Verktøy for planarbeid: Nytt arealbarometer
Statistikk og grafikk som viser arealressursane i kommunar og fylke er samla i det nettbaserte arealbarometeret lansert i 2019. Det gir oversikt over produksjonsgrunnlaget for jord- og skogbruk i Noreg.
– Også bruken av jordbruksareala er vist i barometeret, fortel prosjektleiar Ingrid M. Tenge. Kor mykje areal som er i bruk til ulike vekster og husdyrhald er henta frå Landbruksdirektoratet sine søknader om tilskot.
Informasjon frå barometeret blir brukt i planarbeid, utgreiingar og politiske prosesser, og er dermed eit nyttig hjelpemiddel i samfunnsforvaltninga. Journalistar og allmenta er også i målgruppa.
Ei viktig kjelde for barometeret er det detaljerte arealressurskartet AR5, eit nasjonalt kart over produksjonsgrunnlaget. Fjellområde som ikkje er kartlagde på AR5-nivå, er supplerte med informasjon frå det ‘grovare’ kartet AR50.
Barometeret dokumenterer også kvaliteten på jordbruksareala i kommunar som er jordsmonnkartlagde. I tillegg er areal som kan dyrkast opp til fulldyrka jord tatt med. Det er jord som potensielt kan bli matjord og som innfrir krav til klima og jordkvalitet for plantedyrking. Barometeret viser kor mykje som er dyrkbar jord og kva ho er i dag – eksempelvis skog, myr eller innmarksbeite.
Tala bak arealbarometeret er henta frå ulike temakart som NIBIO utarbeider og som ein finn i kartportalen Kilden. Ein kan klikke seg inn på karta via barometeret.
Det nye arealbarometeret er dynamisk og blir oppdatert automatisk når endringar skjer i databasane som barometeret hentar informasjon frå.
Prosjektleiar Tenge er letta over at den tidlegare manuelle og arbeidskrevjande arbeidsmåten med å utarbeide arealbarometeret no har fått avløysing.
KONTAKTPERSON
Ingrid Tenge
Seniorrådgiver
-
Divisjon for kart og statistikk
(+47) 901 04 465 ingrid.tenge@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg O43
Føremål
Å samanstille statistikk frå ulike fagområde og kjelder for å gi samla oversikt over ressursgrunnlaget for jord- og skogbruk i Noreg.
Finansiering: Landbruks- og matdepartementet
KONTAKTPERSON
Ingrid Tenge
Seniorrådgiver
-
Divisjon for kart og statistikk
(+47) 901 04 465 ingrid.tenge@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg O43