Ullensvang

NIBIO Ullensvang ligg i landets største fruktbygd, Lofthus ved Sørfjorden i Indre Hardanger. Forsøksstasjonen vart etablert i 1949 for å løyse fruktbøndene sine problem i frukthagen. Den same målsetjinga ligg til grunn for arbeidet ved NIBIO Ullensvang i dag. Me er tolv tilsette knytt til stasjonen som til saman dekkjer fagområde knytt til heile verdikjeda; frå jord og heilt fram til bord.

Forsking og utvikling (FoU)

I dag er dei viktigaste FoU-oppgåvene knytt til jord og gjødsling, fruktsortar, treforming og tynning, lagringsmetodar, økologisk fruktdyrking, foredling av frukt til drikke, genetiske studiar, pollinering og effektiv og miljøvennleg kontroll av skadeinsekt og soppsjukdomar. Produksjon av larver til protein er eit nytt forskingsfelt på stasjonen. Forskarane har ulik fagbakgrunn, men har alle frukt som fellesnemnar. Det gjev oss ei unik mogelegheit til heilskapleg tilnærming til problemstillingar i fruktdyrkinga.
 

Forsøksfelt og jordressursar

NIBIO Ullensvang ligg på Ullensvang Prestegard. I tillegg paktar me to gardsbruk i nærleiken. Til saman disponerar forsøkstasjonen om lag 80 dekar fruktareal. Det er plantingar av eple, pære, plomme og søtkirsebær som er planta med tanke på FoU. På eit av forsøksfelta er det 9 tunnellar som eignar seg for kontrollerte feltforsøk, eit anna er dekka av Voen-system mot nedbør og insekt. Forsøksstasjonen har både økologiske og konvensjonelle fruktplantingar.

 

Bygg og infrastruktur

Kontorbygningen frå 1960 er fornya og utvida i fleire omgangar og inneheld i dag kontor, bibliotek, møterom og kantine. Driftsbygningen er frå 1999 og rommar både biologisk og kjemisk laboratorium med utstyr for kjemiske analysar av fruktkvalitet, luper og mikroskop, PCR utstyr og moglegheit for kontrollerte forsøk med insekt og soppsjukdomar. Det er vidare seks kjøleceller av ulike storleik der både temperatur og atmosfære kan modifiserast. Det er fem klimaskap som eignar seg for oppal av planter og insekt der lys, temperatur, luftfuktigheit og døgnlengde kan justerast. Driftsbygningen har stor pakkesal, god lagringsplass, verkstad og garasjeanlegg.


Nettverk og samarbeidspartar

NLR Vest leiger kontorplass for tre medarbeidarar på NIBIO Ullensvang. NLR er ein viktig samarbeidspart i FoU-arbeidet. Ullensvang har nært samarbeid med fruktnæringa, særleg er fruktlagera viktige samarbeidspartar. Vidare er mellom anna Hordaland Fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland, Universitetet i Bergen, NOFIMA, NIFES, Vestlandsforsking, NMBU, andre NIBIO stasjonar og fleire utanlandske forskingsinstitusjonar viktige samarbeidspartar.

Atj_2013-2193 Kontorbygg.jpg
Kontorbygget i Ullensvang. Foto: Anette Tjomsland
NIBIO Ullensvang

Ullensvang forskningsstasjon ligger i Lofthus ved Sørfjorden i Indre Hardanger.
 
Adresse: NIBIO Ullensvang. Ullensvangvegen 1005, 
NO-5781 LOFTHUS

Temperatur i vekstsesongen (Fra 1.5.2014 til 30.9.2014): 15 °C

Gjennomsnittlig årstemperatur: 6 °C

Gjennomsnittlig årsnedbør: 1350 mm.

Vekstdøgn: 153

Graddager: 2284,5

Tenester me kan tilby

  • Kontorplass og møtelokale
  • Kjølar der både temperatur og atmosfære kan modifiserast
  • Biologisk laboratorium med luper, mikroskop, sterilrom, PCR-utstyr og moglegheit for kontrollerte forsøk med soppsjukdommar og skadedyr.
  • Kjemisk laboratorium med moderne utstyr og kompetanse for kvalitetsanalysar av frukt, bær og drikke.
  • Økologiske og konvensjonelle forsøksfelt
  • Forsøksfelt med alle fruktslag
  • Vêrstasjon
  • Høg kompetanse i utføring av feltforsøk, kjemisk- og biologisk arbeid

 

Fagavdelingar i Ullensvang

Frukt og grønt Skadedyr og ugras Soppsjukdommer
Atj_2013-2069 Laboratiorieutsikt.jpg
Sortsprøving av plommer i laboratoriet. Foto: Anette Tjomsland
 
NIBIO paktar Prestegarden i tillegg til to andre gardsbruk i nærleiken. Om lag 45 dekar er tilplanta med frukt. Stasjonen har ni plasttunellar over eit areal på om lag fem dekar. I dag vert dei nytta til morell og plommeplantingar.

Området er svært godt eigna for fruktdyrking, med fjell som skjermar og fjorden som varmemagasin. Grunnen består hovudsakeleg av sedimentære bergarter med næringsrik skredjord og morene. 
 

Nettverk

Stasjonen har nær kontakt med næring, forvalting og forskingsmiljø i inn og utland. Me samarbeider mellom anna med Norsk landbruksrådgjeving (NLR), Njøs Næringsutvikling, Graminor, Gartnerhallen, BAMA, Sagaplant, Fylkesmannen og Fylkeskommunen. Fruktlagera i Noreg er særleg viktige samarbeidspartar.  Me har forskingssamarbeid med nasjonale forskingsmiljø som til dømes Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU), Universitetet i Bergen (UiB), Vestlandsforsking og Nasjonalt institutt for ernæring- og sjømatforskning (Nifes). Me har også eit omfattande internasjonalt forskingssamarbeid med universitet og forskingsinstitutt over heile verda.

ef-20170522-125258-2.jpg
Fruktblomstring i Ullensvang. Foto: Erling Fløistad