Hopp til hovedinnholdet

Mikroalgar – eit hav av moglegheiter

7-41-Chlorella

Foto: Nina Nagy

Eit stort forskingsprosjekt ledet av NIBIO skal sjå nærare på potensialet for storskaladyrking og spennande moglegheiter for bruk av protein, feittsyrer og karbohydrat frå mikroalgar som ingrediens i mat, drikke og fiskefôr.

Det er forventa at jordas befolkning vil vekse til 9 milliardar i 2050, og behovet for protein og umetta feittsyrer i kosten er sterkt aukande. I dag vert mykje av protein- og feittsyrebehovet i mat dekt frå dyr og fisk som lever høgt oppe i dei økologiske næringskjedane.

– I den nye bioøkonomien vil det vere viktig å effektivisere produksjonen ved at ein større del av desse stoffa blir tatt ut frå eit lågare trofisk nivå. Mikroalgar er eit verdifullt eksempel på dette, seier Stig A. Borgvang, avdelingsleiar i NIBIO. 

Dei neste fire åra skal NIBIO leie ALGAE TO FUTURE-prosjektet med 20 forskings- og næringspartnarar frå inn- og utland. Målet er å leggje grunnlag for ein industriell produksjon av mikroalgar i Noreg, som kan nytte eksisterande avfallsstraumar frå produksjonslinjer innan landbruk, akvakultur og prosessindustri. Prosjektet er så langt vi veit eit av dei største på mikroalgar i Noreg nokon gong.

Du kan dyrke mikroalgar overalt, alt dei treng er sollys, vatn og næring. Produksjonen er miljøvenleg og målet er å bidra til å gjera den berekraftig. Mikroalgane har dessutan høgt innhald av blant anna protein, mineralar, vitaminar, antioksidantar og fleirumetta feittsyrer. 

Borgvang fortel at prosjektet skal utvikle gode produksjonsløysingar for å produsere mikroalgar i laboratorie- og pilotskala som grunnlag for framtidig storskalaproduksjon. Ekspertise innan mikroalgeteknologi, stressfysiologi, bioraffinering, matkvalitet, matsikkerheit, bioøkonomi, fiskefôr og brødbaking skal samvirke for å finne fram til gode tekniske og  industrielle løysningar som kan skape ein framtidig mikroalgebasert produksjon innan landbruk, havbruk og prosessindustri. Så skal ulike brukargrupper prøve ut algeprodukta.

 

Formål

Å leggje grunnlag for ein industriell produksjon av mikroalgar i Noreg, som kan nytte eksisterande avfallsstraumar frå produksjonslinjer innan landbruk, akvakultur og prosessindustri.

Samarbeid: Prosjektet er leia av NIBIO i samarbeid med 20 nasjonale og internasjonale forsknings- og industripartnarar

Finansiering: Noregs Forskingsråd