Landskapet som kunnskapsbank
Den vakre Herdalssetra ligg 520 m.o.h opp frå bygda Norddal og innanfor UNESCOs verdsarvområde. Setra har 300 års ubroten setertradisjon, og er ei av dei største fellessetrane for geit i landet. Her er også kyr, sauer og fjordhestar. Foto: Siri Elise Dybdal
Natur og kultur er tett vevd saman i det norske jordbrukslandskapet. Kunnskap frå generasjonar før oss har forma både landskapet og naturmangfaldet vi ser i dag. Forskaren Bolette Bele har brukt eit heilt yrkesliv på å forstå denne samanhengen – og kva som står på spel når kunnskapen forsvinn.
I det norske jordbrukslandskapet er samspelet mellom natur og kultur avgjerande for både biologisk mangfald og levande lokalsamfunn. Kunnskap som er bygd opp over generasjonar spelar framleis ei viktig rolle når ein skal ta vare på naturtypar og bruke ressursane på ein berekraftig måte.
Dette er noko vegetasjonsøkolog og NIBIO-forskar, Bolette Bele, har arbeidd med i mange år. Gjennom forskinga si har ho sett nærare på korleis lokal matproduksjon, landskap og tradisjonar heng saman – og kva det betyr for både naturen og dei som lever av og i den. Nyleg vart ho tildelt Seterprisen 2026 for arbeidet sitt med å løfte fram verdiane i seterlandskapet.
Interesse for landskapet
Sjølv var Bele ungjente då ho fatta interesse for kulturlandskapet.
– Eg vaks opp i Bæverfjord på Nordmøre, omgitt av bratte fjell og gamle seterlandskap. Ei tante av meg var budeie i ungdommen sin, og ho delte mange historier frå livet der. Sjølv om seterdrifta ikkje lenger var i aktiv bruk, bar landskapet framleis på forteljingar. Det same gjorde plantelivet – den biologiske kulturarven etter beitedyr, vedhogst og tidlegare bruk av området. Det var dette som verkeleg vekte interessa mi, fortel Bele.
Interessa tok ho vidare inn i studiane, der ho skreiv hovudoppgåve på 1990-talet, om seterlandskap og attgroinga som skaut fart.
– Eg besøkte rundt tjue setrer i heimkommunen min, og det utvikla seg etter kvart til ei tydeleg forskingsinteresse. Eg byrja å undervise i botanikk ved NTNU, og deltok i ulike prosjekt om seterlandskap – mellom anna i Budalen, Sjodalen og Sikkilsdalen, fortel ho.
Bele peikar på at attgroing endrar landskapet på fleire måtar, særleg for artar som er avhengige av tradisjonell bruk.
– Eg intervjua eldre folk om seterdrifta, og vart også oppteken av arkivarbeid. Det var ikkje så mange som jobba med dette den gongen, men det fanst eit fagmiljø i Trondheim. Eg fekk kombinere historieinteressa mi med studiar av kulturlandskap med stor historisk djupn.
Ho forklarar at spor etter tidlegare bruk framleis kan lesast i landskapet.
– Svingingar i folketalet opp gjennom tida gir eit bilete av korleis landskapet har vore brukt, og korleis det har variert i takt med behovet for ressursar. Historiske data frå rundt 1850, som matrikkeltal på dyr og menneske, seier mykje om kva folk hausta og levde av. Koplinga til biologisk mangfald fenga meg, og gav ei djupare forståing av landskapet slik det er i dag. Dette har vore eit viktig grunnlag for arbeidet mitt heilt fram til no, fortel NIBIO-forskaren.
Heng tett saman
Det som gjer dette feltet så viktig, er nett kor tett natur og kultur er vevde saman, understrekar Bele.
– Eg står med ein fot i naturvitskapen og ein i humaniora. Landskapet er forma av menneskeleg aktivitet, og for å forstå det må vi sjå på jordbruket slik det faktisk vart drive – med slått og ljå, beiting, hausting av lauv, og mange andre ressursar. Denne bruken har fungert som økologiske faktorar og påverka leveforholda til planter og dyr. Skal vi ta vare på landskapet i dag, må vi også forstå effektane av denne historiske økologien.
Samtidig peikar ho på at samanhengane er meir komplekse enn mange trur.
– Vi tenkjer ofte at ei slåttemark berre treng å slåast éin gong i året. Men tidlegare var det mykje meir som skjedde i ei slik eng. Det var vårbeite, tråkk frå dyr, naturleg gjødsling, ulike dyreslag som beitar på ulike plantar, rydding av kantar og til og med spreiing av oske. Alt dette påverka økosystemet. I dag har vi forenkla drifta til nokre få tiltak, men det er ikkje nok for å ta vare på naturmangfaldet. Vi må ta høgd for variasjonen, forklarar forskaren.
