Grunnlaget
Oppgjeret begynner med at materialet som viser jordbruket si økonomiske stilling blir lagt fram av Budsjettnemnda for jordbruket (BFJ) i første halvdel av april. Dette grunnlaget viser samla verdiskaping i jordbrukssektoren, og inntektsutviklinga i jordbruket.
Grunnlaget utgjer eit felles utgangspunkt for forhandlingane fordi partane som deltar i oppgjeret, alle er representerte i BFJ som utarbeider og legg fram forhandlingsgrunnlaget.
Kravet
Etter at grunnlaget er lagt fram, skal næringa sine to organisasjonar, Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag, bli einige om eit felles krav som dei legg fram for staten. Det skjer innan avtalt dato seint i april.
Tilbodet
Innan ein avtalt dato tidleg i mai, skal Staten gi sitt tilbod til bøndene.
Forhandlingane
Når Staten har lagt fram sitt tilbod, kan jordbruksforhandlingane ta til. Innan avtalt dato i midten av mai, skal partane bli einige om eit felles resultat som kan leggjast fram i form av ein proposisjon til Stortinget. Stortinget handsamer proposisjonen rundt midten av juni.
Om partane ikkje blir einige, er det til vanleg statens tilbod som blir sendt til Stortinget for handsaming.
Ny jordbruksavtale
Handsaminga i Stortinget munnar ut i vedtak om ein jordbruksavtale for neste periode. I avtalen er det nedfelt målprisar, økonomiske overføringar og andre tiltak som sikrar bøndene si inntekt neste periode.
Forhandlingsgrunnlaget sine tre delar
Totalkalkylen-
viser inntektsnivå og inntektsutvikling i jordbruket, og gir eit samla bilde av verdiskapinga i sektoren. Kalkylen viser totalverdiane som er skapt i norsk jordbruk. Blir mellom anna brukt for å samanlikne bøndenes inntektsutvikling med andre grupper i samfunnet.
Utgreiinga viser revidert rekneskap for 2017, foreløpig rekneskap for 2018 og budsjett for 2019.
Referansebruka -
viser økonomiske resultat for 27 referansebruk, som representerer ulike driftsformer, storleikar og geografi. Referansebruka blir under forhandlingane brukt til å rekne på utslag av krav og tilbod for ulike typar bruk.
Berekningane byggjer på talmaterialet frå dei vel 700 jordbruksbedriftene som inngår i driftsgranskingane for jordbruket.
Resultatkontrollen -
samanstiller data som belyser utvikling og måloppnåing i jordbruket. Her får ein fram verknaden av jordbrukspolitikken gjennom utvalde måleparametrar, og endringane i desse.
For eksempel kan strukturutvikling bli synleg gjennom endringar i storleik på bruka og i talet på dyr.
Geografisk fordeling av jordbruksproduksjonen blir og dokumentert gjennom resultatkontrollen.