Mikroalgar – eit hav av moglegheiter

Chlorella vulg SAG 211-1b_Chlorella vulg015_ch00_cropped.jpg

Eincella grønalgar av arten Chlorella vulgaris. Foto: Nina Nagy, NIBIO.

Næringsrikt algebrød og algeøl er produkt som kan stå i butikkhyllene om nokre år. Eit stort forskingsprosjekt i regi av NIBIO skal sjå nærare på potensialet for storskaladyrking og spennande moglegheiter for bruk av mikroalgar som ingrediens i mat, drikke og fiskefôr.

Det er forventa at jordas befolkning vil vekse til 9 milliardar i 2050, og behovet for protein og umetta fettsyrer i kosten er sterkt aukande. 

I dag vert mykje av protein- og feittsyrebehovet i mat dekt frå dyr og fisk som lever høgt oppe i dei økologiske næringskjedane.

- I den nye bioøkonomien vil det vere viktig å effektivisere produksjonen ved at ein større del av desse stoffa blir tatt ut frå eit lågare trofisk nivå, ved bruk av fotosyntetiske organismar. Mikroalgar er eit verdifullt eksempel på dette, seier Stig Borgvang, avdelingsleiar i NIBIO. 

Dei neste fire åra skal NIBIO leie ALGAE2FUTURE-prosjektet - eitt stort forskingsprosjekt med 21 forskings- og næringspartnarar frå inn- og utland. Prosjektet er finansiert av Noregs Forskingsråd. Målet er å leggje grunnlag for ein industriell produksjon av mikroalgar i Noreg, som kan nytte eksisterande avfallsstraumar frå produksjonslinjer innan landbruk, akvakultur og prosessindustri. 

Prosjektet har ein prislapp på 55 millionar kroner og er så langt vi veit eit av dei største på mikroalgar i Noreg nokon gong. Kanskje kan mikroalgar i framtida bli ein viktig ingrediens i mat, drikke og fôr til fiskeoppdrett?

ef-20170119-105209.jpg
Algeforskar Kari Skjånes. Foto: Erling Fløistad.

Produksjon utan bruk av jordbruksmark

- Du kan dyrke mikroalgar på ein jordknaus eller i ein gamal låve - alt dei treng er sollys, vatn og næring. Produksjonen er miljøvenleg og målet er å bidra til å gjera den berekraftig.

Mikroalgane har dessutan høgt innhald av protein, mineralar, vitaminar, antioksidantar og fleirumetta feittsyrer, seier Borgvang. 

- Gjennom samarbeid mellom forsking, industri og forbrukarar skal vi vise at det er mogleg å produsera og bruka mikroalgar i framtidas mat- og fôrproduksjon - også her i Noreg, fortel algeprosjektleiaren.

- Visjonen er at vi om 10-15 år skal ha ei bærekraftig algenæring i Noreg, seier han. 

Borgvang fortel at NIBIO og partnarar skal utvikle gode produksjonsløysingar for å produsere næringsrike algar i laboratorie- og pilotskala som grunnlag for framtidig storskalaproduksjon. Ekspertise innan mikroalgeteknologi, stressfysiologi, bioraffinering, matkvalitet, matsikkerheit, bioøkonomi, fiskefôr og brødbaking skal samvirke for å finne fram til gode tekniske og  industrielle løysningar som kan skape ein framtidig mikroalgebasert produksjon innan landbruk, havbruk og prosessindustri. Så skal ulike brukargrupper prøve ut algeprodukta.

 

Uutnytta potensiale

Næringsinnhaldet til mikroalgane gjer dei til ein veleigna ingrediens i helsekostprodukt så vel som fiskefôr. Det er hovudsakleg i slike produkt dei har vore nytta til no, men det er også stort uutnytta potensial for å anvende mikroalgar i matprodukt. 

