Hopp til hovedinnholdet

Gule billelarver i potet skadar avlingar

mobil2_cropped

- Vi manglar oppdatert kunnskap om kva slags kjølmaksartar som er mest skadelege i norsk potetproduksjon, og om livssyklus og vertspreferansar, seier Annette Folkedal Schjøll, forskar ved NIBIO. Ho leiar eit forskingsprosjekt som skal kartleggje og innhente kunnskap om kjølmark, med mål om å betre overvakinga og finne nye tiltak for nedkjemping. Foto: Siri Elise Dybdal

Avlingstap forårsaka av kjølmark i potet aukar i Noreg og internasjonalt. Men det er få gode strategiar for nedkjemping. Ny forsking skal gje meir kunnskap.

Kjølmark er larven til smellarbilla. Den livnærer seg av røter, stenglar og knollar på potet og andre rotvekstar. Kjølmarken reduserer avlinga og kvaliteten ved å lage hol, tunnelar eller overflatesår og arr. Den kan også gjere skade på korn.

Avlingstap på grunn av kjølmark i potet har i dei seinare åra auka i omfang i fleire europeiske land, også i Noreg. Kor mange og kva slags artar som gjer skade her i landet er imidlertid ikkje klart. Vi har heller ikkje gode nok strategiar for nedkjemping av denne problematiske skadegjeraren.

 

Rask auking

Fram til 1990-talet bestod kjølmarkskontrollen hovudsakeleg av bruk av syntetiske insektmiddel.

- Dei fleste av desse er no forbode, hovudsakeleg på grunn av miljø- og helseproblem. I Noreg har skadar frå kjølmark så langt vore eit mindre problem, men vi ser tendensar til auking i ei alarmerande fart. Samstundes manglar vi oppdatert kunnskap om kva slags kjølmaksartar som er mest skadelege i norsk potetproduksjon, og om livssyklus og vertspreferansar, seier Annette Folkedal Schjøll, forskar ved NIBIO.

Ho leier eit forskingsprosjekt som skal kartleggje og innhente kunnskap om kjølmark, med mål om å betre overvakinga og finne nye tiltak for nedkjemping. NMBU, BAMA, Gartnerhallen, Norsk Landbruksrådgiving, og tre potetprodusentar er bidragsytarar.

Folkedal Schjøll fortel at prosjektet allereie har fått merksemd frå Sverige og Danmark der ein er interesserte i å høyre om resultata.

- Så det tydar på at dette er eit problem ein manglar kunnskap om.

SKS_0159 (1) - foto Svein Skøyen.jpg
Avlingstap på grunn av kjølmark i potet har i dei seinare åra auka i omfang i fleire europeiske land, også i Noreg. Foto: Svein Skøyen

Samlar inn larvar

No samlar prosjektet inn larvar og vaksne biller for å sjå kva slags artar som finns og kor mykje som er til stades.

-Så langt ser vi at det er fleire artar og andre artar enn det vi trudde i utgangspunktet. Vi har også påvist at desse gjer skade. Det betyr at bilete er litt annleis enn det vi har trudd – det er andre artar som gjer skade og som vi ikkje kjenner livssyklusen til. Men vi veit det kan vere stor variasjon. Dette kan ha betyding for korleis ein bør handtere kjølmarksproblemet, forklarar NIBIO-forskaren.

Ho fortel at dei har fått eit aukande tal førespurnadar om kjølmark i korn:

- Korn og potet dyrkast ofte i omlaup i Noreg – og dette kan vere problematisk. Egglegging skjer i korn og andre grasvekstar. Larvane som klekk et på røtene. Dei lever fleire år i jorda og angrip det meste som blir dyrka på arealet. I korn vises det som dårleg spiring, vekst og lågare avling. I potet og rotvekstar gneg larvene hull og tunellar i det salbare produktet slik at det ikkje kan seljast som menneskemat.

- Skade på korn går ofte under radaren, ein trur det er nematodar eller dårleg spiring. Men om ein grev litt i jorda, finne ein kjølmarklarvar. Det såg vi i fjor, seier Folkedal Schjøll.

erfl-20180918-180249.jpg
Forskarane har påvist fleire artar og andre artar av kjølmark enn det ein trudde i utgangspunktet. Det har også blitt påvist at desse gjer skade. No oppfordrar forskarane produsentar og interessentar som har problem med kjølmark i potet å sende inn larvar til NIBIO på Ås. Foto: Erling Fløistad

Treng hjelp

Ho fortel at ein i Canada har gjort forsking på vekstar ein kan bruke for å innskrenke bestanden.

- Det viste seg at kjølmarken lever dårleg på sareptasennep og bokkveite, og at dette kan redusere omfanget i åkeren. Blir dette eit kjempestort problem er det kanskje ein mogleg veg å gå.

Elles seier forskaren at det er viktig å vite at det kan bli meir larver med redusert jordarbeid. Opploging øydeleggjar nemleg ein del larver og larvepuppene før de blir vaksne.

Ho oppfordrar produsentar og interessentar som har problem med kjølmark i potet å sende inn larvar til Bioteknologi og Plantehelse ved NIBIO på Ås (NIBIO v/A.F.Schjøll, Høgskolevegen 7, 1433 Ås).

- Grav opp og send inn til oss. Vi treng å vite kor (stadnamn, GPS-koordinat e.l.) og kva slags kultur det er der kjølmarken er funne. Vi ønskjer primært kjølmark frå potetareal eller areal det har vore dyrka potet eit av dei siste 2-5 åra, avsluttar Folkedal Schjøll.

Bilde1_logo_forskn.midl..png
To_arter_kjolmark_afs_cropped.jpg
To ulike artar av kjølmark som ennå ikkje er sikkert artsbestemt. Foto: Annette Folkedal Schjøll

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.