Hopp til hovedinnholdet

Avgjerdsstøtte for bladflekksjukdomar i kveite

24-33-Davgjerdsstotte-Foto SED

Foto: Siri Elise Dybdal

Frå i år er ein ny risikomodell for bladflekksjukdomar i kveite tilgjengeleg for kornprodusentar på VIPS si nettside.

Bladflekksjukdomar som kveitebladprikk, kveiteaksprikk og kveitebrunflekk, kan føre til betydeleg reduksjon i avling og kvalitet i kveite. Sjukdomane overlever på planterestar i jord mellom vekstsesongane. Kveiteaksprikk og kveitebrunflekk kan og overførast til småplanter med smitta såkorn.

Desse sjukdomane er svært klimaavhengige, så temperatur og fuktigheit har mykje å seie for utviklinga av symptom og spreiing i åkeren. Risikomodellar som varslar om angrep kan gjere det enklare å vurdere behov for sprøytemiddel mot soppsjukdomar før symptoma har spreidd seg i åkeren. Målet er at bonden får auka inntekt med minst mogleg innsatsfaktorar, ressursbruk og kostnader.

No er ein ny varslingsmodell for bladflekksjukdommar i kveite tilgjengeleg på VIPS si nettside. NIBIO-forskar Andrea Ficke fortel at Risikomodellen for angrep av bladflekksjukdommar er utvikla frå norske feltdata over 15 år, kryssvalidert og inkludert i feltforsøk i 2022.

– Treffsikkerheita har vore veldig bra og modellen er tilgjengeleg for rådgjevarar og korndyrkarar via VIPS-nettsidene. Modellen vurderer risiko for angrep av kveiteaksprikk basert på fukt og temperatur ved busking og ved holkstadiet, seier ho.

Ein annan risikomodell frå SEGES i Danmark, kunn basert på timer med høg fukt, har vore tilgjengeleg i VIPS sidan 2020.

Den gamle VIPS-modellen «bladflekksjukdomar i vårkveite» frå 2001 blir avvikla.

Med førebyggande tiltak som vekstskifte, pløying, bruk av frisk såvare og val av sortar som er mindre mottakelege for bladflekksjukdommar og bruk av risikomodellar for sjukdomsangrep håper ein å auke avlinga og samtidig optimere kjemiske tiltak til eit naudsynt minimum, avsluttar ho.

 

Formål

Avgjerdsstøtte for bladflekksjukdomar i kveite.

Samarbeid: Norsk Landbruksrådgivning NLR

Finansiering: Delfinansiert av SmartCrop (Forskningsrådet) og av kunnskapsutviklingsmidler for IPV