Skogportalen sikrer hogst og miljø
Den nye kartløysinga Skogportalen gir miljøinformasjon frå ulike databaser samla på ein nettstad. Enten ein driv næring i skog, eller ein forvaltar miljøregelverket, trengs oppdatert og relevant informasjon.
I Skogportalen er data om ulike naturtypar og artar som finst i skog sortert ut etter gjeldande miljøregelverk. Den nye nettstaden vart lansert hausten 2015 og er møteplass for alle som søker informasjon om tilhøva i skog. Her finn næringsinteresser, miljøinteresser og forvaltning relevant dokumentasjon for ulike føremål. Alle partar har tilgang til same informasjon.
Skogbruket har gjennom mange år samla statistikk og kunnskap om skog. I Skogportalen blir denne datafangsten knytt til annan relevant miljøinformasjon, og delt med verda på ein ny måte. All relevant miljøinformasjon for skogforvaltninga er no samla på ein stad.
– Å vise samfunnet korleis norsk skogbruk forvaltar skogressursane og tar ansvar for miljøet, er heilt sentralt i denne nyvinninga, seier avdelingsdirektør Ivar Ekanger i Landbruks- og matdepartementet om det nye kartet.
Utsorteringa av miljø- og plandata som finst i Skogportalen, er gjort etter lover og forskrifter som gjeld forvaltning av skog og naturmangfald. Det inneber oversikt over miljøregistreringar og aldersklasser for skog, saman med artar og naturtypar som finst der. Kulturminner, høgdekurver og verneområde inngår og i datagrunnlaget.
Eit breitt samarbeid mellom forvaltning og næring gjort mogleg den nye løysinga som er utvikla som ein del av NIBIO si karttenesta Kilden.
KONTAKTPERSON
Formål
Å tilby eit nyttig verktøy for velfunderte og kloke val når skogressursane skal nyttast, samstundes som biologisk mangfald skal takast vare på.
Samarbeid: Landbruks- og matdepartementet, Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet, Artsdatabanken
Finansiering: Landbruksdirektoratet, Utviklingsfondet for skogbruk
KONTAKTPERSON