til sjølve biokarbonet, men òg av miljøtilhøve som jordtype, klima og biologisk aktivitet – inkludert jordorganismar som påverkar og omdannar organisk materiale i jorda. Foto: Erling Fløistad

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.