Husdyrmøk er gull verdt

Foto: Erling Fløistad
Bondens gull slepp ut klimagassar og forureinar vassdrag. Men det er òg resirkulering av næringsstoff som allereie finst i landbruket og dermed sirkulærøkonomi i beste forstand. Me må berre vita korleis me kan nytta ho best mogleg.
Husdyrgjødsel inneheld ei mengd med næringsstoff, men ikkje all næringa er tilgjengeleg for plantene. I mange tiår har det vorte forska på utnytting av næringsstoff i møk. Likevel meiner forskarane vi framleis treng enno meir kunnskap.
– Tilhøva endrar seg, og difor må me stadig oppdatera kunnskapen. Gardane vert større. Mengda tilførte næringsstoff på garden gjennom kraftfôr og kunstgjødsel endrar seg. Klimaet endrar seg med meir nedbør og mildare vintrar. I tillegg utviklar teknologien seg stadig. Me får andre spreiemetodar og måtar å behandla gjødsla på, som til dømes produksjon av biogass, fortel forskar Åsmund Kvifte.
Nitrogen er i hovudsak det næringsstoffet det er viktigast å gjødsla med for å få store avlingar. Omtrent halvparten av nitrogenet i husdyrgjødsel er i uorganisk form som er direkte tilgjengeleg for plantene. Men det kan gå tapt som gass og forsvinna opp i lufta. Tidleg spreiing kan minska tapa betydeleg. Det same gjeld om ein sper ut gjødsla med vatn slik at ho renn raskare ned i jorda, eller nyttar stripespreiar. Spreiing i sol og vind aukar tapa.
Den andre halvparten av nitrogenet i husdyrgjødsla er i organiske molekyl som sjeldan er direkte tilgjengeleg for plantane. Dette nitrogenet kan byggja opp eit lager i jorda, og plantane treng mikrobar som bryt ned dei komplekse molekyla. Mikrobane vert meir aktive ved høgare temperaturar og nok fukt i jorda. For mykje vatn derimot hindrar frigjering og opptak av næringsstoff.
– Jo betre me kan utnytta gjødsla, jo mindre kunstgjødsel treng me og jo mindre nitrogen endar opp som forureining i staden for som næring til plantene, avsluttar Kvifte.
KONTAKTPERSON

Formål
Ei ny gjødselvareforskrift frå 2024 set strengare grensar for kor mykje husdyrgjødsel bonden kan nytta kvart år. Med nye reglar treng me oppdatert kunnskap og nye måtar å handsama husdyrgjødsla på.
KONTAKTPERSON
