Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2005

Sammendrag

Heilgrøde av erter vart hausta ved full blomstring (H1), når 30% av skolmane hadde nådd full storleik (H3) og når dei fleste skolmane var fullt utvikla (H3), tilsvarande utviklingstrinn 65, 73 og 79 på BBCH-skalaen. Tørrstoffavlinga auka frå 294 til 492 kg per daa, og andelen ertefrø frå 0 til 36% frå H1 til H3. Råproteininnhaldet var relativt lågt (118, 149 og 144 g per kg TS). Sjølv om by-pass fraksjonen av proteinet minka med stigande utviklingstrinn, var proteinverdien truleg høgast ved H3 på grunn av meir tilgjengeleg energi til mikrobiell syntese som fylgje av høgare nedbrytingsgrad av NDF samanlikna med tidlegare utviklingsstadium. Resultata frå denne studien indikerar at ein ikkje bør hauste reinbestand av erter dyrka til grønfôr før dei fleste skolmane er fullt utvikla, dersom ein vil oppnå høg avling og høg næringsverdi. Resultata stammer frå eitt enkelt forsøk, gjennomført ved Planteforsk Kvithamar i 2002. Fleire studiar bør gjennomførast før ein kan trekkje endeleg konklusjon.

Sammendrag

Vellukka dyrking av kløver eller andre belgvekstar er ein nøkkel for å lukkast med økologisk kjøtt- og mjølkeproduksjon. Artikkelen gir eit oversyn over nye norske forskingsresultat om verknad av haustetid på fôrkvalitet og avling i raudkløvereng. Vidare er biologisk N-fiksering, stell av enga og varigheit av enga omtala.

Sammendrag

Artikkelen omhandlar korleis beitegrøda og gjennomføringa av beitinga påverkar beiteopptaket, med særleg vekt på framtidige utfordrinar og mulegheiter for å produsere lammekjøt basert på innmarksbeite.

Sammendrag

De norske kvitkløversortene Snowy og Norstar og den danske sorten Milkanova ble sammenliknet under beiting. Kvitkløversortene ble dyrket hver for seg i blanding med flerårig raigras (Særheim) eller i blanding med timotei, engsvingel og engrapp (Stjørdal). Tre ulike mengder N ble (0, 7,5 og 15 kg N da-1 år-1) ble tilført i et split-plot system med N på storruter og kvitkløversort på småruter. Forsøket i Stjørdal ble beitet med melkekyr og det på Særheim med kastrater. Avling før og restavling etter beiting ble bestemt ved høsting av deler av forsøksarealet. Avbeitingsgraden ble bestemt visuelt under og etter beiting. I gjennomsnitt over år ga ingen av sortene bedre avling enn den andre. Samtlige sorter ble like godt avbeitet. Ubeitet avling økte med stigende N-gjødsling ved økt grastilvekst på bekostning av andelen kløver i beitet. Utslaget for N-gjødsling var større på Særheim der det ble brukt raigras enn i Stjørdal der det ble brukt engrapp, timotei og engsvingel i frøblandingen. Avbeitingsgrad minket noe med økt N-gjødsling. Forsøket gir ikke grunn til å anbefale den ene kvitkløversorten fremfor den andre med hensyn til avbeitingsgrad. Forsøket videreføres i 2005 for å gi svar på om sortene skiller seg i avlingsstabilitet.

Sammendrag

For å møte mjølkeprodusentane sitt behov for kunnskap om dyrking og utnytting av kvitkløver som beitevekst har avtalepartane i jordbruket finanisert eit fire-årig prosjekt "Kvitkløver som beitevekst til mjølkekyr". Hovudresultat frå tre forsøk der ein undersøkte beiteopptak og mjølkeproduksjon ved ulike beitetilbod og kraftfôrnivå er presentert. Andelen kvitkløver varierte frå omlag 13 til nærmare 40% av TS-avlinga. Kvaliteten på beita var jamt over svært god. Det var mindre utbytte enn venta av å auke beitetilbodet frå 12 til 24 kg TS per dyr og dag, både med omsyn til beiteopptak og mjølkeproduksjon. Utbyttet av å auke kraftfôrtildelinga frå 4 til 7 kg var også reltivt lite (0,4 kg mjølk per kg kraftfôr). På bakgrunn av desse undersøkingane kan det såleis sjå ut til at det verken er rekningssvarande med svært høgt beitetilbod (> 18 kg TS per dyr og dag) eller å gje meir enn ca 4 kg kraftfôr til mjølkekyr som får kvitkløverbeite av høg kvalitet.

