Proteingevinsten frå sauehaldet

Foto: Erling Fløistad
Slik sauehaldet er i dag får vi att omlag like mykje protein i kjøt og etelege biprodukt som det vi tilfører dyra igjennom fôret. Men det kan forbetrast ifølge forskarane .
Drøvtyggjarane på utmarksbeite har eit enormt matfat å ta av, med omtrent 45 prosent av landarealet som eigna beite. Beitet utgjer rundt 60 prosent av fôrinntaket til sauen, som omdannar gras til høgverdig protein som menneske kan ete.
Men i kraftfôret blir det også brukt ein del korn og andre vekstar som er etande for menneske. Årsaka er at det svarar seg økonomisk. Det blir også brukt mjølkeerstatning til lam som ikkje går med mora. Å forstå proteinrekneskapet og drøvtyggjaren si rolle er viktig i diskusjonen om korleis vi bør forvalte ressursane våre i ein berekraftig matproduksjon.
– Det er fullt mogeleg å betra proteingevinsten med relativt små justeringar av mengde og type ingrediensar i kraftfôret, fortel forskar Håvard Steinshamn.
Om ein skal leggje opp produksjonen slik at proteinutbyttet blir positivt, må ein redusera bruken av kraftfôr, og det må leggjast meir vekt på betre utnytting av grovfôret. Ifølgje Steinshamn må ein bruke innmarksbeite betre og betre bruken av grovfôr i innefôringstida for å redusere behovet for kraftfôr. Dette krev fokus på gode beiter, høgare kvalitet på vinterfôret og avl på dyr som produserer godt på grovfôr og tilgjengeleg beite. Og ein må sørgje for at søya får eit passe antal lam som ho kan klara å fø sjølv så ein kan bruke mindre mjølkeerstatning.
Norsk sauehald kan altså spele ei viktig rolle i matproduksjonen ved å utnytte beiteområde som ikkje kan dyrkast til menneskemat. I tillegg bidreg beiting positivt til økosystema og kulturlandskapet. Men med små endringar kan sauehaldet bidra endå meir til en berekraftig matproduksjon i Noreg.
KONTAKTPERSON

Formål
Prosjektet Amazing grazing har ei målsetting om betre berekraft i produksjonen av kjøtt og ull frå sau som beiter i norsk utmark.
Finansiering: Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri
Samarbeid: Forbrukerforskningsinstituttet SIFO ved OsloMet og Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK)
KONTAKTPERSON