Eit kunnskapssystem
Bele fortel at noko av det mest givande i arbeidet har vore å få innblikk i kor omfattande kunnskapen til tidlegare generasjonar faktisk var.
– Folk hadde eit rikt og nyansert kunnskapssystem. Dei kjende kvar kvadratmeter av slåtte- og beitemarka si, og visste kva ulike tiltak førte til. Bruken vart tilpassa forholda frå år til år – med kvileperiodar, variasjon i beiting og ulike måtar å skjøtte areala på. Nokre stader brende dei til dømes for å bli kvitt mose. Det fanst eit stort mangfald av praksisar, forklarar ho.
Seterlandskapet og seterkulturen byggjer på denne nedarva kunnskapen – ei erfaringsbasert forståing av landskap, ressursar og tilpassing av bruk.
– Når ein går inn i historia og snakkar med folk, ser ein korleis praksisane fungerer som økologiske faktorar i seg sjølve. Og det som slår meg kvar gong eg møter folk, er kor mykje vi som økologar kan lære, seier Bele.
Ho understrekar at kunnskapen varierer frå stad til stad.
– Praksisen er ulik frå bygd til bygd. Det som gjeld på Nordmøre, gjeld ikkje nødvendigvis i Valdres. Difor er det viktig å møte folk med openheit, ikkje berre som ekspert. Mi rolle er å dokumentere og løfte fram kunnskapen, og vere audmjuk i møte med lokalkunnskap.
I arbeidet med skjøtsel av utmark og slåttemark møter forskarane ofte eldre som har sett effektane av tidlegare drift.
– Dei kan til dømes seie at eit område ikkje bør beitast, fordi det tradisjonelt berre vart slått der. Slik innsikt er viktig å få fram, sjølv om ikkje alt let seg gjennomføre i dag, mellom anna på grunn av mindre tilgjengeleg arbeidskraft.
Finne balansen
Bele meiner forskarrolla ofte handlar om å finne ei praktisk balanse.
– Vi kan ikkje foreslå løysingar som ikkje fungerer i røynda. Når vi arbeider i bygder, må tiltaka fungere på lokale premissar. Det er jo denne kunnskapen som har skapt verdiane i utgangspunktet.
Ho har særleg vore oppteken av immateriell kulturarv, som for den norske og svenske seterkulturen sin del, no også er løfta fram internasjonalt.
– Dette kan til dømes handle om naturteikn som styrer drifta – som knoppsprett, snøsmelting og andre indikatorar som fungerer som ein slags økologisk kalender. Slik kunnskapen blir overført mellom generasjonar og er i stadig utvikling og tilpassing.
Ifølgje Bele handlar seterkulturen i stor grad om å bevare kontinuitet og detaljkunnskap om landskapet og naturressursane.
– Det gjeld alt frå kvar det er best beite, til kva plantar som kan brukast som medisin for dyr, eller i ysting og andre prosessar. Det er ein enorm mengd immateriell og lokal kunnskap knytt til naturressursane og måten å utnytte dei på, seier ho.
Har vore undervurdert
Bele fortel at det tidlegare kunne vere vanskeleg å få støtte til prosjekt som tok for seg denne typen kunnskap.
– Tradisjonell økologisk kunnskap har lenge vore undervurdert i forskinga, men det er i ferd med å endre seg. I Sverige sette ein nok eit tidlegare fokus på dette arbeidet, medan det her heime vart enklare å få gjennomslag etter at naturmangfaldlova kom med ei oppdatering i 2014. Då vart betydninga av lokalsamfunn sin lokalkunnskap sidestilt med urbefolkningane sin kunnskap, i høve til å ivareta det biologiske mangfaldet.
Ho opplever at seterkulturen no får større merksemd og betre rammevilkår.
– Det er viktig. Samtidig er det svært givande å møte folk lokalt og lære om driftsmåtar og immateriell kulturarv. Vi har fått ei større forståing av at landskapet ikkje kan tolkast berre ut frå biologi – det rommar mange historiske lag, understrekar ho.
Viktig å bevare
I møte med klima- og naturkrisa, meiner Bele det er ekstra viktig å ta vare på økosystem som framleis er i god tilstand.
