Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2000

Sammendrag

Fôrforsyninga til eit simulert mjølkeproduksjonsbruk frå eit seksårig vekstskifte under omlegging til økologisk drift er evaluert. Vekstskiftet som bestod av bygg i attlegg av eng, treårig eng, kålrot og havre, vart tilført husdyrgjødsel i mengder tilsvarande 0,1 ku per dekar. Energi- (FEm) og proteinforsyning (AAT og PBV) vart evaluert på bakgrunn av gjeldande regelverk frå DEBIO med krav om at minimum 70% av energiforsyninga skal være basert på grovfôr. I fem av seks år vart det produsert nok gras/kløver og kålrot i vekstskiftet til å dekke grovfôrbehovet, gitt eit ytingsnivå à 5000 kg mjølk per ku per år. Avlingane av korn var alle år for små til å dekke det resterande energibehovet, men noko høgare avlingar mot slutten av perioden reduserte energiunderskottet frå 10-15% til 5% siste året. Eit lågt proteininnhald, både i grovfôr og korn gjorde at proteinunderskottet var større enn energiunderskottet. For å auke bærekrafta til det økologiske mjølkeproduksjonsbruket må ein redusere dyretalet (kyr per dekar) og/eller ytingsnivået. Endringar i vekstskiftet og i disponeringa av husdyrgjødsla kunne truleg også hatt positiv innverknad på sjølvforsyningsgraden av energi og protein på mjølkeproduksjonsbruket.

Sammendrag

Dette er eit utdrag frå ein artikkel med same tittel i Sau og Geit nr. 2-2000. Planteforsk Fureneset fagsenter har i samarbeid med fleire andre, studert vilkåra for villsau som beiter året rundt i kystlynghei. Tilveksten hos lamma er størst på vår og forsommar. Dyr som går på eit grasdominert beite synest å ha ein høgare tilvekst enn dyr som går på eit lyngdominert beite, særleg gjeld dette vår og haust. Gjennom vinteren taper dyra kroppsvekt, men dette ser ikkje ut til å vere noko problem for dyra. Blodverdiane hos villsauen avvik ikkje noko særleg frå det ein finn hos vinterfora sau i eit vanleg driftsopplegg. Gjødselprøver frå eit utvalg av dyr, viser at parasittar kan vere eit problem.

Sammendrag

Løpebille- og kortvingefaunaen ble registrert i langvarige forsøk (6-8 år) ved omlegging til økologisk dyrking på Apelsvoll og Ås. Det var en positiv effekt på mange løpebiller, bl.a. Harpalus rufipes og mange arter i slektene Amara, Bembidion og Pterostichus, dessuten på kortvingearten Aleochara bipustulata. Økt mengde ugras kan forklare deler av økningen. Det var en negativ effekt på mange kortvingearter, bl.a. Philonthus cognatus og Tachyporus-arter, dessuten på løpebillearten Trechus quadristriatus.

Sammendrag

I raisvingel kan ein kombinera dei beste eigenskapane frå ulike raigras- og svingelartar. Avlings- og kvalitetsresultat er gitt for ulike sortar testa i Norge. Sortsutviklings-programmet i Planteforsk er omtala.