Hopp til hovedinnholdet

Gule billelarver i potet skadar avlingar

11-33-erfl-20180918-180249

Foto: Erling Fløistad

Avlingstap forårsaka av kjølmark i potet aukar i Noreg og internasjonalt. Men det er få gode strategiar for nedkjemping. Ny forsking skal gje meir kunnskap.

Kjølmark er larven til smellarbilla. Den livnærer seg av røter, stenglar og knollar på potet og andre rotvekstar. Kjølmarken reduserer avlinga og kvaliteten ved å lage hol, tunnelar eller overflatesår og arr. Den kan også gjere skade på korn.

Avlingstap på grunn av kjølmark i potet har i dei seinare åra auka i omfang i fleire europeiske land, også i Noreg. Men kor mange og kva slags artar som gjer skade her i landet er ikkje klart. Vi har heller ikkje gode nok strategiar for nedkjemping av denne problematiske skadegjeraren. Fram til 1990-talet bestod kjølmarkskontrollen hovudsakeleg av bruk av syntetiske insektmiddel. Dei fleste av desse er no forbode.

No leier Annette Folkedal Schjøll, forskar ved NIBIO, eit forskingsprosjekt som skal kartleggje og innhente kunnskap om kjølmark, med mål om å betre overvakinga og finne nye tiltak for nedkjemping.

Prosjektet samlar inn larvar og vaksne biller for å sjå kva slags artar som finns og kor mykje som er til stades.

– Så langt ser vi at det er fleire artar og andre artar enn det vi trudde i utgangspunktet. Vi har også påvist at desse gjer skade, forklarar NIBIO-forskaren.

Det betyr at bilete er litt annleis enn det forskarane har trudd – det er andre artar som gjer skade og som dei ikkje kjenner livssyklusen til. Men dei veit det kan vere stor variasjon. Dette kan ha betyding for korleis ein bør handtere kjølmarksproblemet,

Ho fortel at dei også har fått eit aukande tal førespurnadar om kjølmark i korn:

– Skade på korn går ofte under radaren, ein trur det er nematodar eller dårleg spiring. Men om ein grev litt i jorda, finne ein kjølmarklarvar. Det såg vi i fjor, seier forskaren.

 

Formål

Kartleggje og innhente kunnskap om kjølmark, med mål om å betre overvakinga og finne nye tiltak for nedkjemping.

Samarbeid: Norges miljø og biovitenskapelige universitet (NMBU), BAMA, Gartnerhallen, Norsk Landbruksrådgiving, og tre potetprodusentar

Finansiering: «Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri» og næringen v/BAMA, Gartnerhallen SA og potetprodusenter