Åtte nye metodar kan gje frukt og grønt lengre levetid
Penicillium er ein sopp som kan angripe eple og forårsake blaut råte og grøn/blåleg mugg. Denne muggsoppen dannar gifta patulin, som kan spreie seg i heile frukta. Kast difor alltid rotne eller mugne eple. Forskarar jobbar for å finne miljøvenlege løysingar som reduserer eller hindrar soppangrep på lager. Foto: Andrea Podavkova, NIBIO
Nye metodar kan gje betre haldbarheit på frukt og grønt – og redusera bruken av syntetiske middel. Her er åtte miljøvenlege løysingar som kan redusere matsvinn i framtida.
Reisa frå produksjonslandet til norske butikkar kan vera lang for importert frukt og grønt. Under transport kan soppsjukdomar utvikla seg og påverka kvaliteten. Samtidig varierer lagringstida mykje mellom ulike produkt: Nokre kan lagrast i månader, medan andre berre held seg nokre få dagar. Det er behov for meir miljøvenlege planteverntiltak, også etter innhausting, særskilt fordi mange tradisjonelle middel vert fasa ut.
– I NIBIO arbeider me med dette. Handtering av norskprodusert frukt og grønt er viktig med omsyn til beredskap og sjølvforsyning. Då treng me meir kunnskap om optimal handtering av frukt og grønt etter hausting. Særskilt er det behov for metodar som ikkje involverer bruk av syntetiske plantevernmidlar, seier forskar Jorunn Børve i NIBIO.
Åtte nye metodar blei presenterte på ein internasjonal forskarkonferanse i Hardanger i mai. Fleire av metodane kan redusera matsvinn og behovet for syntetiske middel.
1. Varmebehandling
Kort oppvarming av overflata til frukt og grønsaker fremjar motstandsevne mot soppsjukdomar. Til dømes kan bruk av damp eller vatn med litt over 50 °C effektivt redusera soppsjukdomar på eple. Metoden er teken i bruk enkelte stader internasjonalt, men krev mykje energi og kan verta kostbar i praksis.
2. Eteriske oljer
Eteriske oljer frå plantar kan ha sterk effekt mot sopp og bakteriar. Fleire av desse har vist lovande resultat i forsøk med lagring av frukt og grønt. Ei utfordring er at dei fordampar raskt og dermed mister effekt over tid. Forskarar arbeider derfor med å binda oljene til nanopartiklar, slik at dei verkar lengre og kan inngå i kombinasjon med andre tiltak.
3. Naturstoff og mineral
Propolisekstrakt frå bier er eitt av fleire bioaktive stoff som kan beskytta mot sjukdom. Forsøk har vist at slike stoff kan redusera gråskimmel i bær. Også mineral som sink og silikon har vist evne til å hemma utvikling av soppsjukdomar. Forskarar testar no ulike kombinasjonar av naturlege stoff. Nokre tek i bruk kunstig intelligens for å finna dei mest effektive kombinasjonane.
4. Mikrobar mot mikrobar
Soppar angrip ikkje berre plantar, men også kvarandre. Forskarar jobbar med bakteriar og sopp som kan hemma eller stoppa skadelege organismar. For å finna dei mest lovande kandidatane, analyserer dei mikrobiomet – heile samfunnet av mikroorganismar på frukta. Samtidig vert det forska på korleis slike mikrobar kan produserast i stor skala til ein akseptabel kostnad.
5. Spiselege belegg
Såkalla «edible coatings» er tynne, spiselege belegg som kan leggjast utanpå frukt og grønt. Desse belegga kan innehalde naturlege stoff som vernar mot sopp og uttørking. Nokre prosjekt nyttar bioaktive stoff frå avfall i næringsmiddelindustrien, noko som også gir betre ressursutnytting. Resultata er lovande, men teknologien må vidareutviklast før han kan takast i bruk i praksis.
6. UV-stråling
UV-lys kan nyttast til å redusera soppsjukdomar som gråskimmel. Både NMBU og NIBIO har gjennomført fleire forsøk, særleg i veksthusproduksjon. Teknologien blir allereie brukt av enkelte produsentar, med gode resultat. Det er også potensial for bruk etter hausting, men metodane må tilpassast ulike produkt.
7. Sensorar
Når frukt blir angripen av sopp, blir det frigitt spesielle signalstoff. Desse kan oppdagast før skaden er synleg for auge. Forskarar utviklar «elektroniske naser» og sensorsystem som kan registrera slike endringar tidleg. Teknologien kan gje betre kontroll på lager og redusera matsvinn ved å stansa smitte tidleg.
8. «Multiple-hurdle»
Syntetiske middel gir ofte full effekt åleine. Slik er det ikkje med biologiske middel. Erfaring viser at fleire tiltak må kombinerast for å oppnå tilfredsstillande resultat, såkalla «multiple-hurdle»-tilnærmingar. Summen av fleire tiltak med ein moderat verknad, kan tilsvara effekten av eitt syntetisk plantevernmiddel. Slik kan ein sikra akseptabel kvalitet på ein meir miljøvenleg måte.
Frå enkeltløysingar til heilskap
Samstundes peikar NIBIO sin forsking på kor viktig det er å sjå heile produksjonskjeda i samanheng.
– Desse åtte metodane viser kor breitt det blir forska internasjonalt. For NIBIO handlar det om å ta denne kunnskapen vidare og sjå han i samanheng med norske forhold og heile verdikjeda – frå jord til bord, seier Børve.
Ho understrekar at grunnlaget for kvalitet blir lagt i vekstsesongen.
– Ingen tiltak på lager kan gjera kvaliteten betre enn han var ved hausting, men dei kan halda han ved lag. Difor er det som skjer på jordet, eller i frukthagen, like viktig som det som skjer under lagring.
– Framover treng me fleire prosjekt som koplar dyrking og lagring tettare saman. Då kan me utnytta potensialet i alternative metodar betre og bidra til mindre matsvinn og meir berekraftig produksjon, avsluttar Børve.
KONTAKTPERSON
Jorunn Børve
Forsker
-
Divisjon for bioteknologi og plantehelse
(+47) 958 78 057 jorunn.borve@nibio.no Kontorsted: Ullensvang
VIII International Symposium on Postharvest Pathology, Ullensvang, Norway, May 18-22, 2026
I mai i år leia NIBIO, ved forskar Jorunn Børve, ei stor internasjonal konferanse som tok for seg sjukdomar i planteprodukt etter hausting. Konferansen var i regi av International Society for Horticultural Science (ISHS). Over 100 forskarar var samla for å dela forsking og diskutera vegen vidare.
KONTAKTPERSON
Jorunn Børve
Forsker
-
Divisjon for bioteknologi og plantehelse
(+47) 958 78 057 jorunn.borve@nibio.no Kontorsted: Ullensvang
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.
Publikasjoner
Sammendrag
Det er ikke registrert sammendrag