Ny invaderande soppart angrip furu i Noreg
Diplodia sapinea er ein framand, invaderande soppart som skadar bartre. Furu er særleg utsett og soppen har forårsaka store tap for skogbruket og planteskular i Sør-Europa. I august 2020 vart eit større utbrot av soppen oppdaga i Noreg.
Lokalt kan soppen spreie seg med sporar i forbindelse med nedbør eller ved at ulike insekt drar med seg sporane. Over lengre avstandar skjer spreiinga via handel med infiserte planter eller frø.
Soppsjukdomen kan føre til store tap for skogbruket, men og for skogplanteskular fordi den kan vere frø-overført og dermed øydelegge frøplantar. Soppen er vanleg i Sør-Europa, men har dei siste åra bevegd seg lenger nord, sannsynlegvis som eit resultat av global oppvarming. I 2013 blei han oppdaga i Sverige, og har sidan ramma vanleg furu fleire stader i vårt naboland.
I Noreg er det gjort nokre få sporadiske funn av soppen tidlegare, men med svært avgrensa skadeomfang.
– Først i 2020 fann vi eit større utbrot av soppen på stressa og døande vrifuru i Nordskogen i Ås kommune, fortel Venche Talgø, forskar ved NIBIO.
– Dette angrepet kan ha blitt forsterka av tørken som var i 2018, seier forskaren.
For å forhindre vidare spreiing av soppen til andre furuartar og gran, blei heile plantinga med vrifuru felt i vinter og like før påske blei greiner og bar brent på staden.
Martin Pettersson, forskar ved NIBIO påpeikar at D. sapinea er ein framand soppart i Noreg og ein potensiell trussel mot våre viktigaste skogstre som er vanleg furu og gran. Men det finst også mange andre utsette artar av furu i grøntanlegg, parkar og privathagar, til dømes bergfuru, dvergfuru, gullfuru, sibirfuru og silkefuru.
– Fleire av desse kan vere sensitive for infeksjon av D. sapinea fordi dei ikkje er fullt tilpassa vårt norske klima.
KONTAKTPERSON
Venche Talgø
Forsker
-
Divisjon for bioteknologi og plantehelse
(+47) 920 69 664 venche.talgo@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg H7
Føremål
Å få meir kunnskap om Diplodia sapinea i Noreg.
Fiansiering: Landbruksdirektoratet gjennom programmet «Tilskudd til genressurstiltak - husdyr, planter og skogtrær».
KONTAKTPERSON
Venche Talgø
Forsker
-
Divisjon for bioteknologi og plantehelse
(+47) 920 69 664 venche.talgo@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg H7