Hopp til hovedinnholdet

Mjølkerobot – viktig i moderne landbruk

31-56-Mjølkerobotsak_Foto-Lely

Foto: Lely

Når spørsmålet er effektivisering av jordbruket, auka fleksibilitet for bonden og trivsel for dyra, kan mjølkerobot vere svaret.

Han er definitivt gått inn som ein del av kvardagen til mange som driv mjølkebruk, og representerer ny teknologi i jordbruket. Derfor er det interessant å samanlikne drifta til bruk med og utan robot. Kva konsekvensar har det å leggje om til robotbruk?   

Meir tid og mindre pengar med robot 

I Noreg aukar talet på mjølkerobotar med nærare 200 per år. Studien tyder på at det i stor grad er sosiale drivarar som ligg bak valet om å gå over til robotbasert mjølkeproduksjon.

Mjølkerobot gir meir produksjon for mindre bruk av tid, og auka fleksibiltet for bonden. Økonomien til bruka med robot er svakare enn for dei utan, både når det gjeld økonomisk resultat før avskrivingar og målt som vederlag per årsverk.

Ein bonde med robot brukar gjennomsnittleg 10 timar mindre tid årleg per ku, men får 700 kilo meir mjølk per dyr, det vil seie 8100 kilo per årsku. Bruka utan robot gjer det betre økonomisk, (2014-tal).

– Når vi for andre året på rad ser same resultat, kan vi med større tryggleik seie at det er forskjellar å feste lit til, seier Jostein Vasseljen, driftsgranskar og økonom i NIBIO Trondheim.

Stor variasjon internt i robotgruppa

Innan gruppa der alle har robot,  er det tydelege skilnader i økonomisk resultat utan at enkelte faktorar peikar seg spesielt ut som forklaring.  

– Summen av mange små skilnader med same forteikn ser ut til å gi eit samla utslag for kor ein hamnar, seier Vasseljen. Til sjuande og sist ser det ut til å vere kvaliteten på bedriftsleiinga som utgjer forskjellen.

Skilnaden utgjer knapt ein halv million kroner meir som vederlag per årsverk til dei som driv best i gruppa der alle har robot.

 

Føremål

Studie for å undersøke og samanlikne økonomien i bruk med og utan mjølkerobot, basert på tal frå utvalde bruk i NIBIOs driftsgranskingar

Finansiering: Kombinasjon av statlege og private midlar