- Mikroalger har eit heilt unikt næringsinnhald. Det er potensielt den mest verdifulle næringskjelda vi har - og i all fall den mest uutnytta i Noreg og globalt sett. Det har mykje med tradisjon å gjere, og historisk sett er det berre isolerte eksempel på bruk av mikroalgar som en del av kostholdet. Men dette har også med dyrkingsteknologi å gjere. I dag er produksjonen relativt låg og knytt til nokre få produkt, opplyser algeforskar Kari Skjånes frå NIBIO. 

Ho seier produksjonen rett og slett vert for dyr slik stoda er i dag.

- Ein stor del av mikroalgeproduksjonen i verda har gått føre seg i opne dammar, ikkje i lukka system. Det har gjort at produktet har blitt dårleg med forureining av sopp, bakteriar og andre forureiningar frå lufta.. Ein har vore opptatt av å dyrke opp algebiomasse fortast mogleg for å få eit produkt som er så billeg som råd. Produksjonen er retta mot ei smal nisje i marknaden. 

Men i dei siste åra har det skjedd ei utvikling. Ein større del av mikroalgeproduksjonen går føre seg i lukka dyrkingssystem. Produksjonen har blitt effektivisert, og interessa for potensialet til mikroalgane veks blant potensielle næringsaktørar, men det er framleis utfordringar med å optimalisera biomassekomposisjon. Difor skal forskarane skal teste ut kva slags faktorar som gjev dei beste resultata.

Tetra SAG26_Tetra-004_ch00.jpg
Grønalgen Tetraselmis chui. Foto: Nina Nagy, NIBIO.

Viktig med næringskomposisjon

- Vi skal kome fram til ein prosess der vi produserer algebiomasse som har et næringsinnhald spesifikt retta mot bestemte produkt. Lys, pH, temperatur og næringssamansetning i dyrkingsmediet er då viktige faktorar. Og vi skal skalere opp prosessen frå laboratoriestadiet til pilotskala, forklarar algeforskaren. 

I prosjektet har forskarane også valt ut tre ulike «case studies» - brød, øl og fiskefôr - for å vise at det er mogleg å lage produkt med mikroalgar som folk vil ha. Forskarane skal mellom anna samarbeide med Råde Bakeri & Konditori, ølprodusenten Nøgne Ø i Grimstad, fiskefôrprodusenten Europharma i Finnmark, og fiskeolje/fiskemelprodusenten Vital Seafood As på Stranda. I samarbeid med UniResearch i Bergen skal dei også dra nytte av fasilitetane for dyrking av mikroalgar på Mongstad med avløpsgass som karbonkjelde til fotosyntesen.

- Her får vi teste ut mikroalgeproduksjon i større skala, seier ho. 

I tillegg skal dei utvikle eit nettverk av fotobioreaktorar for algedyrking tilpassa fleire eksisterande produksjonslinjer i landbruk, havbruk og prosessindustri.  

- Det er svært viktig for dei kommersielle partnarane våre at vi kjem fram til noko som forbrukarane vil ha – noko dei kan marknadsføre og selje, påpeikar Skjånes. 

Innføring av mikroalgedyrking i landbruket vil bli uttesta i ein pilotstudie ved gardsbruk i Stryn og vil vere leia av Folven gaard. Pilotforsøka vil bli følgt av ein livssyklusanalyse for å kunne vurdere både miljøeffektane og effektane på andre produksjonslinjer i gardsbruk for mjølk og kjøtproduksjon. 

KONTAKTPERSON
ALGAE2FUTURE- prosjektet

Prosjektet er leia av NIBIO i samarbeid med 21 partnarar, mellom anna internasjonale partnarar frå Nederland, Portugal, Spania, Belgia og Japan. 

Prosjektet er finansiert av Noregs Forskingsråd. 

 

Mikroalgar

Mikroalgane er eincella organismar som utgjer næringsgrunnlaget for det aller meste av livet i havet. Mikroalgane står for mellom 70 og 80 % av all oksygen i atmosfæra. Dei finst overalt der det er eigna livsvilkår – nok lys og tilstrekkeleg med vann eller fuktigheit. 

Kjelde: Norsk Algeforening.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.