– Seterdrifta er ein fleksibel måte å drive på, tilpassa klimaet, der ein flyttar dyra etter snøsmeltinga. Ved å utnytte dei naturlege gradientane i landskapet, blant anna høgda, får ein tilgang til ein stor variasjon av naturtypar og beiteressursar utover i sesongen. Denne fleksibiliteten kan bli endå viktigare framover, no når klimaet vert meir ustabilt.
Samtidig har talet på aktive seterbrukarar i Noreg gått kraftig ned – frå rundt 100 000 på 1800-talet til om lag 720 i dag.
– Det er ei stor utfordring, og økonomi er avgjerande for å halde drifta i gang. Men sjølv om tilskota har auka dei siste åra, har utviklinga likevel vore negativ.
Ho peikar også på andre utfordringar.
– Utbygging av hyttefelt i gode beiteområde skapar press. Klimaendringar fører til raskare attgroing, lengre vekstsesong og endringar i vegetasjonen. Snøen forsvinn tidlegare, noko som påverkar beitekvaliteten gjennom sesongen.
Bele meiner forvaltninga må vere lokalt forankra.
– Det er grunneigarane som gjer det praktiske arbeidet, så samarbeid mellom dei, forvaltning og forsking er heilt avgjerande.
Formidling er også ein viktig del av arbeidet.
– Folk må forstå at dette ikkje er villmark, men landskap forma av menneske over lang tid. Å lære barn og unge å lese spor i landskapet er viktig for å skape både forståing og vilje til å ta vare på arven. Men storsamfunnet må få opp auga for dei verdiane seterkulturen faktisk bidreg med, og at dette krev innsats, før det er for seint.
Grunnlag for gode avgjerder
Bele har skrive bøker om seterkultur i både Noreg og Sverige, og samarbeidd tett med svenske forskarar.
– Det er mykje felles kulturarv, men også skilnader i politikk og driftsmåtar. Forskinga vår er viktig for å dokumentere verdiane i seterlandskapet. Det gir eit betre grunnlag for politiske avgjerder og styrkjer argumenta for å ta vare på denne kulturarven.
Ho peikar på at landskapet sjølv fortel historia.
– Du ser det i bygningar, steingardar, slåttemark og beitemark – og i alle spora etter bruk. Det finst også spor etter tru og tradisjonar, til dømes i stadnamn knytte til underjordiske vesen.
– Eg håpar fleire får auge på kor mykje arbeid og kunnskap som ligg bak kulturlandskapet. Det er ein kulturarv skapt av lokalsamfunn, til glede for oss alle, avsluttar forskaren.
KONTAKTPERSON
UNESCO sin konvensjon for vern av den immaterielle kulturarven
UNESCO sin konvensjon for vern av den immaterielle kulturarven
UNESCO sin konvensjon for vern av den immaterielle kulturarven (2003) blei signert av Noreg i 2007. Konvensjonen blei utarbeidd for å sikre respekt for og auke medvitet om kor viktig den immaterielle kulturarven er. Ho er meint å fungere i tillegg til UNESCO sin konvensjon om vern av verdas kultur- og naturarv (den såkalla verdsarvkonvensjonen, 1972). Respekt for og anerkjenning av utøvaren og tradisjonsberaren er eit sentralt prinsipp i konvensjonen.
Konvensjonen definerer immateriell kulturarv som:
-
munnlege tradisjonar og uttrykk (medrekna språk som uttrykksmiddel for immateriell kultur)
-
utøvande kunst
-
sosiale skikkar, ritual og høgtidsfestar
-
kunnskap og praksis knytt til naturen og universet
-
tradisjonelt handverk
Kjelde: Regjeringen.no
I 2024 blei norsk og svensk seterkultur og fäbodkultur skrivne inn på UNESCO si liste over immateriell kulturarv. Innskrivinga løfter fram setringa som levande kulturarv og som ein viktig del av kunnskapen om berekraftig ressursbruk, mattradisjonar, dyrehald og kulturmiljø i fjell- og utmarksområde.
Både styresmakter, forskingsmiljø og tradisjonsberarar i Noreg og Sverige har samarbeidd om nominasjonen. Innskrivinga blir omtala som ei viktig anerkjenning av tradisjonane og kunnskapen som framleis blir haldne i hevd gjennom aktiv seterdrift.
-
Prosjektets egen nettside: https://fabodkultur.se/
Lenker
Norsk Seterkultur Förbundet svensk fäbodkultur och utmarksbruk Konvensjonen for vern av den immaterielle kulturarven Kulturdirektoratet Konvensjonens innhold Seterlandskapet, naturen og kulturen (BOK av: Bele, Norderhaug & Tunón 2019)
KONTAKTPERSON
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.