Ikkje lett å bli klok på sjølvforsyning

Foto: Erling Fløistad
Kvart år publiserer NIBIO tal som seier noko om kor sjølvforsynt Noreg er med mat. Sjølvforsyninga har lege på mellom 40 og 50 prosent sidan 1953, og i 2023 var talet 47 prosent. Men reknestykket kan settast opp på ulike vis.
kaloriar eller protein? Og kva med fisken me eksporterer?
Mads Svennerud, seniorrådgjevar i NIBIO, forklarer at NIBIO søkjer å oppretthalde dei same metodane og føresetnadene som blei brukt heilt tilbake til byrjinga på 1900 talet.
– Me reknar ut engrosforbruk slik, forklarer han.
Produksjon + Import – Eksport = Forbruk.
– Tala vert oppgjevne i kilo og energi, noko som gjev skilnad for frukt og grønt. Reknar ein i kilo, utgjorde frukt og grønt ein fjerdedel av det me åt i 2023. Reknar ein i energi vart det berre 5 prosent. Me er ganske sjølvforsynte med produkt frå husdyrhald, mindre med korn og grønt.
I Hurdalsplattforma frå 2021 har regjeringa eit mål om 50 % sjølvforsyning, korrigert for import av fôrråvarer. At talet skal korrigerast for import av fôr, er nytt. Svennerud understrekar at Noreg òg importerer andre ting, som arbeidskraft og maskinar.
Sjølvforsyningsmålet seier ikkje om ein skal måla i energi, kilo eller noko anna. Ein kunne nytta andre måleeiningar. Til dømes er protein og vitamin særs viktige for folkehelsa.
Sjølvforsyningsgraden syner kor mykje av engrosforbruket av matvarer som kjem frå norsk produksjon slik folks matvanar er i dag, men me har fleire omgrep. Dekningsgraden syner kor mykje matenergi me ville hatt om maten som me eksporterer vart nytta i Noreg. Det gjeld fyrst og fremst fisk. Sjølvforsyningsevna tek i tillegg omsyn til moglegheita for å leggja om kosthaldet til meir plantebasert. Mykje korn som no vert nytta til dyrefôr, kunne ha vorte nytta til menneskjeføde.
KONTAKTPERSON

Formål
Med ein stadig meir anspent geopolitisk situasjon og auka fare for ekstremvêr og katastrofer blir matberedskap stadig viktigare. NIBIO syrgjar for at Noreg har oversikt over sjølvforsyningsgraden av mat ut frå ulike føresetnader.
Finansiering: Helsedirektoratet og KU-midler (LMD)
KONTAKTPERSON
