Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2000

Sammendrag

I raisvingel kan ein kombinera dei beste eigenskapane frå ulike raigras- og svingelartar. Avlings- og kvalitetsresultat er gitt for ulike sortar testa i Norge. Sortsutviklings-programmet i Planteforsk er omtala.

Sammendrag

Fôrkvalitet er analysert på NIR i ein forsøksserie med to såmengder av raudkløver i blanding med timotei og ved 0, 6, 12, 18 og 24 kg N/daa. Aukande kløverinnhald i fôret førte til ein auke i innhaldet av råprotein, kalsium og magnesium, og ein nedgang i NDF og vassløyseleg karbohydrat. Effekten av kløver på fordøyelegheit var liten, men den var negativ i andreslåtten. Aukande N-gjødsling gav lågare kløverinnhald, slik at proteininnhaldet var lite påverka av gjødslinga.

Sammendrag

På timoteieng i Nordland, Midt-Norge, på Vestlandet og Nord-Austlandet vart nitrogenmengder frå 0 til 29 kg per dekar prøvde på 28 forsøksfelt i åra 1993-96. Dei fleste felta vart hausta i to år. På 25 felt vart det tatt avlingsprøver, oftast i to år og av både første og andre slått. Fôrkvaliteten vart analysert etter NIR-metoden. Ved anlegg var det i middel 90 % dekking av timotei på felta. Både dekkinga om våren, prosenten av timotei ved hausting og avlinga minka klart frå første til andre engår. Avlingsforskjell-lane i første slått var ikkje tydelege mellom regionar, men avlinga i andre slått var minst i Nordland og størst i Midt-Norge. Avlinga mellom felta varierte mykje meir enn mellom N-mengdene. Mange felt hadde større avling enn 600 kg tørrstoff per dekar i første slått på ruter som ikkje fekk N-gjødsel om våren. I middel for felta auka avlinga opp til 29 kg N per dekar, men auken var liten ut over 9 kg N om våren og 8 kg etter første slått, særleg på eng som gav stor avling ved svak gjødsling. Deling av gjødsla om våren og etter første slått auka ikkje avlinga. Nitrogenet verka best første engåret. Det var tendensar til forskjellar i verknad av nitrogenet på avlingsmengda mellom regionar. Glødetapet, pH og innhald av syreløyseleg kalium i jorda var svakt positivt korrelert med avlingsmengda, men utslaga var ikkje statistisk sikre. Stigande mengd nitrogen om våren auka innhaldet av protein i første slåtten heilt opp til største N-mengd. For fiber (NDF) og oske var innhaldet lågare utan N-gjødsling og der det var tilført 5 kg nitrogen enn på ledd gjødsla med 9 kg eller meir. Meltegraden og innhaldet av vassløyseleg karbohydrat (sukker) var høgast på ugjødsla eller svakt gjødsla ledd. Deling av gjødsla om våren auka proteininnhaldet i første slåtten. Elles kunne det ikkje påvisast at deling av gjødsla førte til betre fôrkvalitet verken i første eller andre slått.

Sammendrag

Innlegget beskriver kritiske faktorer når det gjelder dyrking av gode vår- og høstbeiter i økologisk sauehold. Det beskrives og illustreres hvor viktig det er å ha gode vår- og høstbeiter for å oppnå tilfredsstillende tilvekst på lam.