Sammendrag

Verknaden av beitetilbod og kraftfôrtildeling på beiteopptak og mjølkeproduksjon er undersøkt i fire beiteforsøk med mjølkekyr i perioden 2002-2004. Forsøka vart gjennomførte på gras/kvitkløverbeiter (12,9-39,7% kvitkløver) ved Mære landbruksskole, Nord-Trøndelag og Øksnevad landbrukskule, Rogaland. I to av forsøka vart det også gjennomført automatiske registreringar av beiteåtferden. Individuelt beiteopptak vart målt i Forsøk I og II ved hjelp av n-alkanmetoden (Dove & Mayes 1991). Ved å auke beitetilbodet med 6 kg TS frå 12 til 18 kg TS dyr-1 dag-1 auka beiteopptaket mindre enn venta, særleg i Forsøk II (0,6 kg TS dyr-1 dag-1 men også i Forsøk I (1,1 kg TS dyr-1 dag-1). Det var også overraskande at beiteopptaket auka meir ved å auke tilbodet frå 18 til 24 kg TS dyr-1 dag-1, enn frå 12 til 18 kg TS dyr-1 dag-1 i begge forsøka (2,7 og 1,5 kg TS i Forsøk I og II, høvesvis). I Forsøk III og IV vart responsen av beitetilbod og kraftfôrtildeling undersøkt etter eit 2 x 2 faktorielt forsøksdesign. Høgt beitetilbod (18 kg TS dyr-1 dag-1) gav sikkert høgare avdrått (kg mjølk) enn lågt beitetilbod (12 kg TS dyr-1 dag-1) i Forsøk III. Det var også sikker positiv respons på avdråtten av å gje 7 kg Formel 10 samanlikna med 4 kg Formel 10. Verken beitetilbod eller kraftfôrtildeling påverka protein-% i mjølka i Forsøk III, og det vart ikkje funne samspelseffektar mellom beitetilbod og kraftfôrtildeling. Førebelse resultat indikerer at utslaga av både beitetilbod og kraftfôrtildeling var mindre med omsyn til avdråtten i Forsøk IV, samanlikna med Forsøk III. På den andre sida såg det ut til at 8 kg kraftfôr gav høgare innhald av protein og lågare innhald av feitt, samanlikna med frå 4 kg kraftfôr i dette forsøket. Likevel var utbyttet av å gje 7-8 kg kraftfôr samanlikna med 4 kg truleg for lite til at det var økonomisk rekningssvarande i nokon av forsøka. Av innsamla data frå åtferdsregistreringane såg det ut til at dyra på Øksnevad kompenserte kort beitetid med meir effektiv bruk av tida til beiting, samanlikna med dyra på Mære som var ute på beite ein større del av døgnet.

Sammendrag

Ulike sortar av fôrmais vart i åra 2002-2004 dyrka i forsøk på Jæren og ved Trondheimsfjorden i Nord-Trøndelag. I to av åra vart plastdekke frå våren av lagt inn som forsøksfaktor. På grunnlag av oppnådd avlingsmengde og kvalitet, vêrdata for forsøksåra og for tiårsperioden 1995-2004 på desse lokalitetane og for Tjølling i Vestfold og Ås i Akershus, vart potensialet og risikoen for avlingssvikt ved fôrmaisdyrking drøfta. Konklusjonen vart at fôrmaisproduksjon i Trøndelag og på Jæren er eit risikoforetak, også dersom ein legg inn bruk av plastdekke frå våren av. Truleg var åra 1997 og 2002 dei to einaste i tiårsperioden 1995-2004 at ein kunne ha oppnådd store avlingar med god nok kvalitet. Tjølling i Vestfold var den sikraste lokaliteten av dei fire ein såg på, men også her var mange av somrane i tiårsperioden truleg for dårlege for det aktuelle sortsmaterialet, også med bruk av plast.

Sammendrag

På tre forsøksfelt i ung eng vart det årleg tilført frå 0 til 5 kg fosfor per dekar i dinatriumhydrogenfosfat (Na2HPO4 x 2H2O). Dette stoffet vart nytta for å unngå samanblanding av verknad av svovel i superfosfat, som er mykje brukt i tidlegare gjødslingsforsøk med fosfor. Målsettinga med feltforsøka var å finne kritiske verdiar for fosforinnhald med omsyn på plantevekst under praktiske tilhøve. Sjølv til dels sterk P-gjødsling førte berre til liten auke i opptak av P i planter, og også til små avlingsutslag, på jord med relativt lite tilgjengeleg fosfor. Slike uventa små utslag medførte at samanhengen mellom plantene sin P-status og avlingsutslag vart dårleg bestemt. Det vart likevel observert ein trend til avlingsreduksjon ved låge P/N-verdiar. Av i alt 10 kg tilført P i gjødsel over to år vart berre 9 % funne att i avlinga.